Nedrustingsarbeidet må styrkast. Noreg må bidra.
Norsk atomvåpenpolitikk må ta utgangspunkt i trugslane vi står overfor.
Den nye regjeringa ønsker å delta som observatør på møta til traktaten mot atomvåpen. Det vekker sterke reaksjonar blant våre allierte.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) understrekar at å observere ikkje er eit steg mot å signere traktaten. Men det knyter Noreg nærare til denne prosessen.
Vi kan ikkje bli forsvart av våre allierte med våpen som vi forbyr. Derimot kan vi bli angripe av stater som ikkje bryr seg om dette forbodet. Det er ein realitet vi ikkje kjem utanom i norsk atomvåpenpolitikk.
Ufattelege konsekvensar
Natos atomparaply skal forhindre angrep med atomvåpen. Russisk atomvåpendoktrine opnar for førstebruk av atomvåpen i ei konvensjonell konflikt. Det skaper bekymring blant våre naboland og europeiske allierte i Nato.
Usemje i alliansen om korleis slike angrep skal forhindres, kan svekke vårt felles forsvar. Det kan også skape uvisse hos Russland om kvar grensa går, og føre til farlege misforståelser i ei tid der spenningane aukar.
Bør Noreg bidra til ein prosess som vil forby Natos atomparaply, når Russland ruster opp?
Dette er ikkje ei teoretisk problemstilling. Direktoratet for atomsikkerhet arbeider for første gong sidan den kalde krigen med scenario for bruk av atomvåpen på eller nær norsk territorium. Det same gjer våre naboland.
Konsekvensane av slike angrep kan vi nokså presist modellere. Men dei er knapt til å forstå. Eg har sjølv besøkt Hiroshima og høyrt overlevande fortelle om dagen atombomba sprengde byen.
Krevande politisk samhald
Norsk atomvåpenpolitikk må ta utgangspunkt i trugslane vi står overfor.
Så lenge Russland har atomvåpen, kjem Nato også til å ha det som ein del av sitt felles forsvar. Difor konkluderte både den nye og vår førre regjering at medlemskap i Nato ikkje kan eines med å tiltre traktaten som forbyr atomvåpen. Vi kan ikkje vere med utan å vere med.
Forkjemparane for at Noreg skal tiltre forbodstraktaten forsøker likevel å så tvil ikring dette. Det politiske samhaldet i Nato er grunnlaget for eit truverdig felles forsvar.
Det er krevande å få til i ein allianse der medlemsland møter svært ulike utfordringar i nord og sør. Men det er desto viktigare å sikre samhald når forholdet mellom Nato og Russland er verre enn på lenge.
Forbod er ingen garanti
Bør Noreg bidra til ein prosess som vil forby Natos atomparaply, når Russland ruster opp?
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg åtvarar mot nettopp dette. Kjell Magne Bondevik og Thorbjørn Jagland skuldar Stoltenberg for å snakke usant når han seier at traktaten legg opp til einsidig nedrusting. Det illustrerer problemet med å knytte oss tettare til eit forbod som retter seg mot vår eigen forsvarsallianse.
Dersom ein eller fleire atomvåpenstater skulle signere forbodet, er det diverre ingen garanti for at dei faktisk ruster ned.
Den kjemiske våpenkonvensjonen har ikkje ført til fullstendig nedrusting sjølv om statane formelt forplikta seg til å gjennomføre dette innan 2012.
USA har framleis ikkje fullført dette arbeidet. Russiske agentar brukte kjemiske våpen i angrepet på eks-spionen Sergej Skripal i Salisbury. Bruk av kjemiske våpen mot sivile i Syria viser at norma mot bruk av kjemiske våpen framleis ikkje er universell eller tilstrekkeleg robust.
Men ingen atomvåpenstater har signert atomvåpenforbudet. Tvert i mot ruster dei opp.
Politisk vilje og praktisk arbeid
Russland utviklar avanserte våpensystem for både atomvåpen og konvensjonelle våpen. Slike system testast nær våre grenseområde. Kina sine nye våpensystem kan føre til nye atomvåpenkappløp med USA og Russland. Iran kan utvikle eigne atomvåpen. Saudi-Arabia har signalisert at dei i så fall vil gjere det same.
Under den kalde krigen førte USA og Sovjetsamveldet an innan atomvåpenkappløp og rustningskontroll. I åra som kjem, vil Kina i mykje større grad prege våpenkappløp og muligheter for nedrusting. Bondevik og Jagland ser ut til å overvurdere natoland sine muligheter for å påverke Kina når det gjeld nedrusting. Kina har så langt vist svært liten interesse for å delta i rustningskontroll.
Ei sentral utfordring er korleis vi kan stadfeste at eit land faktisk har rusta ned
Gitt dette biletet er det prisverdig at den nye regjeringa ønsker å styrke innsatsen for nedrusting og ikkjespredning. Det er riktig at utviklinga går feil veg, og at nedrustingsarbeidet må styrkast. Noreg må bidra.
Nedrusting handlar både om politisk vilje og praktisk arbeid. Ei sentral utfordring er korleis vi kan stadfeste at eit land faktisk har rusta ned. Skal ei slik vurdering basere seg på ei fullstendig opptelling av alt uran som finst i landet, ei komplett historisk oversikt over landet sitt atomvåpenprogram, eller ved å overvake forskarane for å sikre at dei ikkje utviklar atomvåpen?
Nedrusting i praksis
Når Sør-Afrika kvitta seg med sine atomvåpen, tok det heile 18 år før det internasjonale atomenergibyrået kunne stadfeste at dei hadde fullstendig oversikt over all uran brukt i programmet. Mellom 1991 og 2003 laga Irak deklarasjonar på mange tusen sider for sine våpenprogram, som likevel blei vurdert som ufullstendige.
Det førte til krigen i 2003 med katastrofale konsekvensar for landet og regionen.
Sør-Afrika viser at dette er vanskeleg å vurdere når eit land har valt å ruste ned, medan Irak viser kor vanskeleg dette er når ein er usikker på om landet vil samarbeide. Teknologisk utvikling skaper nye muligheter for slik stadfesting. Men dei grunnleggande utfordringane ligg fast.
Vi bør lære av dyrekjøpte erfaringar. Her kan den nye regjeringa sørge for viktige bidrag til nedrusting i praksis.