Kjøtt er ikkje berre kjøtt
Lite medisinering. Lite kraftfôr. Kjøtt frå dyr på beite må vel vere av det sunnaste kjøtet ein kan ete?
Dei nye, nordiske kosthaldsråda skal få oss til å ete mindre kjøtt. Men råda gir oss ikkje meir berekraftig, trygg norsk mat. Tvert i mot.
Eg heiter Lillian Gjerde og driv eit gardsbruk med sau på Stranda på Sunnmøre. «Vårens vakraste eventyr» er straks i gang. For den som ikkje veit kva det er, så er det når alle lamma vert fødde, og sau og lam får ut på grønt gras kor dei sprett glade og leikne rundt!
Vi som driv med småfe og har beitande sauer og geiter, er som regel jordnære folk. Men det skurrar når vi no opplever den offentlege debatten om kva vi alle helst skal ete og ikkje ete.
Grønt lys for raudt kjøtt
Anbefalinga i dei nye kosthaldsråda er maks 350 gram raudt kjøtt i veka.
I Aftenposten har det nyleg kome fram at forskarane ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å sette akkurat denne grensa.
Det er mange som av omsyn til både klima og kropp vel å ete meir grønsaker og mindre kjøtt, og det er nok ikkje berre ein trend, men eit varig skifte. Så då er vel saka biff, som det heiter?
Nei, nettopp no er det veldig viktig at vi innser at kjøtt ikkje berre er kjøtt.
I klassa for såkalla «raudt kjøtt» finn vi kjøtt frå lam, sau og geit. Og dette er eigentleg den typen kjøtt det burde bli gitt meir grønt lys for.
Er du opptatt av grøne verdiar og vil helst ete kjøtt frå dyr som har levd mest mogeleg i fridom ute? Som har beita saman i norske fjellsider? Kortreist kjøtt som er lokalmat i heile landet? Frå dyr som i tillegg gir oss ullklede vi kan varme oss i heile den lange og kalde vinteren?
Svarer du ja på denne sjekkelista, er svaret også at vi skal ha meir sau og lam på menyen. Og gjerne skåle for maten med fersk geitemjølk (som faktisk er å få i mange butikkar med godt utval).
Kvitt kjøtt med mørke baksider
Ok, eg skal kanskje ikkje «snakke ned» andre dyr i landbruket vårt. Men det er eit faktum at for eksempel kyllingar og grisar, som vert kalla «kvitt kjøtt», ofte er svært hurtigveksande dyr som vert fora med kraftfôr og ikkje ser snurten av naturlege omgjevnader.
Mitt poeng er at kjøtt frå dyr på utmarksbeite burde bli meir «in».
Sauer og geiter, og for den del beitande storfe, bidrar til at det langstrekte landet vårt ikkje gror igjen av kratt. Ja, og det er faktisk kratt det gror mest av i Noreg. Her i «steinrøysa» er det berre 3 prosent av jorda som er dyrkbar til menneskeføde. Det er også eit poeng når vi i ei tid med krig og kriser prøver å bli mest mogeleg sjølvforsynte.
Er vi så rike her i Noreg at vi kan ete opp maten til «andre» i staden for å produsere den sjølv?
Sauene og geitene – og dessutan torsken og potetene, har i hundrevis av år vore avgjerande for at det har kunna bu folk her.
I ei uroleg verd som både har vore ramma av pandemi og krig, er det viktig at vi har matproduksjon. Det er viktigare enn nokon gong. Kan vi stole på at land som India, Kina, Brasil eller Ukraina kan produsere maten vår? Er vi så rike her i Noreg at vi kan ete opp maten til «andre» i staden for å produsere den sjølv?
Matsvinn er miljøverstingen
Vektlegginga av klima og berekraft i denne oppheiste kjøttdebatten har rett nok fått fleire til å reagere, fordi det då blir eit veldig komplisert reknestykke.
Men igjen, her er det verd å merke seg at sjølv om drøvtyggarane, som lever av det graset vi menneske ikkje kan ete, står for eit ikkje beskjedent metanutslepp – så gjer dei opp for seg ved blant anna å bidra betydeleg til biologisk mangfald rundt oss.
Mat som går i søpla, er uansett det mest miljøfiendtlege av alt.
At fleire millionar norske verpehøner ikkje vert selde som godt grytekjøtt, men heller blir kasta på dynga kvart år, er ikkje eit «gullegg» i den meir berekraftige utviklinga.
Eigentleg burde vi ete saudehaud (smalahove) og lammeskank heile året. Heldigvis er det ein veksande trend å nytte heile dyret, med innmat og alt. Her har vi mykje å lære av våre «nye landsmenn», som for eksempel har lammelever som noko av det beste dei veit. Eller kanskje er du så heldig at du har nokon i ein eldre generasjon du kan lære av.
Eg tør påstå at folk som koka fårikål, er blant dei som et mest restemat. Og eg gleder meg over at oppskrifter på restemat stadig oftare er å finne i matmagasina sine spalter. Ikkje minst klappar eg for at det har dukka opp nokre trendsetjande restaurantar som går i spissen for ei ny tid ved å servere kresne gjester nettopp «restemat».
Grunnfjellet er trua
Men i disse dagar er det ikkje berre kosthaldsråda som kan bidra til at matvanane våre forandrast i ei negativ retning. Det nært framtidige landbruksoppgjeret kan også bli avgjerande for tilgangen på sunt norsk småfekjøtt.
Eit gjennomsnittleg sauebruk gir ei inntekt pr. årsverk på rundt 200.000 kroner. Det er heilt på botnen i jordbruket og godt under halvparten av ei gjennomsnittleg industriarbeidarløn.
Eit gjennomsnittleg sauebruk gir ei inntekt pr. årsverk på rundt 200.000 kroner
I bøndenes «lønnsoppgjer» må særleg vi som har sau og geit, få eit opprykk. Vi vil så gjerne fortsette å produsere berekraftig mat og ull på norske ressursar, men sjølve grunnfjellet for produksjonen vår er trua av ei utruleg dårleg inntening.
Eg er bekymra, for talet på beitande dyr og gardsbruk går kraftig ned. Er her mange igjen om 10 år? Eg trur ikkje folk forstår alvoret. Gard etter gard blir lagt ned. Kvar blir det av naboen som kan hjelpe deg? Kvar blir det av kunnskapen?
Godt for kroppen og for landet
Det enklaste er å bli ein del av statistikken – og slutte.
Men så er det alt det positive det gir å jobbe med dyr. Ein har ein arv å ta vare på etter tidlegare generasjonar, ein livsstil, eit kall. Men det går ei grense for kor idealistisk ein kan vere og kor mykje ein kan legge i noko som ikkje gir økonomi.
Eg trur ikkje folk forstår alvoret. Gard etter gard blir lagt ned.
Det blir beinharde forhandlingar fram til bøndene forhåpentleg får ein ekstra grunn til å heise flagget på 17. mai. Det du kan gjere, er å spørje i butikkane etter meir kjøtt kjenneteikna av ansvarleg ressursutnytting og god dyrevelferd.
Og kjøtt frå dyr på beite må vel vere av det sunnaste kjøttet ein kan ete? Lite medisinering. Lite kraftfôr. Mykje urter og anna næring som ikkje kan nyttast på anna vis, og som hindrar landet vårt i å gro igjen.