Kritikken mot Norges Tennisforbund er overdriven. Her kjem ei oppklaring. | Lars Gjerdåker
Men inngåing av bonusavtale ved tilsetjinga av no avgått generalsekretær i mai 2015 var eit feilgrep.
Norsk tennis har den siste tida fått meir mediemerksemd enn kanskje nokon gong før.
Ein hardt pressa administrasjon og styre har tidleg sagt at me har ingenting å skjula, og fleire mediehus har vore innom forbundskontora for å få innsyn i mellom anna rekneskap, reiserekningar, stillingsinstruksar, ferieveker og jobbreising.
Styret i Norges Tennisforbund (NTF) har vidare sagt at me ynskjer å gjennomføra ei ekstern gransking.
I debatten som har vore om NTF i fleire medium, er det kome opp påstandar som me ikkje kjenner oss att i, og eg vil her gje tilsvar på noko av dette.
Bonusavtale
Fyrst, for å ha sagt det klart og tydeleg, inngåing av bonusavtale ved tilsetjinga av no avgått generalsekretær i mai 2015 var eit feilgrep. Den avtalen skulle ikkje vore inngått.
Grunnen til at dåverande styre valde ein bonusavtale, var at han kom frå ei stilling med langt høgare løn. For å kunne hente vedkomande, vart det lagt inn eit bonuselement. Men igjen, det var uklokt og burde ikkje skjedd.
NTF hadde då vore gjennom ein turbulent periode med fleire utskiftingar og underskot som brukte av eigenkapitalen. Styret følte trong for stabilitet og god økonomistyring.
I perioden som følgde, vart eigenkapitalen vesentleg betra. I tillegg fekk me inn fleire stillingar som ungdomsansvarleg og ansvarleg for rullestoltennis.
Derfor hagler kritikken mot tennisforbundet
Vedtak om avvikling av ordninga
Underteikna kom inn i forbundsstyret i oktober 2015. Saka rundt bonusordninga vart stilt spørsmål ved i tennis-Norge, og på Tennistinget 2017 vart den teken opp i detalj.
Den vart greidd ut for i tre sider i tingdokumentet, og tingprotokollen viser at både Tinget og forslagsstillar, som var den same som deltok i Dagsnytt 18, var «fornøyd med svarene og redegjørelsen».
Men også i tingperioden fram til 2019 kom spørsmål rundt ordninga opp frå tid til anna, og det skapte diskusjonar også i styret. Det er vanskeleg å gå ut av ein avtale når den er først er etablert, då må den kjøpast fri.
Noko av det fyrste det nye styret sette i gang etter Tinget i 2019, var ei juridisk vurdering for avvikling av bonusordninga. I januar 2020 starta prosessen, og i mars gjorde styret vedtak om avvikling av ordninga.
Skapt unødvendig støy og tvil
Har avtalen hatt negativ konsekvens for tennis-Norge? Ja, det har skapt unødvendig støy og tvil i norsk tennis.
Men reint økonomisk er det ikkje så lett å svara. Det årlege budsjettet har auka i perioden, og NTF har fått meir handlingsrom. Ikkje minst har eigenkapitalen vorte styrkja, som i 2015 var altfor låg.
Men det negative med ordninga er heilt klart at mange med rette har kunna stilt spørsmål rundt prioriteringar, og om desse er gjort for å oppnå målkrav til bonusoppnåing. Slik kan vi ikkje ha det i ein frivillig organisasjon.
Nøktern fordeling
I diskusjon på Dagsnytt 18 la Thomas Wettergren, trenar for eit privat tennisakademi, fram tal der han hevda at NTF nyttar cirka 80 prosent av inntektene på drift av forbundet. Den påstanden er feil.
Det rette er at av forbundets totale budsjett på 20 millionar kroner, utgjer lønsutgifter om lag 40 prosent. Andre forbund av same storleik som NTF ligg mellom 36 og 44 prosent.
Av vel 13 årsverk går meir enn åtte årsverk direkte til sport og aktivitetsutvikling i klubb og region. Dette inkluderer landslag, barne- og ungdomstennis, klubbutvikling, rullestol, padel, og turneringsaktivitet.
Dei vel fire andre stillingane er administrasjon og inkluderer generalsekretær, marknad og kommunikasjon, økonomi og medlemsservice.
Klubbane, gjennom tinget til NTF, har vedteke at me i mindre grad skal gje direktestøtte til klubb, men først og fremst vera ein tilretteleggar for god klubbdrift.
NTF er til for klubbane, og det er i klubbregi storparten av tennisaktiviteten føregår.
Over ti år med vekst
Dei siste åra har norsk tennis i stor grad vore motstraums i norsk idrett, der me har hatt aukande medlemstal sidan 2006. Det tyder på god og stabil drift i våre om lag 145 klubbar.
Me har 50 prosent av medlemane våre i alderen over 26 år og er ein idrett for livet. Me oppnår gode sportslege resultat og har ein Casper Ruud i verdstoppen.
Trening og opplæring i regi av NTF er vurdert til Gold Standard av det internasjonale tennisforbundet. Berre om lag 20 land i verda har dette, Sverige har det ikkje.
Forbetringar
Det er òg kome kritikk mot idrettssjefen for at han reiser mykje utanlands og at han har ei kommentatorrolle i fjernsyn. Reising utanlands er ein klar strategi og skal halda fram. Her har idrettssjefen gjort ein viktig innsats for tennis-Norge.
NTF er ein liten organisasjon og er avhengig av impulsar og kvalitetslæring frå andre land. Kommentatorrolla vert utført på fritida. Det må vera opp til tv-kanalen om han fungerer i denne rolla.
I NTF er vi glade for at han gjer dette. Men denne rollefordelinga må vera tydeleg og open, og det må ikkje vera tvil om prioritet. Definering av dette vil vera del av arbeidet til styre og administrasjon framover.
Når det gjeld reiser innanlands, er dette ansvarsområde for klubbutviklar og våre aktivitetsutviklarar – ikkje for idrettssjefen, slik nokre har meint. Dette fungerer godt, og me får positive tilbakemeldingar frå klubbane om det.
Lågare løn
Lønsnivået på leiarnivå skal ned, og den nye generalsekretæren vil få ei grunnløn som er vesentleg lågare enn førre. Løna vil vera samanliknbar med andre forbund på vår størrelse.
Norsk idrett er basert på frivillig innsats og stor grad av dugnadsarbeid. Sjølv har alle i styret, inklusiv president, null kroner i honorar. Slik har me hatt det i forbundet i lang tid.
Topptennisstøtte
For 2017- 2019 gav NTF ut direkte spelarstøtte på i snitt 0,7 million kroner årleg fordelt på åtte til ti spelarar. Det svarar til vel 15 prosent av det totale budsjettet for topptennis pr. år.
For 2020 har me valt å ta bort desse tildelingane og i staden erstatta det med utvida treningstilbod.
NTF trur at norsk tennis på sikt vil ha større utbyte av eit godt tilrettelagt treningsmiljø i Norge. Med fleire utøvarar som samlast på NTF sitt idrettsanlegg på Hasle, og med landslagsspelarar frå heile landet, trur me at dette vil gagne oppbygginga av eit toppidrettsmiljø og ein prestasjonskultur.
På tennistinget er det klubbane som set budsjett og bestemmer kva strategi og målsetjing NTF skal ha. Forbundsstyret forvaltar mandatet som tinget har sett ut i perioden mellom tennistinga.
For å sikra god etterleving er det eigen kontrollkomite og ekstern revisor. Grunnpilarane våre for å sikra god aktivitet og idrettsglede inkluderer frivillig innsats og openheit.