Kronikk

Kvifor er det viktig at Maria er jomfru når ho føder Jesus?

  • Alf Kjetil Walgermo
    Alf Kjetil Walgermo
    Forfatter

Maleriet «Annunciazione», «Bebudelsen», viser engelen som kommer med bud om at Maria skal føde Guds sønn. Foto: Leonoardo da Vinci, gjengitt etter Creative Commons-lisens

I islam trer Jesus inn som forsvarar når jomfru Maria blir utsett for rykte om lausaktig framferd. I kristendommen er det evangelisten Matteus som tar denne forsvarsrolla.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein engel går gjennom rommet. Det er fleire hundre år sidan Jesaja levde. Profeten snakka om ein fred utan ende, om ein fredsfyrste som skulle bli fødd. No er landet okkupert av romerske soldatar, og folket ventar på ein frelsar, ein som skal fri dei frå undertrykkinga.

«Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»

Lukas er den einaste av evangelistane i Bibelen som fortel om bodskapen til Maria. Og for ein bodskap det var: Den unge jomfrua frå den vesle landsbyen Nasaret skulle bli Jesu mor.

Kristne over heile verda reknar Marias son som Guds son. Jesu fødsel blir med eit teologisk omgrep kalla for inkarnasjonen: Gud ikledde seg menneskekjøt og blei som oss.

Ifølge den kristne trua er Jesus både fullt ut menneskeleg og fullt ut guddommeleg – både menneske og Gud. På det økumeniske konsilet i Efesos i år 431 får Maria tilnamnet «Theotokos» – gudeberaren eller gudeføderska. Maria blir ikkje berre Jesu mor, ho blir også Guds mor.

Alf Kjetil Walgermo er forfatter og journalist. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Korleis kan ei jomfru vere mor?

Bibelforteljinga om og teologien rundt Maria reiser minst to vanskelege spørsmål. Det første er eit biologisk mysterium: Korleis kan ei jomfru vere mor? Det andre er av metafysisk art: Korleis kan eit menneske føde Gud?

At ein engel kjem til jorda med bod om graviditet og fødsel, er ikkje noko nytt i Bibelen. I boka Bibelens kvinner. Historiene som forma verda skriv eg både om Sara og Samsons mor. Også Hagar, som allereie er gravid, møter ein engel som fortel om den føreståande fødselen.

Engelen Gabriel møter med andre ord Maria i pakt med ein velkjent bibelsk tradisjon.

«Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt», seier Maria. Engelen er nøgd med svaret. Jomfrua blir gravid.

Koranens forteljing

I Koranen blir Maryam, som Maria heiter på arabisk, gravid etter eit møte med Guds utsending, som «står fram for henne som ein vakker mann». Mannen seier til henne at ho skal få ein son som er rein av hjartet, og Maria svarer: «Korleis skal vel eg få ein son, då ingen mann har rørt meg? Eg er ikkje lausaktig!»

Guds utsending svarer: «Slik blir det! Herren seier: 'Dette er lett for meg! For Vi vil gjere han til eit teikn for menneska og ei nåde frå Oss. Dette er ei avgjord sak!'»

Jomfru Maria er i Koranen ei audmjuk og rettferdig kvinne som vernar om kyskheita si, ein føresetnad for at Gud vel å «innblåse si ånd» i henne. Samtidig er det nettopp Guds utveljing av Maria – framfor all verdas kvinner – som gjer henne verdig til å bli Jesu mor.

Maria blir gravid og føder Jesus (Isa) under eit palmetre på ein avsides stad. Når ho kjem heim med barnet, blir ho skulda for å vere laus på tråden: «Maria, du har gjort noko uhøyrt!» Koranen fortel at Jesusbarnet då tar henne i forsvar frå vogga.

Rykte om lausaktig framferd

I islam trer altså Jesus inn som forsvarar når jomfru Maria blir utsett for rykte om lausaktig framferd. I kristendommen er det evangelisten Matteus som tar på seg denne rolla.

Matteusevangeliet kan fortelje at Maria skal bli mor til Jesus, så ein gammal Jesaja-profeti skal gå i oppfylling: «Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.»

I Jesaja-teksten står det rett nok ikkje «møya», men «den unge jenta». Ifølge Matteus og Lukas er barnet i Marias morsliv avla av Den heilage ande.

Dette får Josef vite av ein engel i ein draum. Det er ein essensiell beskjed, ettersom han trur at Maria har vore utru mot han. Ei skilsmisse hadde vore dramatisk for den kristne trua. I verste fall ville ikkje Jesus blitt fødd i det heile, for Maria risikerte ifølge Moselova å bli steina til døde for utruskap. I staden tar Josef den gravide kvinna heim til seg, og resten er historie.

Både jomfru og mor

Marias spesielle ettermæle er at ho er både jomfru og mor. Kvifor er det blitt rekna som viktig at Maria er jomfru når ho føder Jesus?

Svaret på det er meir samansett enn at ho skulle oppfylle Jesajas gamle profeti. Ikkje minst er det er knytt til tanken om Marias heilagdom.

Teologen Augustin var blant dei tidlege kristne tenkarane som oppfatta seksualakta som ei overføring av arvesynd. Sidan Jesus var utan synd, kunne han ikkje bli fødd som resultat av ei seksuell handling. Maria måtte føde utan å ha hatt sex.

Protestantiske kyrkjer meiner det i hovudsak ikkje, men både den katolske og den ortodokse kyrkja reknar jomfru Maria som evig jomfru, altså at ho ikkje hadde seksuell omgang med Josef verken før eller etter Jesu fødsel.

Læresetninga om Marias evige jomfrudom blir slått stadig tydelegare fast utover i den tidlege mellomalderen, men dukkar først opp allereie på slutten av 100-talet e.Kr., i det apokryfe skriftet Jakobs protevangelium.

Eit uoppnåeleg ideal

Historia her er overraskande sprek. Ei kvinne omtala som Salome, trur ikkje på at jomfrufødsel er fysisk mogleg. Ho seier at «får eg ikkje stikke fingeren min inn og undersøke henne, kjem eg aldri til å tru at ei jomfru har fødd barn».

Når ho stikk fingeren sin inn i Maria, tar heile handa hennar fyr, og ho skrik opp: «Ve meg for frekkheita og vantrua mi! Eg har prøvd den levande Gud! Sjå, handa mi står i flammar og blir borte!» Når ho i si naud ber Gud om tilgiving, lækjer Jesusbarnet henne, men Salome har lært si lekse om ikkje å utfordre Marias jomfrudom!

Maria blir av mange rekna som den fremste blant verdas kvinner. Gjennom tidene er Marias jomfrudom blitt ein kvalitet som saman med biletet av Maria som mor, risikerer å skape eit dobbelt trykk mot kvinner som ikkje berre respekterer og beundrar henne, men i tillegg har henne som rollemodell: Ein skal helst vere både jomfru og mor. For dei fleste er med andre ord idealet uoppnåeleg.

Men jomfru Maria blei Jesu mor først og fremst fordi ho gjekk med opne auge og villig hjarte inn i mirakelet. Den fattige jenta frå Nasaret viser såleis veg for all verdas truande.

Alf Kjetil Walgermo er aktuell med boken «Bibelens kvinner. Historiene som forma verda» (Samlaget).

  1. Les også

    Jomfru blir ung jente

  2. Les også

    Mysteriet Maria Magdalena

  3. Les også

    Den muslimske Jesus

Les mer om

  1. Jesus
  2. Kristendom
  3. Islam
  4. Kronikk