Kronikk

Det finnast ingen snarveg for å bli kvitt atomvåpen | Målfrid Braut-Hegghammer

  • Målfrid Braut-Hegghammer
    Universitetet i Oslo

«Vi er på veg inn i ein ny atomalder», skriver kronikkforfatteren. Bildet viser prøvesprengning av en atombombe på Bikini-atollen i juli 1946. JOINT TASK FORCE ONE / AP photo / NTB scanpix

Denne veka skal Stortinget diskutere om Norge skal tiltre avtalen som forbyr atomvåpen. Dersom målet er nedrusting, er det andre avtaler som det hastar meir å redde.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Denne veka skal Stortinget diskutere om Norge skal tiltre avtalen som forbyr atomvåpen. Dersom målet er nedrusting, er det andre avtaler som det hastar meir å redde.

Målfrid Braut-Hegghammer, Universitetet i Oslo Universitetet i Oslo


Atomvåpen har ei stadig meir framståande rolle i internasjonal politikk. Atomvåpenstatane ruster opp. Internasjonale avtaler som skal avgrense talet på atomvåpen og forhindre at fleire statar skaffar seg slike våpen, forvitrar. Det vil få konsekvensar for norsk og europeisk sikkerheit.

Forbodstraktaten mot atomvåpen som vert diskutert i Stortinget 5. mars, vil i beste fall ha marginal innverknad på disse utfordringane.

Derimot har eksisterande avtaler lukkast i å avgrense spreiing til nye statar og redusert atomvåpenarsenal hos atomvåpenstatar. Disse er nå under aukande press.

Det bør vere ein prioritet å bevare avtaler og regime som fungerer, framfor å gå inn i ein forbodstraktat som vil ha liten reell effekt.

Atommaktene bryr seg neppe

Premissen til Forbodstraktaten er at ved å forby atomvåpen, vil ein skape eit stigma. Eit slikt stigma skal delegitimere atomvåpen, og dermed føre til at statar kvitter seg med dei.

Problemet er at statane som har atomvåpen, neppe bryr seg om det. Eldre atommakter som USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina ser på kjernevåpen som ei føresetnad for global innflytelse. Nyare atommakter som Nord-Korea, Israel, India og Pakistan ser på atombomba som livsnødvendig beskyttelse mot eksterne trugslar. Fleire av disse landa har betalt dyrt for å utvikle kjernevåpen, i form av økonomiske sanksjonar og politisk press frå verdssamfunnet. Ingen av disse landa kjem til å tiltre Forbodstraktaten.

Ei stigmatiserande tilnærming har større appell hos land som er meir avhengige av sitt omdømme. Dette er dessverre feil målgruppe.

Derfor er Forbodstraktaten utilstrekkeleg for å oppnå nedrusting av atomvåpen.

Fare for atomvåpenkappløp

Avtaler som har ført til at atomvåpenstatar har gjort store kutt i sine atomvåpenarsenal, står i fare for å gå ut på dato. USA og Russland har begge meldt at dei vil trekke seg ut av INF-avtalen i løpet av det neste halvåret. Det fjernar avgrensingar på utplassering av missiler som kan nå europeiske byer i løpet av nokre få minutt.

Enda meir bekymrande er utsiktene for at Nye START-avtalen ikkje blir fornya i februar 2021.

Den avtalen legg avgrensingar på offensive atomvåpensystem. Dersom denne avtalen også går ut, vil det kunne føre til et atomvåpenkappløp mellom USA og Russland.

Den uvisse skjebnen til rustingskontrollavtalene er ein del av eit større bilete. Trump-administrasjonen er grunnleggjande skeptisk til avtaler som legg avgrensingar på USA innanfor strategisk viktige område som forsvar og økonomi. Land som Norge, som er meir avhengig av at land held seg til gjensidig forpliktande avtaler enn stormaktene er, må leggje ned ein større innsats for å bevare avtaler som er særleg viktige for vår sikkerheit. Det understrekar behovet for felles arenaer som Nato for å leggje direkte press på atommaktene.

Les også

Frykten er et nytt atomkappløp i Europa | Nils Morten Udgaard

Risikabelt å kvitte seg med atomvåpen

Så lenge atomvåpenstatane ikkje ruster ned, kan det vere risikabelt for andre land å kvitte seg med atomvåpen einsidig. Dette vil naturlegvis avhenge av kva slags sikkerheitspolitisk situasjon land er i. Sør-Afrika kvitta seg med sine atomvåpen då apartheid-regimet vart avvikla på byrjinga av 1990-talet.

Samtidig gjekk det føre seg forhandlingar som resulterte i at Ukraina, Kasakhstan og Kviterussland gjekk med på ikkje å behalde atomvåpen etter at Sovjetsamveldet falt. Til gjengjeld fekk dei tre landa ein sikkerheitsgaranti i Budapest-memorandumet i 1994, som skulle sikre deira territorielle integritet mot eksterne trugslar og inngriping. Russland braut mot denne avtalen ved annekteringa av Krim i 2014 og klaga USA for å ha brote avtalen ved å støtte opprøret i Ukraina same år.

Ukraina erfarte at det kan vere risikabelt å ruste ned og belage seg på at ein motstandar med atomvåpen vil respektere avtaler når store interesser står på spel.

Det er grunn til å tru at andre land med atomvåpenstatar som fiendar, slik som Nord-Korea, har notert seg den erfaringa. Sør-Afrika, derimot, hadde alt å vinne på å avvikle sitt atomvåpenarsenal. Landet har blitt ein forkjempar for NPT-avtalen og har nyleg signert Forbodstraktaten.

Les også

Putin har strategien klar etter at Trump skrotet atomavtale

Risikabelt å utvikle atomvåpen

Ikkjespreiingsregimet, nærare bestemt NPT-avtalen som trådde i kraft i 1970, har bidratt til å gjere det risikabelt, vanskeleg og tidkrevjande for land å utvikle atomvåpen. Derfor prøver stadig færre statar på det, og treng stadig lenger tid for å få dette til. Det ligg heller ikkje føre noko reelt alternativ. Forbodstraktaten har ikkje eit eige verifikasjonssystem som skal sikre at land held det dei lover, slik NPT-avtalen har igjennom det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Få land har både vilje og evne til å utvikle atomvåpen. Likevel er det grunn til bekymring.

Den hardt prøva Iran-avtalen går ei usikker framtid i møte. Dersom Iran utviklar atomvåpen, har Saudi-Arabia signalisert at dei står nest i køen. Det vil sette NPT under ytterlegare press. Land som Nord-Korea og Pakistan vil kunne bli leverandørar av atomteknologi, slik vi har sett tidlegare, dersom det internasjonale kontrollregimet mot ikkjespreiing blir svekkja.

Les også

Atomvåpenstatene ignorerer sine forpliktelser | Mari Seilskjær

Ein ny atomalder

Vi er på veg inn i ein ny atomalder.

Der den kalde krigen var prega av stormaktene sin terrorbalanse, vil regionale statar sette sitt preg på den nye atomalderen.

Atomvåpen vil spele ei meir variert rolle enn tidlegare i internasjonal sikkerheitspolitikk. Vi vil derfor trenge internasjonale avtaler der også atomvåpenstatar deltar.

Debatten om Forbodstraktaten setter atomvåpen på den politiske dagsorden. Forkjemparar for traktaten gjer rett i å peike på at land utan kjernevåpen må ta grep om ein farleg situasjon. For å oppnå nedrusting må vi likevel bevare og vidareutvikle dei avtalene vi allereie har.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Atomvåpen
  2. Sikkerhetspolitikk
  3. Stortinget

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Kronikk: Faren for atomkrig er reell. Hvordan kan Norge møte utfordringene?

  2. POLITIKK

    Jens Stoltenberg fornøyd med at Ap sa nei til atomvåpenforbud

  3. VERDEN

    Møtet mellom Trump og Kim havarerte. På dette området er forholdet likevel det eneste lyspunktet.

  4. VERDEN

    75 år siden den første atomprøvesprengningen

  5. DEBATT

    Kort sagt, onsdag 26. februar

  6. DEBATT

    Norge må ta avstand fra masseødeleggelse. Forbud mot atomvåpen er en forutsetning