Kronikk

Skal eg støtte deg berre fordi du er kvinne? | Mariann Schjeide

  • Mariann Schjeide
    leder Norsk Bibliotekforening

Burde jeg som feminist og erklært sosialdemokrat ha støttet Margaret Thatcher fordi hun var kvinne? spør Mariann Schjeide. Reuters / NTB scanpix

Det ville jo vere heilt absurd å skulle støtte nokon fordi dei har same kjønn som meg!

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Her om dagen kom eg inn i ein diskusjon på Facebook, det handla om sjølvbestemt abort og abort etter paragraf 2c. Rekk opp handa dei som ikkje har diskutert dette på nett eller i lunsjpausen i det siste? I facebookstrengen eg kom inn i, var det nok ein rimeleg stor grad av konsensus i utgangspunktet, og det er mogleg eg må skulde på meg sjølv for å ha laga furore.

Mariann Schjeide, leder i Norsk Bibliotekforening

Eg meiner audmjukt at eg argumenterte kunnskapsbasert, sakleg og sist, men ikkje minst, roleg. Men eg blei behandla som ein trampande elefant som skulle temjast, det blei pinleg, og eg kjente på at eg hadde øydelagt ei god stemning. Eg var kanskje konfronterande, men ufin var eg ikkje. Svara eg fekk, var av typen «Kjære deg». Eg kjente det som om eg skulle roast ned, eit slags «såså, no tek vi det heilt med ro». Det kom frå både kvinner og menn.

Så mange kvinner er konfliktsky

Eg har vore i hyggelege lag og samakomstar der eg kunne seie «no er eg heilt ueinig med deg» til ei anna kvinne, og stemninga blei heilt rar. Nei, eg har ikkje spesielt rare vener, nei, eg omgås ikkje heilt sære folk. Eg er ei kvinne i femtiåra som stussar over at mange kvinner ofte er så konfliktsky. Eg har diskutert temaet med andre kvinner som meiner å sjå det same. Ikkje for det, å kjenne si besøkelsestid og vere konfliktsky i tydinga styre unna bråk, kan vere ein fin ting, det.

Men eg har ein påstand: Kvinner trekker seg oftare ut frå diskusjonar når det buttar, når dei får motstand, både frå kvinner og menn.

Kvinner påberopar seg gjerne ytringsfridom når dei får motbør, av typen «eg har lov til å meine det eg vil». Eg er livredd for å generalisere her, eg har ikkje eit vitskapeleg grunnlag for å påstå dette, eg har ikkje gjort feltstudiar. Eg sit meir igjen med av ei kjensle at det er slik, det er noko eg har observert over tid.

Selv om Mariann Schjeide mener at USA ville vært bedre tjent med Hillary Clinton som president, synes hun det ville være meningsløst å oppfordre folk til å stemme på henne fordi hun er kvinne. Julie Jacobson / AP /NTB scanpix

Kvifor er vi kvinner så feige?

Mitt vanlege svar når ytringsfridomskortet blir henta fram, er at javisst har vi alle ytringsfridom, men det inneber også å bli motsagt, for då nyttar eg meg av den same ytringsfridomen. At ein har ytringsfridom tyder ikkje at folk ikkje kan vere usamde. Men då kjem infantile utsegn som «Eg er ikkje her for å diskutere», «Eg har lov til å seie det eg meiner», «Eg har mi meining, du har di», «Vi får vere einige om å vere ueinige», «No trekk eg meg stille ut».

Kvifor er vi kvinner ofte så feige? Kvifor står vi ikkje i det? No skal eg ile til med å seie at nokre diskusjonar i sosiale medium kan framstå som reine ørkenvandringar, og at ein trekker seg ut av den grunn. Ein vil jo gjerne ha eit liv utanom også.

Men eg ser tøffe, taleføre kvinner som ryggar når dei får motstand, som med «kan-ikkje-berre-alle-vere-venner»- blikket heller snakkar om noko anna og ufarleg.

Ja, for all del, dette gjeld nok garantert også ein del menn.

Velmeinande kompliment

Få vil si til Kjetil Rolness (bildet) at han er tøff som er så frittalende, mener kronikkforfatteren. Paal Audestad

Når det er diskusjonar der begge kjønn er til stades, er det stort sett kvinnene som held munn og mennene som diskuterer, og då tenker eg på samfunnsspørsmål og politikk.

Sjølv får eg til tider desse litt snåla utsagna om at eg er tøff, eg tør å stå for det eg seier, eg seier meininga mi høgt.

På ein fest for ei tid sidan sa ein mann med halvliteren i handa bak meg at «Ja, der er det ei som har sine meiningar». Det var med lett himlande auge og mumling dette blei uttalt. Han ville neppe sagt det til/om ein mann.

Andre gonger er desse velmeinande komplimenta frå både kvinner og menn som ønskjer å gi meg ei fin tilbakemeling. Eg veit ikkje kva eg skal svare når folk seier sånt til meg, men ofte spør eg om dei ville sagt det same til ein mann. For får menn høyre sånt? Eg trur ikkje det. Få vil seie til Kjetil Rolness eller Eivind Trædal at dei er tøffe som er så frittalande. At dei er modige. Kvinner får høyre sånt.

Skal eg alltid støtte kvinner?

Ein annan snodig ting i delar av kvinneverda er denne merkelege kvinne-/søstersolidariteten. At vi skal alltid vere på lag, at vi skal heie på kvarandre, at vi alltid skal støtte kvarandre.

USAs første kvinnelege utanriksminister, Madeleine Albright, sa at det var ein eigen plass i helvete for kvinner som ikkje hjelper andre kvinner. Høgres Julie M. Brodtkorb har sagt det same.

Tidligere utenriksminister Madeleine Albright sa at det finnes en egen plass i helvete for kvinner som ikke hjelper andre kvinner. Paul Sancya / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Skal eg som kvinne støtte ei anna kvinne fordi ho er kvinne? Det ville jo vere heilt absurd å skulle støtte nokon fordi dei har same kjønn som meg! Burde eg ha støtta erkekonservative Margaret Thatcher av same grunn? Eg som er plassert på venstresida?

Det same argumentet blei brukt om Hillary Clinton då ho stilte som presidentkandidat: Kvinner burde røyste på ei kvinne. Som feminist er eg oppteken av kvinners rettar og posisjon i samfunnet, og som erklært sosialdemokrat meinte og meiner eg at USA generelt og kvinner i USA spesielt ville vere betre tent med Hillary Clinton som president. Men å oppfordre folk til å røyste på henne fordi ho var kvinne, verkar på meg meiningslaust.

Burde eg støtte Marine le Pen?

På Twitter skreiv ein fransk kulturpersonlegdom eg ikkje hugsar namnet på, at franske kvinner burde støtte halvfascistiske og nasjonalistiske Marine Le Pen i det franske valet fordi ho var kvinne.

Burde fleire menn ha støtta Trump fordi han er mann? Eller skal vi seie Hitler? Eg snur det på hovudet for å vise kor absurd det er.

Korleis skal vi få ei god meiningsutveksling om vi skal støtte kvarandre ut frå kjønn? Det er det same konsensustyranniet vi ser no under abortdebatten som har rast dei siste vekene. Vi må trå forsiktig, så forsiktig for ikkje å såre medsøstre. Men kvinner bør i staden støtte kvarandre ut frå politisk overbevisning og felles meiningar.

Vi må slutte å gjere kvarandre så små at kjønn som jo er vårt minste felles multiplum, skal vere avgjerande for ytringar og meiningsutveksling.

Om kvinner skal få større plass i lokal- og rikspolitikk, i styreromma og i næringslivet, så må vi ta nokre grep. Og tru meg på dette: Eg beundrar alle kvinner og menn som brukar fritida si til å arbeide politisk for noko dei trur på i eit kommunestyre eller eit utval, uansett partitilhøyrigheit. Men neste gong du vil takke ei kvinne for innsatsen ho gjer, så takk ho for nettopp det, ikkje for at ho er tøff og tør å stå for meiningane sine.

  • Her kan du lese flere artikler som tar for seg kjønn og kjønnsforskjeller ut fra ulike vinkler:
  1. Les også

    Morsomme damer må også få plass | Trine Lise Olsen

  2. Les også

    Vi kan slå ned på kjønnsautoritære krefter uten å avvise biologiske kjønnsforskjeller | Andreas Wahl Blomkvist

  3. Les også

    Kvinner og menn er forskjellige på tusenvis av måter | Pål Kraft

  4. Les også

    Hva er en kvinne? | Karoline Skarstein

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Kjønn
  2. Debattkultur
  3. Kjetil Rolness
  4. Hillary Clinton
  5. Margaret Thatcher
  6. Marine Le Pen
  7. Abort

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    – Vi må nok fram med høgtrykksspylaren att, og få ut all «driten». Det må ryddast opp ein gong for alle

  2. FOTBALL

    Tidlegare Hødd-leiar langa ut mot «Ålesundsmafiaen» på medlemsmøte

  3. KRONIKK

    «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.

  4. NORGE

    Aldri har Russland hatt mer stillegående og farlige ubåter. Aldri har Norge hatt færre fartøy til å jakte på dem.

  5. KRONIKK

    Barneekteskap, æresdrap og kvinners rettigheter. Den feministiske likestillingskampen i islam skjer nå.

  6. A-MAGASINET

    John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.