Kronikk

Når historia ryddar, lever menn på soklar farleg | Andreas Skartveit

  • Andreas Skartveit
    Tidligere forlagssjef og fjernsynsdirektør

Å rive ned store menn frå soklane sine er veletablert historisk praksis, skriv Andreas Skartveit. Illustrasjon av Arne Nøst

Samtida let aldri fortida vere i fred. Då lever menn på soklar farleg.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi lever i ei farleg tid for bautasteinar. Store menn som i årevis har trona trygt på soklane sine, blir rivne over ende. Andre, som framleis står der, har fått signal om at dei står utrygt. Å velte ein bauta er ei mangfaldig protesthandling.

Det er ein protest mot mannen (dei er alle menn) på sokkelen og det han stor for. Det er også ein protest mot dei som reiste bautaen, og det dei stor for. Og det er ein protest mot den gyldige og etablerte historia. Og denne bautaveltinga illustrerer ei gammal sanning: Fortida er nådelaust og forsvarslaust i hendene på nye ettertider som ustanseleg kjem.

Bautavelting er historia vel kjend med. Josef Stalin var velta i Budapest i 1956. Saddam Hussein vart velta i Bagdad i 2003. Dei er av mange maktmenn som hamna på bakken.

Makta som var

Rådande historietenking er eit samspel mellom det råstoffet fortida byd fram, og rådande tankar i notida. Menn på soklar er eit maktspråk. Dei fortel om makt som var, og om makt som er etablert og som framleis finst. Difor er maktendring rundt sokkelmennene så farleg for dei. Og ho er farleg for historia om fortida.

I gamle Sovjetunionen dreiv dei det så langt at historia, fortida, ustoppeleg vart endra for å høve til den politiske situasjonen i samtida. I Sovjetunionen var fortida meir uviss enn framtida, vart det sagt.

Raseuroa i USA har gjort livet utrygt for sørstatsgeneralane på soklane sine. Dei har hamna i ein maktkamp som er eit framhald av den krigen dei tapte. Den krigen var likevel ikkje over, viste det seg. Det er makta og maktfordelinga i samfunnet omkring som vil bestemme utfallet av denne maktkampen, som det var sist generalane var i strid.

Det kan ende i skam og vanære denne gongen også, og livet på soklane kan vere over. Menn på soklar er eit maktvitne historia har lagt etter seg. Geografiske namn er eit anna.

Då kolonitida i Afrika var slutt, var det over for Rhodesia, Stanleyville, Leopoldville og mykje anna. Då Sovjetunionen forsvann, tok han med seg legendariske og heidra bynamn som Stalingrad og Leningrad. Då vi vart herrar i eige hus, vart det færre danske kongsnamn på norske kart.

Historikarane vart mobiliserte

Det er den rådande makta som gjev namn på karta også. Afrikanarane hadde makt til å sanere karta, som det nye Russland hadde det. Og slik vi hadde det då vi fekk høve til det. Urfolket i New Zealand og Australia hadde ikkje slik makt.

Dei store byane der heiter framleis Melbourne, Sydney og Wellington, etter engelske politikarar. Store område i Australia heiter Queensland og Victoria. Øya sør for Australia heiter Tasmania, kalla opp etter ein hollandsk sjøfarar. Der er urfolket utdøydd for over hundre år sidan.

Dakota er eit gammalt indianarnamn. Hovudstaden i Nord-Dakota heiter Bismarck. Det kan indianarane gjere lite med, om dei i det heile finst der. Historikarane er mine slagkryssarar ved universiteta, sa Otto von Bismarck.

Då vi skulle bygge opp nasjonalkjensla i folket før møtet med den svenske unionskongen, vart historikarane våre mobiliserte, med ein entusiastisk professor Ernst Sars i spissen, utnemnd av Stortinget. Og dei mobiliserte mellomalderkongane våre og deira menn. Mellomalderen og hovdingane der myldra i historiebøker, i skulebøker, på teatera og i songbøkene.

Skurkane i denne forteljinga var Carl Johan, fienden på Eidsvold og seinare, og Herman Wedel Jarlsberg, unionsmannen og kompromissmakaren på Eidsvold og sidan. Det Sars skriv om desse to, er uvenleg prosa.

Samtida er dommaren

Motkreftene var der. Alt i 1852 vart Slottsveien døypt om til Karl Johans gate. I 1875 vart monumentet over Carl Johan reist framfor slottet, støypt i bronse av ein husmannsson frå Voss. Der sit han no, på den finaste plassen i landet, og ser nedover gata si som går forbi det Stortinget han hadde mykje strev med, medan han ser fram til den årlege vitjinga av norske born med sine flagg og songar.

Og i våre dagar kjem det stendig bøker om grev Wedel, som han no heiter, der han blir hylla som modig, framsynt, klok og handlekraftig, ein av dei store nordmenn på 1800-talet. Bautaen hans står rett nok litt unnagøymd på Bygdøy, gamle Ladegårdsøen.

Samtida let aldri fortida vere i fred. Aktørane i fortida blir stendig flytta på. Nokre blir flytta opp, andre blir flytta ned. Nokre blir sette på sokkel, andre blir rivne ned. Nokre får ære, andre får skam. Å rive ned store menn frå soklane sine er veletablert historisk praksis. Verdshistoria er verdsdomstolen, sa Friedrich Schiller. Og dommaren i denne domstolen er samtida.

Då lever fortida farleg. Også menn på soklar.


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Historie
  2. Kulturminner
  3. Samfunn

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Koronaen endrer språket vårt. Hvilke endringer vil stå igjen når krisen er over?

  2. KRONIKK

    Mannen bak Y-blokkens Picasso-kunst var blant Norges mest allsidige kunstnere

  3. KRONIKK

    Kronikk: Derfor er dagens høyreekstreme terror farligere enn på lenge

  4. KRONIKK

    Leger advarer: Norske sykehus bygges for små. Innsparingene vil koste dyrt.

  5. KRONIKK

    Helsedirektoratet kommer med uforsvarlige retningslinjer for kjønnsinkongruens

  6. KRONIKK

    Er det utestedets feil om gjester ikke overholder smittevernreglene?