På tide å resirkulere læreboka
Djupnelæring er det som skal prege norsk skule i framtida, og det er det vanskeleg å få plass til mellom to permar.
«Opne boka på side 53. Les til side 57. Svar på oppgåvene side 58. Dersom du ikkje blir ferdig, er resten lekse.» Det seier læraren din i samfunnsfagtimen. Læraren sa det i går også. Læraren seier det neste veke. Du opnar boka. Kvifor treng me alltid å lese i denne dumme boka? Det er mange vanskelege ord. Samfunnsfag er kjedeleg. Du skjønar ikkje kvifor du skal lære dette!
Læreboka har ein sterk posisjon i norsk skule. Læring og undervisning er ofte dominert av innhaldet og oppbygninga i læreboka. Frå skulestart hausten 2020 gjeld Fagfornyinga, den nye læreplanen, og det ligg ei forventning om at elevane skal møte skulen i ny drakt.
Elevane skal lære å lære. Dei skal lære å vere kritiske. Dei skal lære å vere kreative. Dei skal lære å løyse problem. Dei skal lære å vere gode medmenneske. Dei skal lære gjennom tverrfaglege tema. Dei skal lære å sjå samanhengar i og mellom fag. Tradisjonelle lærebøker kan umogleg legge til rette for alt dette.
Kven bestemmer - læreboka eller læreplanen?
Lærebøker er bygd opp for å dekke måla i læreplanane. I ein kvardag prega av tidsnød og stress søker mange lærarar til dei tradisjonelle lærebøkene. Dette er eit trygt val. Når boka er fullført, er jobben gjort. Fokuset på å fullføre boka, framfor kva innhald som ligg til lærestoffet, og kva elevane faktisk har lært, kan ta overhand.
«Flott jobba, Anne. Kanskje du kan jobbe litt raskare av og til, slik at du blir ferdig med alle oppgåvene vi skal gjere. Kanskje du kan ta nokre av sidene som står att ein dag du har litt god tid?»
Det bør aldri vere eit mål at ein må komme seg gjennom boka. Målet må vere at elevane forstår det faglege innhaldet og kan nytte denne kunnskapen.
Pedagogiske val
Mange elevar skal ut i yrker som ennå ikkje eksisterer. I dei nye læreplanane er det færre og meir generelle mål som opnar for at skulane kan ta meir eigarskap i kva elevane skal lære.
For at skulane skal oppfylle intensjonen i Fagfornyinga, må skulane skape ein kvardag som er prega av kritisk tenking, problemløysing og tverrfaglegheit. Det er ikkje lenger tilstrekkeleg å henge att i ei papirbok der permane går i oppløysing.
Læreboka må resirkulerast frå papp og papir til nye måtar å tenke på. Dersom skulane ukritisk og av gamal vane kjøper inn klassesett med lærebøker i alle fag, tenkjer ein ikkje på framtida. Det handlar om å ta pedagogiske val. Det handlar om å velje vekk boka dersom ei anna tilnærming er betre.
Kristin Clemet: Det er 100.000 lærere i norsk skole. Hvor mange av dem er drømmelærere?
Koronaskulen
Det å endre praksis fekk vi mange gode døme på gjennom «koronaskulen» i vår. Skular og lærarar viste stort engasjement og vilje til å tenkje nytt. Dette fortener applaus! Ufrivillig og under press vart lærarane utfordra på bruk av andre pedagogiske verktøy og metodar enn dei vanlegvis nyttar. Dette trur vi har gitt mange nye erfaringar og inspirasjon som lærarane kan ta med seg inn i ein fornya skule, til dømes i form av mindre vektlegging av læreboka og meir vektlegging av sjølveigde læringsaktivitetar.
Fagfornyinga gir moglegheiter for å utvide mangfaldet av læremiddel. Lærebokforlaga er allereie godt i gang med å skape nye lærebøker med digitale læringsplattformer, som tek utgangspunkt i dei nye læreplanane. Dei digitale plattformene gir rom for hurtige endringar i takt med tida.
Skulen er hjartet i lokalsamfunnet og det finnes unike moglegheiter for å skape eit gjensidig samarbeid mellom skulen og nærmiljøet. Skulen har behov for eit mangfald og ulike perspektiv.
«Shoppe» fagstoff
Kanskje det aller viktigaste for ein fornya skule er elevane sjølv. Elevane må vere med å forme innhaldet. Det skal vere rom for undrande og kritiske elevar som stiller spørsmål, og tør å ta fatt på problem der det ikkje alltid er to strekar under svaret. Vi ser for oss ein verden der lærarar kan «shoppe» fagstoff, idear og tankar slik at det vert lagt til rette for kritisk tenking, problemløysing og tverrfaglegheit.
Det er på tide å tenke nytt og vere kritisk. Skulane bør spørje seg sjølv kva det er som skal prege kvardagen. Læreboka, eller skapande og kreative lærarar som løftar blikket mot elevane, ser ut vindauget, inn i verdsveven, inn i andre yrker og over til lokale samarbeidspartar?
Svaret på ein skule for framtida der elevane skal lære å lære, vere kritiske, kreative, løyse problem, vere gode medmenneske og sjå samanhengar i og mellom fag, finn ein ikkje på side 58 i læreboka.