Kronikk

Når diktekunsten kjem til kort | Ottar Grepstad

  • Ottar Grepstad
    Forfatter, språk- og litteraturviter
Ifølge NRK er alle faktaopplysninger i TV-serien 22. juli historisk korrekte. - Det held nesten, skriver Ottar Grepstad. Legen Anne Cathrine spilles av Ane Skumsvoll.

Å fortelje er å ordne fortida. Då hjelper det ikkje alltid å dikte.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Diktekunsten stør seg ofte på faktiske hendingar for å bli viktig, men gøymer seg i fiksjon når kritikken kjem. Sakprosaforteljingane er på si side unødvendig konvensjonelle.

Fjernsynsserien 22. juli er så godt laga og så vond å sjå at eg ikkje kan la vere. Pål Sletaune og Sara Johnsen har basert serien på «research og ekte hendelser», står det i forteksten til kvar episode. «Bak serien ligger flere år med undersøkelser og kildearbeid. Alle faktaopplysninger om terroraksjonene 22. juli er historisk korrekte», skriv NRK.no. Det held nesten.

Historisk feil

I ei scene i andre episode følgjer vi mannskap som i julimørket leitar etter dei drepne på Utøya. Ein mobiltelefon lyser på klokkeslettet 03.04. Litt seinare fører seks frå Delta gjerningsmannen ned til kaia og inn på cella.

Ottar Grepstad er forfatter og språk- og litteraturviter.

I den scena kjem opningssetningane frå statsministerens viktige tale: «I dag er Norge rammet av to sjokkerende, blodige og feige angrep.» Dramaturgisk smart, men historisk feil. Den talen heldt statsministeren kl. 22.38, nær seks timar før gjerningsmannen i firetida om morgonen blei frakta frå Utøya.

Aukar interessa

Slikt kan ein gjere i diktinga for å skape den litterære eller dramaturgiske effekten ein er ute etter. Det autentiske og historisk korrekte blir brukt så langt som det er nødvendig å gjere også av ein annan grunn. Dei såkalla ekte hendingane gir ei tyngd og eit truverde som aukar interessa og dermed sjåar- eller lesartala.

Eg har mista teljinga på alle filmane som rettferdiggjer seg med at dei fortel ei sann historie. Når kritikken kjem, anten det er mot Kon-Tiki eller Max Manus, gjed det derimot om å distansere seg frå det historiske førelegget og insistere på at det er jo dikting.

Les også

Anmeldelse av serien «22. juli»: Rørende om hverdagsheltene som var på jobb

Ryddig forfattar

To år etter militærkuppet i Hellas våren 1967 hadde Costa-Gavras gode grunnar til å skape ei fiktiv ramme for filmen Z om det utspekulerte drapet på den greske politikaren Grigoris Lambrakis 22. mai 1963.

Noko heilt anna er det å bruke det historisk korrekte som det passar ein i fredelege samfunn. Innanfor ei ramme av fiksjon kan ein forfattar eller ein filmregissør gjere som ein vil. Idar Kristiansen flytta like godt Krim-krigen fleire år i romanverket Kornet og fiskene på 1980-talet.

Historikaren og romanforfattaren Aina Basso tok eit heilt anna val med romanen Ungen (2019). Ho hadde mange år før studert saka om dei såkalla englemakarane i Kristiania kring 1900. Fem kvinner blei dømde for å ta drepe over 20 pleiebarn. Gjort dei til englar. Tre av dei tiltalte heitte Anna, Pauline og Martha. Det gjer dei også i romanen. Basso skriv i eit etterord at ho emna på ei sakprosaforteljing, men ho fann ikkje ut nok om dei til at ho kunne gjere det. Slik skriv ein ryddig forfattar.

Å ordne fortida

Å fortelje er å ordne fortida. Når det kjem til stykket, kjem likevel diktekunsten til kort, og mykje er ugjort sakprosaen.

Å vere forplikta til det historisk korrekte er inga enkel sak, for forståing av historia endrar seg over tid. Nye dokument og opplysningar kan endre den samla mosaikken, og tenkjemåtar om fortida kan flytte både tyngdepunkt og konklusjonar.

Claudia Moceks tette, presise biografi frå 2017 om legenda og mysteriet Mata Hari, ho som truleg var dobbelagent under den første verdskrigen utan å forstå i tide kva det innebar, kunne knapt skrivast før avstanden var stor nok.

Nokre av grunngrepa i ei forteljing er å forseinke framdrifta, forsvinne inn på sidespor og avvegar, framstille parallelle hendingsforløp og å gjenta tidlegare element med eller utan ein vri. Dokumentar-serieskaparar kan drive dette ut i parodien, men mang ein biografi og endå fleire romanar ville bleikne viss forfattarane kom for fort til poenget.

Les også

Krig og kontrovers: Diskusjonen om norske okkupasjonsfilmer har rast siden 60-tallet, skriver Einar Aarvig

Litterære klisjégrep

I diktekunsten har modernismen lenge vore ein vane. Modernisme er meir enn form, og det er som om modernismen knapt har nådd fram til sakprosaen. Der dominerer tusenårlange konvensjonar og skrivemåtar, men med tendensar til nytenking, som då Neil MacGregor gav ut A History of the World in 100 Objects (2012).

Vitskapsprosaen bør neppe utsetjast for slike påkjenningar, heller ikkje artiklar som den Aina Basso skreiv om «Pleiemødre-Sagen» i 2012. Der er mange andre sjangrar å fornye.

Der er mange litterære klisjégrep i avisspaltene, men likevel ber nok journalistikken i seg vel så mykje formfornying som sakprosabøker flest. Kan journalistar prøve ut ulike former i sine skrifter frå samtida, bør også fortida kunne skildrast på fleire måtar.

No er det alt 45 år sidan den franske historikaren Emmanuel Le Roy Ladurie gav ut boka Montaillou om folk og liv i den oksitanske landsbyen mellom 1294 og 1324. Ut av protokollane frå inkvisisjonen i Montaillou skreiv han fram ein av dei flottaste mosaikkane i moderne sakprosa.

Mikrohistorie, sa nokon. Annales-skulen, sa andre. Klok skrivekunst, seier eg.

Meir kunnskap

Originalen er betre enn kopien, og Ladurie kan dei færraste kopiere. Verket hans bør likevel vere ei påminning om at jamvel ei forteljing om til dømes 1900-talet godt kan rivast laus frå dei vanlege epoke- og emnekapitla.

Den store Årsakssamanhengen kviler tungt over sakprosaen. Jo då, nokon må utføre og ta vare på dei analysane, men gode sakprosaforteljingar kan skrivast på fleire måtar enn kronologisk eller tematisk. Alle må ikkje forklare og forstå alt. Di meir kunnskap der er, di fleire måtar kan den formidlast på.

Den upålitelege forteljaren

Parallelle historier er ei velprøvd form, og Det utrolige døgnet av Bjørn Bjørnsen frå 1977 står seg enno. Sakprosaforfattarar skiftar gjerne scene, men nesten aldri synsvinkel.

Den allvitande forteljaren blir ikkje utfordra av ein upåliteleg i same boka, anna enn som kontrollerte sitat frå andre. Paradokset er at ingen i ei sakprosaforteljing må vite meir enn den upålitelege forteljaren, for der er inga dikting å stø seg til.

Lause trådar kan stor diktekunst vere avhengig av, men i sakprosaen skal alt helst gå opp. Det trur eg ikkje er nødvendig, berre forfattaren bruker sine for- og etterord til å klargjere rammene. Utan å gi slepp på truverde og presisjon kan nok sakprosaforteljingar skrivast like godt som dei dikta historiene. Det gjeld berre å prøve.

Følg Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les også

Kronikk av Ivo de Figueiredo: Hvilke historier velger vi å fortelle om krigen?

Serietips

Nyhetsbrev Trenger du en ny serie å se på? Få rykende ferske anbefalinger fra film- og serieanmelder May Synnøve Rogne på e-post.

Les mer om

  1. 22. juli
  2. Sakprosa
  3. Film