Kronikk

Kronikk: 100 år med lønna fødselspermisjon | Magnhild Folkvord

  • Magnhild Folkvord

Det var ingen garanti for lønna fødselspermisjon då Betzy Kjelsberg for 100 år sidan møtte dei kvinnene som Oscar Braathen skreiv om i «Ungen», skriv Magnhild Folkvord. Og dette er dei kvinnene, ansatt ved Graahs spinneri i 1913. Foto: Wilse/Arbeidermuseet

Med pionéren Betzy Kjelsberg som pådrivar, vedtok Stortinget i 1915 to lovar som langt på veg sikra alle kvinner økonomisk tryggleik ved fødsel.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Da Betzy Kjelsberg starta som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg i 1910, møtte ho dei fabrikkjentene Oskar Braaten skreiv om i Ungen , dei som var avhengige av at Hønse-Lovisa kunne sjå etter ungane medan dei sjølve hadde lange arbeidsdagar i fabrikkane.

Åttetimarsdagen var enno fleire år unna, arbeidet var tungt, bustadforholda dårlege og det var ingen garanti for lønna fødselspermisjon. Ei lovfesta bidragsplikt for fedrane var heller inga sikker inntektskjelde for ei einsleg mor.

Fabrikkinspektøren si oppgåve var å sjå til at paragraf 28 i fabrikktilsynslova vart følgd: «Det maa ikke tillates kvinder at arbeide i de første 6 uker efter deres nedkomst.»

Ikkje bra for mødrene — og for barna

At det kunne vera vanskeleg å få dei nybakte mødrene til å halda seg vekk frå dei lange og slitsame arbeidsdagane i fabrikkane, hadde Betzy Kjelsberg forståing for: «Fristelsen til at begynne tidligst mulig er stor, naar nød er til stede.»

Magnhild Folkvord.jpg

Ho hadde medkjensle med dei unge kvinnene, men at dei starta på jobb så raskt etter ein fødsel, var ikkje bra for mødrene, og ikkje bra for barna. Fabrikkinspektøren måtte handheva lova, sjølv om den var mangelfull. I løpet av dei to første åra som fabrikkinspektør gav Kjelsberg sju gonger pålegg til arbeidsgivarar i tifelle der barselkvinner hadde begynt å arbeida før det hadde gått seks veker etter fødselen.

Det vanlege var at kvinner som venta barn, slutta i jobben nokre veker før fødselen. Når dette vart meldt til sjukekassa, mista dei retten til lønn i permisjonstida, same kor langt samanhengjande medlemskap dei hadde frå før.

To lovar måtte endrast

Betzy Kjelsberg såg at to lover måtte endrast, og ho visste å bruka fleire kanalar for å få til forbetringar.

Da ho skreiv om dette i den første inspektørårsmeldinga, nemnde ho også at ho hadde tatt opp saka med styret i Norske kvinners nasjonalråd (NKN), paraplyorganisasjonen som samla dei fleste kvinneorganisasjonane, men ikkje arbeidarkvinnene:

  • Det eine var at barselkvinnene måtte få rett til noko fri også før fødselen, utan å risikera å mista jobben. Det kravde endring i fabrikktilsynslova.
  • Det andre var at dei måtte sikrast økonomisk støtte, slik at dei kunne vera borte frå jobben både to veker før fødselen og seks veker etterpå. Det kravde endring i sjukeforsikringslova.

Økonomisk støtte før og etter fødsel

Dei fleste i styret til Nasjonalrådet levde under heilt andre sosiale og økonomiske vilkår enn fabrikkjentene, og hadde lite eller ingen konkret kjennskap til korleis det var å vera ung kvinne i den tidas industri.

Kjelsberg foreslo at dei skulle senda eit framlegg til Stortinget som kunne sikra at mødrer fekk økonomisk støtte både før og etter fødsel.

Det var sympati for framlegget, men styremedlemmene ville finna ut noko meir om korleis sånt var ordna i andre land, før dei kunne gå inn for eit konkret framlegg.

I februar 1912 skulle Gerda Meyerson, ein kjend sosialarbeidar i Stockholm, komma til Kristiania. Kjelsberg foreslo å invitera Meyerson til å halda eit foredrag om det svenske framlegget til mødreforsiking i Folkets Hus. Styrefleirtalet ville ha foredraget, men tykte ikkje Folkets hus var rett lokale.

Det svenske eksempelet

Dei fann eit lokale som høvde betre for NKN-styret, og Meyerson heldt foredraget sitt i Det Medicinske Selskab sine lokale i Kristian IVs gt 9.

Ho gjorde greie for det framlegget til mødreforsikring som skulle handsamas i den svenske Riksdagen i nær framtid: Like barselpengar til alle – to kroner per dag i permisjonstida på minst seks veker, av dette minst fire veker etter fødselen.

I tillegg var det framlegg om ein ammepremie på 15 kroner for dei mødrene som amma i minst tre månader. Barselpengane på to kroner for kvar arbeidsdag låg litt over gjennomsnittslønna for dei svenske industriarbeidarkvinnene.

Til NKN-styremøtet i slutten av mars laga Katti Anker Møller eit framlegg om mødreforsikring i tilknyting til sjukeforsikringa. Før det vart sendt til Stortinget, skulle dei lokale kvinneorganisasjonane få uttala seg.

Men responsen frå lokallaga var ikkje stor nok, og nokre var direkte ueinige. Det kan ha samanheng med at dette var ei sak som var svært viktig for kvinnene i arbeidarklassen, men som ikkje engasjerte dei «borgarlege» kvinneorganisasjonane i same grad.

Motstanden hang gjerne saman med eit syn på ugifte mødrer som «syndige», og synd skulle ein ikkje oppfordra til.

Tid til meir avklaring

I mai 1912 viste det seg at sosialkomiteen i Stortinget ville utsetja saka om mødreforsikringa. Dermed var det tid til meir avklaring.

Kjelsberg fekk NKN-styret med på å skriva til dei medlemsorganisasjonane som ikkje hadde uttalt seg, eller uttalt tvil, og oppmoda dei til å gjera seg opp ei meining på grunnlag av ei tilsendt utgreiing, «da sagen ellers kan bli tat kvinderne ud af hænderne».

Framlegget til Norske Kvinners Nasjonalrådsom om mødreforsikring vart sendt til Stortinget i januar 1913

Styret bestemte også å senda ut særtrykk av Gerda Meyerson sitt foredrag om det svenske framlegget til mødreforsikring. Dette gav resultat. I juni kom åtte nye stemmer for framlegget og ei imot.

Dermed var 28 ledd for, og fem imot. Det var nok til at det kunne bli vedtatt. Framlegget til Norske Kvinners Nasjonalrådsom om mødreforsikring vart sendt til Stortinget i januar 1913.

Støtte frå Castberg

Johan Castberg, som seinare har vore særleg kjend for dei castbergske barnelovene, hadde sans for NKN sitt framlegg om mødreforsikring. Castberg vart statsråd i januar 1913, og frå juni 1913 var han sosial-, handels— sjøfarts- og industriminister. Han foreslo åtte vekers barselpengar for dei kvinnene som var medlemmer av sjukekassa, og ein eingongssum på 40 kroner for «medlemmers hustruer».

Opprinneleg hadde Castberg foreslått 48 kroner, medan resten av regjeringa gjekk inn for 30 kroner. Sosialkomiteen slutta seg til framlegget om 40 kroner, og dessutan fri jordmorhjelp. «Det er saaledes haap om at denne store reform nu skal bli gjennemført,» skreiv han i dagboka si i desember 1913.

Det tok enno tid før endeleg handsaming i Stortinget. Men medan første verdskrigen herja i Europa, var det norske Stortinget i stand til å gjera fleire lovvedtak til beste for mødrer og barn.

Med endringar av både sjukeforsikringslova 6. august 1915 og fabrikktilsynslova 18. september 1915, kom mødreforsikringa på plass.

Gratis jordmorhjelp til alle

To vekers betalt permisjon før og seks veker etter fødselen, og minimum ei krone per arbeidsdag for dei kvinnene som var i arbeid, vart resultatet. Elles følgde barselpengane dei same satsane som sjukepengane, og varierte med årslønna.

Eingongssummen for kvar fødsel til dei kvinnene som ikkje hadde eiga inntekt, men var gifte med menn som var medlem av sjukekassa, var noko heilt nytt. Den vart sett til 30 kroner. Alle fekk gratis jordmorhjelp, eller rett til opphald i fødeheim.

To vekers betalt permisjon før og seks veker etter fødselen, og minimum ei krone per arbeidsdag for dei kvinnene som var i arbeid, vart resultatet

Kravet om ti månaders medlemskap i sjukekassa stod ved lag, men no med eit tillegg om at «kortere avbrytelser i de 10 måneder kommer ikke i betraktning». Dette, saman med retten til to vekers permisjon før fødselen, skulle sikra at dei kvinnene som var i arbeid, ikkje mista retten til sjukepengar i den lovpålagde permisjonstida.

Før den første kvinna vart vald inn på fast plass i Stortinget, brukte ein vaken fabrikkinspektør med sans for både politikk og kvinneorganisering dei utvegane ho fann for å få til å lovendringar til beste for kvinner i alle samfunnslag.

Artikkelen byggjer på eit kapittel i ein kommande biografi om Betzy Kjeldsberg.

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    - Jeg er så glad for at ingen drepte mamma da hun fikk meg | Åshild Ulstrup

  2. KRONIKK

    Putin og Zamjatins advarsel | Jahn Otto Johansen

  3. KRONIKK

    Oslo-ungdommens rusdelte by | Willy Pedersen og Anders Bakken

  4. KRONIKK

    Ny luksus-E18 mellom Oslo og Asker vil øke bilbruken, noe alle politikerne er imot. Så hvorfor vil de bygge den? | Bjørn Stærk

  5. KRONIKK

    Har nedgangen i sysselsetjinga i landbruket stansa opp? | Reidar Almås

  6. KRONIKK

    Det er en sammenheng mellom den folkerettsstridige invasjonen i Irak og fremveksten av IS | Rune Ottosen