Kronikk

Tilgje dei ikkje

  • Ingeborg Senneset
    Journalist

Sjølvsagt er det fint at kyrkja er på glid når det gjeld vigsling av likekjønna. Det sender nye signal. Men det er berre så forbanna seint, skriv Jarl Waage. Monica Strømdahl

Prestforeiningas ja til vigsling av homofilie er for lite og kjem for seint.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I desse dagar har sentralstyret i presteforeininga einstemmig gått inn for at kyrkja må gå i gong med å utarbeide ein vigslingsliturgi som og skal gjelde likekjønna. Og alle hjarte gleder seg. «Prisverdig», seiast det. «Modig», seiast det. «Bravo», seiast det. «Kyrkja har kome ein lang veg».

Eg, derimot, kjenner berre på ei djup sorg og eit intenst sinne. «Det skulle blott, berre mangle. Dette skulle dei ha gjort for lenge, lenge sidan», tenker eg.

Jarl Waage Anette Larsgård

I 1952 blei det i Noreg foreslått å fjerne paragraf 203 frå straffelova. Ein paragraf som kriminaliserte sex mellom menn. Dette fekk eit samla norsk bispekollegium til å hente fram det tyngste skytset. «Homoseksuelle handlingar må få gjelde som dei perverse og forkastelege ting dei er» hevda dei. Og heldt fram: «Vi står her overfor ein fare av verdsdimensjonar». Først tjue år seinare blei paragrafen fjerna.Medan eg sit her og skriv, tikkar det inn melding om atto biskopar har meldt seg ut av presteforeininga på grunn av vedtaket deira. Vi er visst framleis ein fare av verdsdimensjonar.

Kyrkja har kome ein lang veg, ja vel. Men denne vegen er brulagt av sorg og liding. Av unge homofile som har teke livet sitt fordi dei ikkje klarte å la vere å praktisere legninga si og fordi dei ikkje orka å ikkje få oppleve å elske og bli elska. Av menneskeforakt, fordommar, hat og undertrykking. Av kyrkjas menn som med bibelen i hand sender homofile til evig fortaping. «Det gjer meg frykteleg vondt, men samvitet mitt tvingar meg til å dømme dykk til å brenne i helvete», seier dei med dommedagsrøyst. Stakkarane.

«Det gjer meg frykteleg vondt, men samvitet mitt tvingar meg til å dømme dykk til å brenne i helvete»Men om det kan vere til trøyst, gjer det mykje meir vondt for titusenvis av homofile som har vore nøydde til å leve med fordømming, fornedring, mobbing. Som har blitt fortalt om att og om att at vi er annanrangs menneske.

«Du kjem til å hamne i helvete, du, Jarl», sa ein kristen kollega til meg i ein lunsjpause for nokre år sidan. Fordi eg var «praktiserande» homo, må vite.

Praktisering har vore eit nøkkelord, eit mantra blant kristne når det gjeld haldningar til soparane. «Berre de ikkje praktiserer, så går det så bra», får vi høyre. Livslangt sølibat, er løysinga. Då kan vi vere så homofile vi vil. Det kan til og med vanke evig liv, gater av gull og himmelske kor på oss. Tenk om ein sa det same til heterofile: «Det er greit at du er heterofil, men du må aldri praktisere det». Det skulle ha blitt eit ramaskrik. Kyrkja har sett på homofile som utelukkande seksuelle vesen; som perverterte skinkeryttarar. At vi et frukost, går på jobb, deltek i foreiningsliv, les aviser, går turar i fjellet, har born og stort sett er vanlege menneske, druknar i ei førestilling om at vi har sex 24/7.

I Frelsesarméen må vi heller ikkje praktisere. Der får dedikerte medlemmar sparken om dei elskar den dei vil og lever i forhold med ein av same kjønn. Fotballklubben Rosenborg har i år vore rakrygga nok til å trekke attende økonomisk julestøtte til armeen fordi dei har antidiskriminering som eit satsingsområde. Eg tar bølgja for den nye klubben i mitt hjarte. Mange kristne har kritisert RBK. «Ein kan ikkje trekke støtte frå ein organisasjon som hjelper dei aller svakaste i samfunnet», hevdar dei.

Det er ikkje tvil om at arméen gjer eit prisverdig arbeid for vanskelegstilte. Men samtidig, kvar gong dei diskriminerer ein homofil, legg dei stein til børa, ikkje berre til den det gjeld, men til ti tusenvis av menneske som får høyre at vi ikkje er fullverdige menneske. På denne måten hjelper Frelsesarméen folk opp av rennesteinen med eine handa medan dei dyttar andre ned dit med den andre.

«Berre de ikkje praktiserer, så går det så bra»For nokre år sidan deltok eg i tv-debattar mot Pastor Jan Åge Torp i Oslokyrkja. Han viste ein forunderleg fascinasjon for homofile i sitt private korstog, der han ved handspålegging og samtaler tilbaud å frelse oss frå evig pine. Torp såg på homofile som sjuke, sjølv om homofili allereie i 1979 blei fjerna frå lista over psykiske lidingar. Han påstod at han rett og slett kunne helbrede oss, og han hadde eit ståande tilbod om at kven som helst kunne ringe han til alle døgnets tider og snakke med han om sex og perverse lyster. I ein av debattane viste han fram eit par som hadde blitt «helbreda» og no levde i ein heterofil relasjon. Det var som å delta i eit freakshow.

Torp er langt frå den einaste som nedverdigar og trakkar på alt vi er og står for. Dei vil skjære bort basisen av tilveret vårt, som om personlegdomen vår er ein blindtarm eller ondarta føflekk vi må bli kvitt. Hadde desse menneska hatt gode hensikter, hadde dei ikkje prøvd å lobotomere bort den vi er, men hjelpt folk til å vere stolte, sterke og trygge på legninga si.

Då prest og KrF-politikar Kjell Magne Bondevik var statsminister i Noreg, drog han i gong ein ambisiøs kampanje som hadde til hensikt å fjerne all mobbing. Velmeint «mission impossible» med dei beste hensikter. Samstundes kosta det ikkje politikarbondevik fem øre å mobbe homofile. «Familiar bør bestå av far, mor og barn», slo han fast når det var snakk om at homofile skulle få adoptere barn. Dermed fekk han fortalt alle homofile og barna deira at dei levde i b-sorteringsfamiliar.

Hadde desse menneska hatt gode hensikter, hadde dei ikkje prøvd å lobotomere bort den vi er, men hjelpt folk til å vere stolte, sterke og trygge på legninga si.Både då partnarskapslov og ekteskapslov for homofolket blei diskuterte, proklamerte Bondevik og hans kumpanar at dette ville undergrave og øydeleggje det heilage, heterofile ekteskapet som institusjon ein gong for alle. Statsministeren foreslo mellom anna at vi kunne leve saman som vener eller brør. Arvtakarane hans i KrF vidarefører denne sjikanen. Dei vil reversere ekteskapslova, og homofile skal sjølvsagt ikkje få adoptere barn. «Her må vi tenke på barna», seier dei.

Denne mobbinga frå kyrkja og topp-politikarar gjev farlege signal om at dette er annanrangs menneske det er heilt legitimt å ta. Ein mindreverdig minoritet som ligg lagleg til for hat og hogg.

Sjølvsagt er det fint at kyrkja er på glid når det gjeld vigsling av likekjønna. Det sender nye signal. Men det er berre så forbanna seint. Alt for seint for alle dei som ikkje orka å leve med umenneskelege krav om å tilpasse seg og innordne seg. For seint for dei som har fått slengt kyrkjedøra i fjeset utallege gonger og har mista trua på ein fordømmande og hevnlysten heterogud.

Almisser frå gudsforvaltarane heldt ikkje lenger. No må kyrkja snart meine alvor. Inntil det skjer, seier eg rett og slett: «Tilgje dei ikkje».

Twitter:@JarlWaage

  1. Les også

    Dei homofile var vår tids spedalske, utstøtte, forakta, frykta

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. KULTUR

    Essay: Frankrike romantiserte islamismen altfor lenge | Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

  2. A-MAGASINET

    En ungdomsgjeng skjøt og drepte familien Lillelid ved en motorvei i USA. Bare Peter (2) overlevde.

  3. KRONIKK

    Psykolog advarer: Skamløshet og ondskap er en giftig kombinasjon

  4. KRONIKK

    Jul skal det bli. Ja, i år skal vi ha det koselig. Nei, det skal ikke bli som i fjor. Så smeller det.

  5. KRONIKK

    Farvel til den liberale idealdebatten

  6. KRONIKK

    Menneskers ondskap har særtrekk vi ikke finner hos dyrene