Kronikk

Forskinga må gå på engelsk

  • Aksel Mjøs
    Førsteamanuensis, NHH
  • Arnt Ove Hopland
    Professor, NHH
Ja, det publiserast mykje forsking på engelsk. Nei, det er ikkje eit problem, skriv Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland.

Det er betre med «berre engelsk» enn «berre norsk» dersom vi måtte velje.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Mange er uroa for situasjonen for norsk språk i akademia, og nokre tek i bruk sterke ord som «svik» når dei skal skildre kor dårleg det står til. Årsaka til den påståtte elendigheita er at mykje vitskapleg publisering føregår på engelsk, at 90 prosent av doktoravhandlingane er skrivne på dette eksotiske og fjerne språket, og kanskje endå verre at det stundom vert nytta i undervisning.

Betre med «berre engelsk»

Vi meiner at denne debatten er på ville vegar. For det første bommar elendigheitsbeskrivinga ganske grovt. Det produserast mange hyllemeter med artiklar, utgreiingar, rapportar, kronikkar m.m. på norsk, i tillegg til at brorparten av undervisninga framleis er på norsk, så det er jo ikkje slik at vi ikkje brukar språket. Men lat oss no spele med på premisset om at norsk er utrydningstruga i akademia og forklare kvifor det faktisk er betre med «berre engelsk» enn «berre norsk» dersom vi måtte velje.

Forskning er ikkje ein aktivitet som gjerast i vakum. Det globale forskingsmiljøet byggjer stein på stein, lærer av kvarandre og skubbar forskingsfronten framover gjennom livleg og aktiv debatt og nettverksbygging. Då treng vi eit felles språk, og det språket er engelsk. Om norske forskarar hadde publisert forskinga si på norsk, franskmenn på fransk og finnar på finsk, ville vi kasta vekk enormt med tid og ressursar på å sitje på kvar vår haug og gruble på spørsmål som nokon allereie har løyst for oss. Då vert vi ute av stand til å levere vårt viktigaste samfunnsoppdrag: ny kunnskap.

Reduserar risikoen for ekkokammer

Frå eit vitskapleg perspektiv bør vi heller snu problemstillinga og spørje om miljø med låg grad av internasjonalisering klarar å halde eit akseptabelt akademisk nivå.

Internasjonalisering er ikkje i seg sjølv ein garanti for kvalitet, men deltaking i ein internasjonal debatt reduserar i alle høve risikoen for at ein får ekkokammer som korkje utviklar seg metodemessig eller er i stand til å utfordre etablerte sanningar.

Å utsetje forskinga si for internasjonal kritikk og å freiste å publisere den i internasjonale anerkjende tidsskrift burde vere eit sjølvsagt minstekrav for å verte tildelt doktorgrad innan dei aller fleste fagfelt. Vi vågar derfor å påstå at i den grad det er eit problem at 90 prosent av doktoravhandlingar er på engelsk, er problemet at talet ikkje er nærare 100 prosent.

Det er òg viktig å hugse på at den akademiske arbeidsmarknaden er global. Når vi på NHH utdannar ein doktorand frå Sotra, er det slett ikkje noko sjølvfølge at ho skal tilbringe karriera si i Bergen. Hennar neste jobb kan svært gjerne vere på kontinentet, i Amerika eller i Asia.

Den akademiske arbeidsmarknaden er ikkje eit krinsmeisterskap, det er eit VM.

På same vis konkurrerar kandidatane som søkjer jobb på gode norske institusjonar ikkje berre mot norske søkjarar, men mot knallgode unge akademikarar frå heile verda. Skal våre lokale talent ha sjanse til å nå opp i denne konkurransen nyttar det rett og slett ikkje å skrive på norsk og berre diskutere forskinga si her lokalt.

Den akademiske arbeidsmarknaden er ikkje eit krinsmeisterskap, det er eit VM.

Ikkje eit problem

For forskinga sin del er det dermed ingen tvil. Ja, det publiserast mykje på engelsk. Nei, det er ikkje eit problem.

Når delar av undervisninga i sektoren går på engelsk, er det eit direkte resultat av to faktorar som begge er utelukkande positive for norsk akademia. For det første rekrutterar vi frå heile den internasjonale arbeidsmarknaden, og naturlegvis vil i praksis ingen ikkje-skandinavar ha nokon føresetnad for å undervise på noko anna enn engelsk korkje på kort eller mellomlang sikt.

Det er betre for alle om dei fokuserar på å undervise godt på eit språk dei beherskar, enn å tvinge dei til å knote på norsk. For det andre tiltrekk vi oss internasjonale studentar, og då må vi tilby undervisning på eit språk som dei forstår.

Det ligg ei sjølvmotseiing i at nordmenn kan irritere seg over at resepsjonisten på eit fransk hotell ikkje snakkar engelsk, men samtidig synest at det er ein uting at undervisning på høgskular og universitet stundom går på engelsk.

Ja, vi skal ta vare på alle språka våre, men forskinga må gå på engelsk om vi skal vera del av eit globalt akademisk fellesskap og rettferdiggjera lønene våre som forskarar.

Les også

  1. Aftenposten mener: Hodeløs stempling av Hellestveit

Les mer om

  1. Akademia
  2. Språk
  3. Forskning