Kronikk

La oss bruke debatten om norsk deltaking i Libya til å endre norsk utanrikspolitisk praksis | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell
Det er feil at Stortinget handsamar ei rekke småsaker, men ikkje det viktigaste av alt: Om vi skal sende norske soldatar til ein krig, skriv Bård Vegar Solhjell. Her fra Bødø hovedflyplass der det klargjøres for oppdrag i Libya.
Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Professor Terje Tvedt har reist ein viktig debatt om korleis Noreg valde å delta i det militære angrepet på Libya i 2011. Om vi politikarar visste kva vi gjorde, og om argumentasjonen vi brukte.

Eg ønskjer Tvedts initiativ velkommen. For medan vi nordmenn les om 2. verdskrigen som aldri før, snakkar vi lite om krigane Noreg har vore med i dei siste åra – som Libya og Afghanistan.

Det er eit sjukdomsteikn i norsk politikk at det enno – i 2015 – herskar ei førestilling om at partipolitisk usemje om utanrikspolitikk er uheldig. For der det vert tenkt for likt, vert det tenkt for lite.

Ein betre og meir open prosess

Verkeleg viktig blir Tvedts artikkel – og bidraga frå Geir Ulfstein, Jonas Gahr Støre, Kjetil Rolness og andre – om det fører til endring. Til ein meir opplyst debatt, og ein betre og meir open prosess.

Bård Vegar Solhjell.

Ein kan aldri vedta opplyst debatt, men vi kan skape eit institusjonelt rammeverk som betre legg til rette for det: 1. Det bør vere ein debatt i opent storting – og aller helst eit vedtak – før vi deltek i ein internasjonal militær operasjon. Det er feil at Stortinget handsamar ei rekke småsaker, men ikkje det viktigaste av alt: Om vi skal sende norske soldatar til ein krig. No avgjer regjeringa, så orienterer dei delar av Stortinget i eit hemmeleg møte. Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik uttrykte nyleg støtte til ideen om stortingsdebatt. Danmark gjer det slik allereie.

2. Vi bør systematisk og kritisk evaluere dei krigane og militære operasjonane vi er del av, ikkje berre Libya. Eg er samd med Tvedt i at vi bør gjere ein gjennomgang av Libya-krigen. Eg og andre har også teke til orde for det tidlegare. Det er likevel viktig at dette ikkje blir unnataket, men regelen. Når Noreg avsluttar eit større militært engasjement, bør det vere automatikk i ei evaluering.

3. Eg vil også ta til orde for at vi utviklar eit sett av politiske krav til oss sjølv – ei doktrine – for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar. Til dømes: Av vitale omsyn til internasjonal fred og tryggleik, at alle andre middel enn militær makt er prøvd først, at målet for den militære deltakinga er klårt og oppnåeleg, at det finst ein exit-strategi og eit klårt FN-mandat. Svaret vil aldri bli objektiv vitskap, men ei doktrine kan auke motstandskrafta mot lettvinte løysingar.

Eit unyansert bilete

Tvedt har også andre viktige poeng i sin artikkel. Om den avgrensa kunnskapen om Libya i Noreg, om den svake prosessen og det manglande engasjementet i ettertid.

Eg meiner likevel at han på viktige punkt gjev eit unyansert bilete, og utelet sentrale element. Det svekkar analysen noko.

For det første:

Terje Tvedt forenklar røynda våren 2011 i sitt innlegg. Han bygger sin analyse på ei rekke gode og kjende motargument. I ettertid kan vi slå fast at det på viktige punkt har gått verre enn kritikarane frykta. Han utelet derimot at det var gode argument for intervensjon. I Benghazi, Libyas nest største by, var det akutt fare for ein massakre av sivile. Om det hadde skjedd, vil vi aldri få vite.

FNs tryggingsråd ga mandat til ein militær operasjon som skulle beskytte sivile, ikkje skifte ut regimet. I løpet av våren 2011 endra den militære innsatsen i Libya karakter, noko Tvedt knapt er innom. Mandatet vart strekt til å bli ein krig mot regimet, sluttført først då Gadafi mista livet og regimet falt. Dette undergrov den tilliten viktige land hadde gitt gjennom FN-resolusjonen, og store delar av verda vende seg mot operasjonen. Etter mitt syn vart mandatet brote, noko som førte til at SV frå å vere for til å bli sterkt kritisk til krigen.

For enkelt blir det også når Tvedt på nokså skråsikkert vis hevdar at prosessen viser «hvor skråsikre politikerne følte seg». Det finst alltid skråsikre politikarar, akademikarar og redaktørarar, men heldigvis også dei tenksame og reflekterte. Refleksjon fekk for liten plass i denne debatten, det er likevel rett.

For det andre:

Tvedt mistar eit viktig perspektiv fordi han vel å sjå på Libya som ein særskild situasjon, heilt ulik andre krigar. Sidan 90-talet har vi sett ei rekke militære operasjonar der NATO, eller alliansar av land, har brukt militær makt utanfor vårt territorium. Fleire av desse har vore grunngjeve – heilt eller delvis – humanitært, andre med kamp mot terror eller masseøydeleggingsvåpen.

Føringar frå allierte

Det særeigne med Libya er den sterke vekta på å beskytte sivile. Det typiske er likevel at Noreg seier ja til å delta militært, når andre NATO-land er med og ein operasjon har FN-mandat. Det har ført oss til Afghanistan, Irak, Libya og Irak igjen.

Den gjennomgåande faktoren i norsk deltaking i – og debatt om – krig, er den sterke føringa om å stille opp militært når våre allierte ber om det. For storparten av politikarar, embetsverk og akademikarar veg det tungt.

Etter mitt syn er det dette, i tillegg til ein konsensuskultur som gjer at mange parti følgjer straumen i utanrikspolitikken, viktige årsaker til at vi enda opp i Irak, Libya og ikkje minst Afghanistan.

Tvedt har eit poeng i si påpeiking av den sterkt humanitære retorikken rundt Libya-operasjonen. Men: Det var reelle argument for at Noreg skulle delta i Libya-operasjonen, og analysen blir mangelfull utan å vektlegge at (ein del av) aktørane som tek avgjerder vektlegg å stille opp for våre allierte.

Krav på forklåring

Skal vi delta i ein krig, må vi som folk vite kvifor vi er med. Vi skuldar dei som bur i landet der krigen føregår ei forklåring på kvifor krig var naudsynt. Vi skuldar våre eigne soldatar, deira foreldre og vener, å gjere bevisste vedtak, og å følgje med på utviklinga i krigen og vere opne for endring.

Med unntak av debatten kring norsk deltaking i Irak for vel eit tiår sidan, har det vore lite politisk usemje og for lite kritisk journalistikk rundt norsk krigsdeltaking.

Når det er lite dekning av ein krig i media, har vi som politikarar eit særleg ansvar for å løfte debatten. Men stortingssalen har ikkje vore sjølvsagt som møtestad når avgjerdene er blitt tatt.

Terje Tvedt fortener å bli møtt med saklege motargument mot delar av analysen sin, men han fortener først og fremst at vi bruker den viktige debatten han reiser til å endre og forbetre oss.

Les også disse innleggene:

Jonas Gahr Støre skriver:

Les også

Ante vi hva vi gjorde da vi sendte F-16-fly til Libya?

Håvard Rustad Markussen:

Les også

Bombing av Libya var et kollektivt selvbedrageri

Geir Ulfstein om Norges bombing i Libya:

Les også

  1. Myndighetene må utrede de folkerettslige sidene før man engasjerer seg i krigføring

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Libya