Tal som tel | Bård Vegar Solhjell
Ei kort historie om verda, fortalt gjennom tal om norsk bistand.
Eg elskar tal. Statistiske data er ikkje kalde og mekaniske. Tvert imot, dei fortel menneskelege historier.
Tenk berre på dei tala vi får presentert kvar dag, over kor mange menneske som no er døde av covid-19. Sjå for deg ein sirkel rundt kvart enkelt tal. Fyll han med personens relasjonar: Til barn, venar, foreldre, kjærast og jobb, til håp og skuffelsar, til sorg og glede. Det er dette som er innhaldet i tal.
På nokre månadar er meir enn 250.000 menneske døde av covid-19. Til samanlikning døydde 12.000 menneske under heile ebolaepidemien. Det seier noko om kor mange enkeltmenneske som er ramma, og kor hurtig denne epidemien har spreidd seg.
I dag legg Norad fram «Tal som tel». Det er tal for norsk bistand og internasjonal utvikling. Samstundes fortel vi kva desse tala inneheld. Kva som er tala sine historier.
Eitt stort tal
Samla norsk bistand var i 2019 på 37,8 milliardar kroner. Sjølv om vi akkurat no lever i ei tid kor milliardane fer kring oss, er nesten 38 milliardar eit stort tal. I motsetning til kva mange trur, går lite, om lag tre prosent, til myndigheitene i utviklingsland.
Over halvparten av bistandsmidlane går gjennom globale kanalar som Verdsbanken, FN, store internasjonale organisasjonar og globale fond. Mykje er øyremerka til bestemte føremål som helse og utdanning. Store aktørar kan ofte få til meir enn mange små.
Ein stor del av bistandsbudsjettet går via norske sivilsamfunnsorganisasjonar som til dømes Flyktninghjelpen, Norges Røde Kors og Kirkens Nødhjelp. Årsaka er at dei gjer eit godt arbeid og styrker sivilsamfunnet i partnarlanda. Lokale medspelarar er nyttige for å oppnå resultat på bakken. Mest går til Afrika, men også andre delar av verda er ein del av norsk bistand.
Eitt større tal
Den samla globale bistanden i verda er på nesten 153 milliardar dollar. Det er mykje pengar, men så kjem det også mykje ut av det.
Mest slåande er det innan helse. I dagens situasjon kjennest det kanskje litt merkeleg å snakke om eit gjennombrot for betre helse i verda, men med blikket heva over covid-19 er det situasjonen. Dødsfall av malaria, hiv og polio er slått kraftig tilbake. Noreg har vore ein avgjerande bidragsytar til at vaksinar, rimelege medisinar og myggnett har blitt utbreidd.
Barnedødelegheita har sokke dramatisk. Då tusenårsmåla vart gjort opp i 2015, hadde verda oppnådd den største nedgangen i barnedødelegheit i menneskeheitas historie.
På utdanningsfeltet har verda også verkeleg tatt seg saman. Resultatet er at ni av ti barn går på skule. Kvaliteten på skuletilbodet er sterkt varierande, men forståinga av kor viktig skulen er har styrkt seg.
Eitt enda større tal
Eitt enda større tal går frå konto til konto, frå mobil til lommebok. Private overføringar av pengar frå familie og slektningar i litt rikare land går heim til familien i fattige land. Dette utgjer meir enn tre gonger den samla bistanden, og er svært viktig for å få dagleglivet til å gå rundt. Det kan vere nettopp pengane frå sonen som jobbar i Sør-Afrika, som gjer at mora i Malawi kan betale straumrekninga.
Private investeringar er ein annan pengestraum som er viktig, også den meir enn tre gonger den totale bistanden. Der bistand er viktigast for dei aller fattigaste landa i verda, går private investeringar i hovudsak til mellominntektsand. For dei fattigaste landa vil det vere avgjerande viktig
å tiltrekke seg meir av desse investeringane.
Eitt større tal? Ja!
Bistand er viktig, men fattige land flest lever ikkje av bistand. Dei lever av inntekter dei skaffar seg sjølve. Næringsliv og produksjon skapar jobbar som igjen gir forbruk, aktivitet og skattar. Ifølgje OECD var gjennomsnittleg skatteinntekt for 26 afrikanske land 17,2 prosent av BNP i 2017. Bistand utgjorde 4,2 prosent av BNP.
Men godt næringsliv krev gode institusjonar. Der kan bistanden bidra. Nokre av språkets kjedelegaste ord har eit innhald som betyr bidrag til vekst og velferd: Skatt, revisjon, statistikk, rettsstat og regulering. Dette kan Noreg!
Riksrevisjonen, Statistisk sentralbyrå, Finansdepartementet
og Havforskingsinstituttet er nokre av institusjonane som bidreg saman med Norad. Program som Skatt for utvikling og Fisk for utvikling er kunnskapsoverføring for å få ressursar til å forvaltast forsvarleg og bli til beste for landets innbyggjarar.
Det finst bistandsavhengige land, men det er ikkje ein ønskja situasjon. Dei som er det, vil gjerne slutte å vere det.
Det nest største talet
Berekraftsmåla skal vi nå innan 2030. Vi har ti år på oss. 193 land har vedtatt dei 17 måla for eit berekraftig samfunn kor natur og menneske er varetatt. I Norad er måla sjølve arbeidsprogrammet for jobben vår.
Måla gjeld for heile verda. Berekraftsmåla er – i fall du skulle vere i tvil – ikkje ein pin, men ein global arbeidsplan som Noreg samrøystes har slutta seg til. Men det manglar pengar, mange pengar. OECD har rekna ut at gapet mellom det som er rekna som brukt, frå offentlege og private kjelder.
Det som må til for å nå måla, er kring 2500 milliardar dollar. Det er alvor.
Det største talet
Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko.
Vi veit mykje om det. Fattigdom er kostbart. Barn som ikkje får ordentleg mat, sluttar å vekse og mistar moglegheiter som vaksne. Mangel på utdanning undergrev arbeidslivet. Sjukdom svekkjer heile samfunnet, og manglande føreseielegheit skapar ustabilitet.
Ein svak stat skremmer vekk investorar, og er lettare offer for korrupsjon.
Kostnadane ved krig og konflikt er astronomiske, og stel brutalt ressursane frå det sivile. Tap av leveområde for dyr kan skape ein pandemi. Det er veldig kostbart. Dersom vi ikkje maktar å gjere noko med klimakrisa, vil kostnadene vere i eit slikt omfang at vi knapt kjenner tal-omgrepa. The Global Commission on Adaption meiner det trengst opp mot to trillionar dollar.
Difor er pengane vi bruker på bistand, tal som tel og oppnår resultat.
Følg og delta i debattane hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter