Kronikk

Miljøsøksmål og politikk | Jørn Øyrehagen Sunde

  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

To miljøvernorganisasjonar vil gå til søksmål mot staten i samband med ti utvinningsløyve av petroleum i delar av Barentshavet 23. konsesjonsrunde. Professor Jørn Øyrehagen Sunde drøftar om dei er gilde eller i strid med det grunnlovsfesta miljøvernet. Hans bakgrunn for å skriva kronikken er arbeidet med boka «Høgsteretts historie 1965-2015», som inkluderte eit arbeid med domstolane sin rett til å prøva lov og forvaltningsvedtak. Jan-morten bjørnbakk/ntb scanpix

Når ein erklærer domstolane sin prøvingsrett som udemokratisk, gløymer ein ofte at den òg er eit bidrag til den demokratiske offentlegheita.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kan domstolane stoppa petroleumsutvinning i Nordområda? Staten ved Olje- og energidepartementet vart 18. oktober 2016 stemna for Oslo tingrett av Foreningen Greenpeace Norden og Natur og Ungdom. Søksmålet gjeld om tildelinga av ti utvinningsløyve for petroleum i delar av Barentshavet 23. konsesjonsrunde er gild, eller om den er i strid med det grunnlovsfesta miljøvernet.

Professor Hans Petter Graver (UiO) vart intervjua om søksmålet i Klassekampen 22. oktober under overskrifta «Snur norsk juss på hodet». Graver uttalte både at søksmålet «vil innebære en ny rolle for domstolene», og «skulle de norske miljøorganisasjonene vinne fram og dommen bli rettskraftig, vil det være det største inngrepet fra en domstol i norsk politikk siden Høyesterett i 1940 utnevnte Administrasjonsrådet». Dette siste var ei klart politisk handling der Høgsterett i realiteten sette seg over Storting og konge/regjering, som var omstridd då den skjedde og sterkt kritisert i ettertid.

Tre ukorrekte avisleiare

Klassekampen følgde opp med ein leiar to dagar seinare der det vart hevda at «et slikt søksmål [kan] medføre grunnleggende forandringer i forholdet mellom domstoler og folkevalgte». Same dagen kunne ein lesa i ein leiar i Haugesunds Avis at «det virker problematisk med dommere som skal inn og besørge mer politisk handlekraft». Og dagen etter stod det ein leiar i Aftenposten med overskrifta «Domstolene skal ikke styre klimapolitikken».

Les dei tre leiarartiklane:

Klassekampen: Søksmål

Haugesunds Avis: Politikk til rettsalen

Aftenposten: Domstolene skal ikke styre klimapolitikken

Graver stilte seg bak verdien av eit slikt klimasøksmål, medan det i dei tre leiarane vart uttrykt sympati med klimasaka, men ikkje med søksmålet. Men det er ikkje tema her. Spørsmålet er om Graver og dei tre avisleiarane gjev eit korrekt bilete av norsk statsrett generelt og domstolane sin prøvingsrett spesielt. Svaret er nei.

Inga kvadagshending

Lat det fyrst av alt verta slått fast: Søksmål av seriøse aktørar mot staten for brot på Grunnlova er ikkje ei kvardagshendig. Likevel har domstolane i Noreg lenge hatt ein rett til å prøva lov mot Grunnlova og forvaltningsvedtak mot lov og grunnlov. Logikken er at Grunnlova er overordna lov, og at Grunnlov og lov er overordna eit forvaltningsvedtak og må difor ha forrang. Det er mogeleg at denne retten vart tatt i bruk alt i 1818 og 1821, men sidan 1866 har prøvingsretten generelt vore ein uomtvisteleg del av norsk statsrett.

Ei prøving av lov vil alltid vera ei utfordring av folkeviljen slik den har kome til uttrykk gjennom stortingsval. Ei prøving av eit regjeringsvedtak har, etter innføringa av parlamentarismen, òg ein klar demokratisk dimensjon ved seg. Ei prøving av forvaltningsvedtaket om tildeling av utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde vil dermed stå i ein om lag to hundre år lang tradisjon for domstolsprøving og dermed for at norske domstolar handlar politisk. I dag skjer det minst ein gong om året, normalt fleire.

Borgarane har fleire rettar

Det har vore ein klar tendens til at domstolane nyttar prøvingsretten oftare, og at ein legg lista lågare. Eit toppår i så måte var 2010, då Høgsterett prøvde lov og forvaltningsvedtak i tre spektakulære saker. I alle dei tre sakene vart vedtaket i realiteten funne å vera ugildt trass i at rettskjeldematerialet gjorde at Høgsterett kunne ha kome til motsett standpunkt.

Denne auka vilje til prøving skuldast at borgarane har fått fleire rettar, og at dei har tek rettane sine i bruk. Dette er eit resultat av ei ønskt politisk utvikling. Utviklinga kan òg politisk reverserast gjennom at ein tilbakekallar nokre av dei rettane som er gjevne eller legg lista høgare for å gjera dei gjelande.

På ein slik bakgrunn er det vanskeleg å sjå kva som gjer ei prøving av tildeling av utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde så eksepsjonelt at den vil hamna i same kategori som utnemninga av Administrasjonsrådet i 1940. Så kan ein påstå at det spesielle i denne stemninga er klimadimensjonen.

Det er vanskeleg å hevda at vernet om klima er meir politisk enn vernet om eigedom eller mot tilbakeverkande lover. Ein skal òg ha i minnet at staten tidlegare har vorte saksøkt i miljøsaker.

Den vigtige Alta-saka

Den viktigaste miljøsaka som har vore oppe for Høgsterett, er Alta-saka. Faktisk må grunnlovsvernet av miljøet forståast på bakgrunn av denne saka frå 1980. Den gjaldt utgreiingsbakgrunnen for eit forvaltningsvedtak med miljøkonsekvensar, akkurat som stemninga av staten av 16. oktober 2016. At saka òg hadde ein klar urfolksdimensjon, gjorde den ikkje mindre, men heller meir politisk.

Men har domstolane si maktutøving auka slik at den vert eit politisk og statsrettsleg problem? Domstolane utøver klart meir rettsleg makt med politiske konsekvensar i dag enn for bare 20 år sidan. Difor har Høgsterett sidan 2003 òg definert seg sjølv som ein konstitusjonsdomstol. Men alle dei tre statsmaktene utøver meir makt. Det kan til og med argumenterast for at forvaltninga, og då særleg Regjeringa, si rettslege makt har auka aller mest. På ein slik bakgrunn kan ein sjå auken i domstolane si rettslege makt som ein auke i maktkontrollen statsmaktene mellom. I eit slikt perspektiv vert samanlikninga med oppnemninga av Administrasjonsrådet i 1940 ureflektert.

Miljøoppvakning

Når ein erklærer domstolane sin prøvingsrett som udemokratisk, gløymer ein ofte at den er eit bidrag til den demokratiske offentlegheita. Alta-saka vart vunnen av staten. Men den førte til ei miljøoppvakning og bidrog på sikt til miljøvernet i Grunnlova. Avisleiarane og Graver overser at domstolspøving kan føra til meir medvit, meir diskusjon og politisk handling.

Skepsis til domstolsprøving er ein generell tendens i Europa i dag. Og Høgsterett har sjølv lagt band på seg sidan 2010 og opererer no med ein høgare terskel for prøving. Kanskje har dette vore ei sunn justering. Men utan høve til, eller med ein låg terskel for domstolsprøving, vert rettar gradvis meir politiske markørar og mindre reelle. Ei slik utvikling bør vera eit resultat av politiske val og vedtak og ikkje subtile signal og uformelt press som fører til rettsleg sjølvrestriksjon.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

  1. Les også

    Norge bør frede Lofoten og bare Lofoten fra oljeleting | Ola Storeng

  2. Les også

    Her er kartet som viser at de mest lovende oljeområdene i Lofoten ligger utenfor Aps oljefrie sone

  3. Les også

    6 spørsmål og svar om hvorfor oljeboring ved Lofoten likevel blir årets politiske verkebyll

  4. Les også

    Arbeiderpartiets programkomité vil verne deler av Lofoten mot oljevirksomhet - men ikke Vesterålen

Les mer om

  1. Oljebransjen
  2. Barentshavet
  3. Høyesterett
  4. Grunnloven
  5. Miljøpolitikk

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Disruptiv teknologi forholder seg ikke til rett eller galt. Disrupsjonens natur endrer selve spillereglene.

  2. KRONIKK

    At Norges største massemorder tapte sin sak om soningsforholdene, er en seier for menneskerettighetene | Ole Gjems-Onstad

  3. KRONIKK

    Norsk lederskap for bærekraftige hav| statsminister Erna Solberg

  4. KRONIKK

    Norsk tilpasning av strafferetten har ledet oss inn i ressursøding.

  5. KRONIKK

    1953: «Sæddonasjon er en olympiade i løgn og sæddonorer en gjeng psykopater» | Eira Bjørvik

  6. KRONIKK

    Den aller beste heder vi viser krigs­generasjonen, er ved daglig å arbeide aktivt for demokratiets verdier, mot ufrihet og ideo­logisk grums.