Kronikk

Kronikk: Hemmeleghald og norsk naziarkitektur | Nicholas Møllerhaug

  • Nicholas Møllerhaug, forfattar
Villa Grung.

Det er ingen tvil om at norsk arkitekturhistorie må omskrivast etter funn av hemmelege mapper i Norske Arkitekters Landsforbunds arkiv.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Dei siste åra har eg granska landssvikmistanken mot stjernearkitekten Leif Grung i Bergen. I den samanhengen ba eg Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) om innsyn i arkivet frå deira hemmelege krigsoppgjer. Eg hadde ei sterk kjensle av at Grung var urettferdig behandla.

Innsyn fekk eg. Problemet var berre betingingane: Eg fekk ikkje bruke opplysningane til «å renvaske tidligere medlemmer».

Sa han hadde vore spion

Siden 2002 har eg leita etter spor som kunne forklåre kvifor arkitekt Leif Grung (1894-1945) tok sitt eige liv. Han kasta seg utfor eit stup om morgonen den 2. oktober 1945 - midt i sitt livsverk på Paradis. Altså nokre kilometer unna Bergen sentrum.

Årsaka har vist seg å vere landssvik-mistankane som ramma han like etter frigjeringa. Det var oppdraget han utførde for Hitlers Kriegsmarine i Laksevåg som felte han.

Nicholas Møllerhaug.

Oppdraget dreide seg om å teikne bygg i den såkalla ubåtbyen tyskarane bygde i Laksevåg. Sjølv påstod Grung hardnakka at han hadde vore spion, men ingen ville tru han. Vitna han hadde var båe drepne av tyskarane.

Alt dette - pluss påstandar om sabotørverksemd og Englandsfart - la han fram for granskingskomitéen i Bergens Arkitektforening.

Meininga var at denne komiteen skulle sende papira til Grung vidare til Oslo. Der skulle NAL vurdere saka hans i eit hemmeleg krigsoppgjer. Rettferdig skulle Grung bli vurdert saman med alle andre norske naziarkitektar. Med seg hadde NAL fått eit lite kobbel juristar slik at alt var i ordna former.

I Grungs tilfelle ender saka allikevel med politisak. Og politietterforskinga - som både er brutal og uregelmentert - gjer presset mot arkitekt Grung valdsamt.

Eit indre oppgjer blant arkitektane

Då etterkomarane til Grung gav meg innsyn i landsvikmappa hans, såg eg straks kor problematisk saka hans var. Det var umogleg å vurdere Grungs tilfelle som eit enkeltståande tilfelle. Mange av dokumenta i mappa peikte direkte mot eit indre oppgjer blant arkitektane.

Tidsvitner frå Englandsfarten i Nordhordland gav meg grunn til å tvile på Grungs nazirykte. Skulle eg få klårleik i dette måtte eg vite om Grung hadde blitt ramma av ei urettferdig behandling. Difor tok eg kontakt med NAL for å be om innsyn i arkitektoppgjeret.

Svaret frå NALs administrasjon var urovekkande. Dei gav meg løyve til innsyn, men berre på ei betinging: «materialet kan ikke benyttes til å renvaske tidligere medlemmer». Dommane skulle stå slik dei hadde stått i 70 år.

Ei lang rekke kjende arkitektnamn

Heldigvis fann eg dokumenta ein heilt uventa stad: i eit privatarkiv i Bergen. Då forstod eg straks kvifor NAL gav meg munnkurv.

Listene bestod av ei lang rekke kjende arkitektnamn. Desse har eg publisert i «Stupet - Leif Grungs krig», som kom ut i vår.

Eit av dei mest kjende namna er Arne Korsmo - Leif Grungs konkurrent om den norske funkis-trona. Han arbeidde for nazistane medan det framleis pågjekk kampar i landet. Saka hans er dermed eit alvorleg døme på ein norsk arkitektkollaboratør.

I Grungs tilfelle er Korsmo-saka ekstra interessant: Leif Grungs son Geir hadde professor Korsmo som lærar. Informantar fortel at Korsmo tydeleg gav Geir Grung kjensle av Leif Grungs arkitektgjerning ikkje skulle snakkast om.

Dette såra den unge arkitektstudenten som var i sorg over faren. Han var trass tragedien stolt over det far hans fekk utretta.

Korsmo-saka

Slik ser Korsmo-saka ut i dei hemmelege dokumenta:

«Sak no 18 - Arne Korsmo

Arkitekt Arne Korsmo har på oppfordring fra Reichkommisariat fremkommet med forslag til diverse møbler i Stortingets lesesal.

Dette var i mai 1940. Arkitekt Korsmo fikk oppdraget.

Før han innsendte sitt forslag rådførte han seg med bl.a. riksarkitekten og reguleringssjef Hals.

Riksarkitekten rådet ham til å ta arbeidet da han selv var satt utenfor.

Reguleringssjef Hals anbefalte å handle etter sin overbevisning.

Dette siste svar burde være en helt klar pekepinn for herr Korsmo.

Dessuten skulle det være unødvendig for en norsk arkitekt å rådføre seg med andre om ønskeligheten av norsk arkitektassistanse ved ominnredningen av Stortingsbygningen.

Når allikevel arkitekt Korsmo påtok seg dette arbeid, må han fullt ut bære ansvaret for sin handlemåte. Få ting har krenket det norske folk mere enn tyskernes anvendelse av Stortingsbygningen.

En kan derfor ikke sterkt nok klandre de nordmenn, som i større eller mindre grad, har vært tyskerne behjelpelig i denne sak.

I skjerpende retning må det også tas hensyn til at arbeidet ble påbegynt før krigshandlingene var opphørt i landet.

Slutning:

Landsstyret finner at arkitekt Arne Korsmo bør tape retten til å inneha foreningsverv i Norske Arkitekters Landsforbund, respektive lokalforeningene, inntil 1. januar 1947.»

Norsk arkitekturhistorie må omskrivast

Korsmo ankar dommen, men får ikkje medhald. Til saman 77 medlemmar av Oslo Arkitektforening blir dømd i det indre oppgjeret.

Dei strengaste straffane rammar arkitektar som var medlemmar i NS. Dei blei utestengde frå NAL på livstid.

Det er ingen tvil om at norsk arkitekturhistorie må omskrivast etter funne av desse hemmelege mappene.

I Leif Grungs tilfelle er saka heilt prekær: Mi etterforsking viser at han mest truleg var dobbeltagent for britisk etterretning og geriljaverksemd i Noreg.

Det var truleg linjer mellom Grung og Special Operations Executive (SOE) i London.

Og utfrå saksgangen i dei hemmelege NAL-mappene var det ingen tvil om at Grung hadde blitt frikjend. Heilt reinvaska. Var det det NAL ikkje ynska?

Var det viktigare å bevare eit feilaktig edelt inntrykk av norsk arkitektstand under krigen?


Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


Les mer om denne saken:

Les også

  1. Langt flere norske arkitekter samarbeidet med tyskerne enn hva som tidligere er kjent

Les mer om

  1. Arkitektur
  2. Krigshistorie