Kronikk

Har nedgangen i sysselsetjinga i landbruket stansa opp? | Reidar Almås

  • Reidar Almås, professor, Norsk senter for bygdeforskning/NTNU
Dersom landbruksinntektene blir lågare enn forventa, går det alltids an for bonden å engasjere meir innvandra arbeidskraft på garden og satse på betre betalte jobbar utanom landbruket for eigen del, skriv Reidar Almås.

Arbeidsinnvandring kan vera noko av forklaringa på at nedgangen i sysselsetjinga i norsk landbruk har flata ut etter 2010.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ferske tal frå Nasjonalrekneskapen viser at nedgangen i sysselsetjinga i landbruket har stansa opp dei siste åra.

Utflatinga av nedgangen i arbeidskraftforbruket i jord- og skogbruk tok til i 2010, og denne ser no ut vil å vera ein trend som varer ved.

Trass i at talet på bruk som søkjer produksjonstilskot minkar med rundt 1000 bruk i året, ser samla sysselsetjing ut til å ha stabilisert seg rundt 45.000 årsverk.

Figur 1. Sysselsette personar i jord- og skogbruk 1970-2015, i årsverk. Tala for 2014 og 2015 er enno usikre.

Korleis kan det ha seg at den samla sysselsetjinga av sjølvstendige og lønstakarar i landbruk stabiliserer seg rundt 54.000 personar eller 45.000 årsverk?

Dette er første gong i mi tid som yrkesaktiv forskar sidan perioden 1976–1980 at det skjer ei slik utflating av nedgangen i arbeidsforbruket i landbruket.

Sikre tal til og med 2013

Det er ingen grunn til å tvile på nasjonalrekneskapstala for sysselsette (lønstakarar og sjølvstendige).

Tala, som er publisert av SSB, kjem når det gjeld sjølvstendige frå sjølvmeldinga (inntektsstatistikken), og når det gjeld lønstakarar, nyttar byrået opplysningar om mottakarar av lønn gjennom «Lønn og Trekk Oppgaveregisteret».

Tala er heilt sikre fram til og med 2013, medan førebelstala for 2014 og 2015 er usikre. Det blir opplyst i SSB at det 31. august 2016 vil bli publisert heilt sikre tal for 2014 (endeleg årleg nasjonalrekneskap).

Dersom vi aksepterer at det har skjedd ei midlertidig utflating i nedgangen i sysselsetjinga, som vi med unntak for krigsåra og slutten av 1970-talet ikkje har sett i perioden etter 1900, kva kan så årsaka vera?

Reidar Almås.

Før politikarane kjem på banen og tar æra for det som har skjedd, kan det vera nyttig å teste nokon hypotesar. Som forskarar er vi vane med å leite etter fleire forklaringar på eit samfunnsfenomen.

Ein raud/grøn/blå bondecocktail?

Ein økonomisk hypotese kunne vera at landbruket verkar som ein buffer, som tar opp i seg arbeidskraft som elles blir overflødige i oljesektoren.

Det kunne tenkjast at mange av dei som no blir arbeidslause, med arbeid i leveringsindustrien på land eller i Nordsjøen, og som har tilgang på eit gardsbruk, fell tilbake på dette og tar opp ei meir aktiv drift.

Det tvilsame med denne forklaringa er at det var inga oljekrise i 2010. Tvert imot var perioden 2010–2013 ei svært ekspansiv tid i oljenæringa, som saug opp arbeidskraft, også frå landbruket.

Ei anna og politisk forklaring kunne vera at ein her ser seinverknadene av dei gode jordbruksoppgjera under åtte år med raudgrønt styre. Jamt over gav dei raudgrøne i gjennomsnitt ein milliard meir i inflasjonsjustert påslag pr. år i jordbruksoppgjera samanlikna med snittet under regjeringa Solberg. Dette gav ein romslegare bondeøkonomi fram til og med 2013.

Samstundes som det har vist seg at ei blå regjering med støtte frå KrF og Venstre ikkje vart så ille for økonomien til bøndene som mange spådde. Dei store kutta i overføringane som var signalisert i Stortinget og i programma til Høgre og Frp fram til og med våren 2013, kom ikkje. Tvert imot administrerer dagens statsråd Dale frå Frp ein forhandla fram jordbruksavtale som gav bøndene 100 mill. meir i budsjettstøtte enn året før.

Denne avklaringa kan ha gitt startskotet til investeringar og satsing hos mange bønder som har sete på gjerdet og venta på politiske avklaringar, eller til personar med arbeid i andre næringar som hadde mogelegheit til å ta over og drive gardsbruk.

Innvandra arbeidskraft

Ei tredje forklaring kunne vera at utflatinga av nedgangen i sysselsetjing kan koma av meir bruk av arbeidsinnvandrarar i landbruket. Det kan tenkjast at nedgangen i talet på sjølvstendige, slik reduksjonen i søknader om produksjonstilskot skulle tilseie, blir motverka av auka bruk av lønsarbeidarar, fortrinnsvis frå Polen og Baltikum.

Figur 2. Talet på lønstakarar i landbruket 1970-2015, i årsverk. Tala for 2014 og 2015 er enno usikre.

Den dramatiske nedgangen i talet på lønstakarar i landbruket fram til midten av 1970-talet vart bremsa opp av opptrappinga i landbruket og den nye avløysarordninga frå 1975.

I ein kort periode gjekk talet på lønstakarar i jord- og skogbruk opp. Etter 1980 var det på nytt ein jamn nedgang i talet på sysselsette lønstakarar fram til tidleg 1990-tal. Da skjer det ei interessant utflating også her, med ein oppgang i sysselsetjinga fram mot år 2000.

Forklaringa på denne auken i talet på lønstakarar er utan tvil innvandra sesongarbeidskraft frå Aust-Europa på grunn av liberalisert europeisk arbeidsmarknad på 1990-talet.

Etter år 2000 er det ein liten nedgang på eit par tusen lønstakarårsverk over ein tiårsperiode, men frå 2009 stig på nytt talet på årsverk som lønstakarane i jord- og skogbruk står for.

Det har derfor noko for seg å hevde at arbeidsinnvandring kan vera noko av forklaringa på utflatinga i nedgangen i sysselsetjinga i norsk landbruk etter 2010.

Alle tre forklaringar bidrar?

Det kan til og med vera slik at alle dei tre forklaringane ovanfor bidrar til den nye trenden, men til ulikt tidspunkt.

Mens kombinasjonen av gode jordbruksoppgjer under dei raudgrøne åra og dei blå sin liberaliserte strukturpolitikk og meir og mindre frivillige landing på den norske landbruksmodellen, kan sjåast som ein raud-grøn-blå bondecocktail med stimulerande og stabiliserande effekt.

Da kjem arbeidsinnvandringa inn som ei supplerande forklaring ved at bøndene som har satsa optimistisk dei siste åra, leiger arbeidsinnvandrarar til å fylle det ekstra behovet for arbeidskraft til auka produksjon og utbygging av bruk, samt til å ta seg av etterslep i vedlikehald. I det aller siste kjem så forklaringa om endringar på arbeidsmarknaden inn, der forventning om svakare utsikter i oljenæringa dei komande åra har fått fleire til å sjå seg om etter kva moglegheiter dei har i jord- og skogbruk.

Trengst arbeidskraft til det grøne skiftet

Om kva inntektsmoglegheiter den arbeidskrafta som no i større grad blir verande i landbruket har, vil ein først sjå om nokon år.

Dersom landbruksinntektene blir lågare enn forventa, går det alltids an for bonden å engasjere meir innvandra arbeidskraft på garden og satse på betre betalte jobbar utanom landbruket for eigen del. Både økonomien i landbruket og forholda på resten av arbeidsmarknaden vil vera med og avgjera kor lenge den nye trenden med utflating av nedgangen i sysselsetjinga i landbruket vil vare.

Med tanke på bioøkonomiens bidrag til det grøne skiftet, ville det vera bra om sysselsetjinga i landbruket no hadde stabilisert seg på eit nytt grunnfjell.


På Twitter: @ReidarAlm

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


Lese mer? Her er noen forslag:

Les også

  1. Bybonde Andreas Capjon: «Det er viktig å la barna få et forhold til det å dyrke jorden»

  2. Sjefen for FNs klimapanel: – Rekordvarmen viser at vi må handle raskt

  3. Økobonde mener Nortura lurer forbrukerne når de selger kjøtt fra «grasfora kyr»

  4. Landbrukets miljøproblem er det enorme kjøttforbruket

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Landbruk