Kronikk

Alder er ingen diagnose

Samtalane med gamle sjuke som låg hjelpelause heime og på overfylte sjukeheimsrom, skapte ei uro som gjorde at alderdomen vart mi hjartesak som journalist i NRK radio, skriv Åshild Ulstrup.

Alderdom. Kor mykje vil ein fattig kommune bruka på ein sjuk 80-, 90- eller 100-åring som har lyst å leva?

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I 40 år har eg fått følgja alderdomen på nært. Etter dei første møtene med mange gamle i hovudstaden skulle eg nok heller vore sosialarbeidar eller lege. Samtalane med gamle sjuke som låg hjelpelause heime — og på overfylte sjukeheimsrom, skapte ei uro som gjorde at alderdomen vart mi hjartesak som journalist i NRK Radio.

I åra som har gått, har alderdomen vore i fokus frå ulike sider. Gamle held seg friskare enn tidlegare. Vi lever lenger. Og nå har vi fått Samhandlingsreformen som skal gjera det endå lettare for oss å gå alderdomen i møte. Kommunane får årlege midlar for å auka innsatsen i helsetenesta si. Sjukeheimane skal oppgraderast og frå 2016 skal det bli døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp i heimemiljøet. Blir intensjonane oppfylt, vil mange pasientar få det betre, blir det sagt: «Omsorgssektoren skal skina!»

Overfylt sjukeheim

Men kven blir desse mange pasientane som istaden for å bli innlagt på sjukehuset for øyeblikkeleg hjelp, skal bli vurdert av kommunehelsetenesta? Kan eg ha rett når eg fryktar at vurderinga kjem til å fylgja alderen og ikkje diagnosen? At eg som gamal, automatisk skal bli frakta til ein overfylt sjukeheim lenge før eg har tenkt meg dit til ein heim som kan mangla både personell, fagkunnskap og lindrande medisin og som sløvar i staden for å rehablitera?

Vi får stadig rapportar frå både sjukehus og sjukeheimar om nedskjeringar og slitasje på legar og pleiarar. Så kor skal dei koma ifrå alle desse som nå skal gje oss medinsk og etisk forsvarleg hjelp i heimekommunen? I det siste har fokus vore på sjukehusa. Lege- og pleiarmangelen på sjukeheimane er heller ikkje av ny dato!

Styraren si liste

Paul Grøndahl hadde legepraksis i Nord Aurdal og hadde i alle år hatt tre dagar i veka til pasientane på sjukeheimen. Då eg intervjua han, hadde han nett fått høyra at han heretter skulle redusera til ein dag i veka og kun gå til pasientane styraren hadde tatt ut. Det uroa den gamle doktoren. For mens han den eine dagen var der, var han likevel innom for å helsa på gamle jente. Mange som ikkje stod på styraren si liste, trong akutt hjelp.

Då tanta mi låg for døden for tre år sidan, var ho ein av dei første som fekk smertelindring med morfin. Pleiaren ringde sjukeheimslegen for å be om hjelp til å auka dosen. Det hadde han ikkje tid til. Og kor er fastlegen i bildet når pasienten kjem til sjukeheimen og ikkje sjølv hugsar medisinene sine? Etter tre månader på sjukeheimen hadde ei veninne av meg med altzheimer ikkje fått medisinen sin for det låge stoffskiftet.

Bekymra for pasientar

Overlege ved geriatrisk avdeling på Ullevål universitetssykehus, Torgeir Bruun Wyller, bekymrar seg òg over kva som vil skje med denne pasientgruppa etter den nye reforma.

Gamle pasientar med diffuse symptom har ofte heilt andre symptom enn yngre, seier han. Noko som kan føra til at desse kan havna på sjukeheim utan å bli grundig undersøkt og koma til å døy tidlegare enn dei skulle.

Eit slikt tilfelle var 88-åringen som nyleg døydde på Florida sykehjem i Bergen. I ein heil månad hadde han lege på sjukeheimen uten å ha fått medisinsk behandling. Ingen hadde fått med seg at han leid av diabetes, endå det stod i journalen. Eldre blir utrygge. Og korleis blir kvardagen for den mest engasjerte og kompetente hjelparen?

Sjukepleiaren Anna Helene Rebni skreiv i ein artikkel i Aftenposten i sommar at sjukeheimen ho arbeider på, ennå ikkje hadde sett noko til verken pengane eller pleiarane som skulle koma med reforma. «Det er alltid bare snakk om innsparing og størst mulig effektivitet», skriv ho. I en travel hverdag får pasientene ofte ikke tid til å spise seg mette. Mange av pleierne har dårlig språk- og fagkunnskap.

Dei andre som blir gamle

I desse åra eg har fylgt alderdomen, har eg forstått at det berre er dei andre som blir gamle. Eg er den same guten og jenta. Om helsa skrantar, så har eg erfart at når alt kjem til alt, så er det spennande å vera til for dei fleste av oss.

Alder er ingen diagnose.

Men kor mykje vil ein fattig kommune bruka på ein sjuk 80-, 90- eller 100-åring som har lyst å leva? Uttalelsen frå ein politikar i ei tilfeldig lokalavis gjev ikkje stor von. Bygdefolket kjempar mot nedlegging av aldersheimen og får til svar at kommunen sine kostnader innan pleie og omsorg i dei neste tre år skal ned med 26 millionar. Og korleis skal sjukeheimane som slit med plassmangel, brått kunna ta imot fleire pasientar utan å omgjera einmannsrommet som vi endeleg har fått kjempa oss til, til tomannsrom igjen?

Hjelpelaus og åleine

Pasientane som blir utskrivne frå sjukehuset i dag, er mykje dårlegare enn dei var tidlegare, seier byråd for helse- og sosialtenester i Oslo, til Aftenposten. Så kanskje skal det uroa meg endå meir: at eg skal bli liggjande hjelpelaus og åleine i mi eiga seng og venta på at nokon skal koma med mat og medisin, men ikkje kjem. For nokre veker sidan les vi i Aftenposten om 83-åringen som fraus i hel utanfor si eiga gatedør. Hjelpelaus hadde ho tomla rundt i sin iskalde leilighet. Diagnosen var kjend, og bydelen hadde lova at ho skulle få all den hjelp ho trong.

I åra eg har fylgt gamle, har eg ofte undra meg over kor liten respekt samfunnet vårt har overfor sine eldste. Store ord endrar ikkje på dagen djuptgripande holdningar.

Under streiken i vår fekk vi høyra om ein institusjon der eldre på grunn av personalmangel måtte bytast om å bli i senga. Den som fekk vera oppe ein dag, måtte liggja til sengs neste dag. Slik gjekk vekene. Dette var oppegåande gamle, og me veit kva det betyr for ein gamal å bli lagt til sengs. Det eg serleg merka meg, var at verken media eller andre reagerte på ei slik umenneskeleg behandling. Streiken hadde ikkje gått ut over liv og helse, vart det sagt. Nei berre utover gamle!

Like redd

Det er eit tankekors at eg som i alle år har leita etter den gode alderdomen og prøver å formidla den, igjen skal kjenna på uroa som fører meg tilbake til mine første år i NRK der eg i eit Aftenposten-intervju sa at eg var livredd for å bli gamal etter det eg hadde opplevd innanfor tronge og kalde vegger i hovudstaden.

Ja, like redd.

  1. Les også

    Hver tredje kommune mangler sykepleiere

  2. Les også

    Politiet vil GPS-merke demente

  3. Les også

    88-åring med seksdagersuke

Åshild Ulstrup (78)

Mest lest akkurat nå

  1. 1
    SPORT
    Publisert:

    Den 49 år gamle rapperen er like godt trent som en fotballproff. Testresultatene er knapt til å tro.

  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5