Kronikk

Populærmusikken er ikkje berre kvit og maskulin | Synnøve Engevik

  • Synnøve Engevik
    Kurator ved Rockheim og PhD-kandidat ved NTNU

Hvite er de, men ikke alle er menn. Her blir Finn Kalvik, Anita Skorgan, Morten «Diesel» Dahl og Ronni Le Tekrø Kalvik innlemmet i Rockheim Hall of Fame i april. Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

«Dei beste gjennom tidene»-listene har stort sett bestått av kvite menn som spelte rock i slutten av 1960-åra.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Populærmusikkmusea har utfordra og fornya museumslandskapet, men har òg meir å gå på med tanke på kven som er representert og kven som ikkje er det.

Det er no 24 år sidan det fyrste store museet for populærmusikk opna – Rock & Roll Hall of Fame i Cleveland, Ohio. Sidan den tid har det poppa opp popmuseum regelmessig verda over. Det er eit vidt spekter av institusjonar som omtaler seg sjølve som museum og som populærmusikkmuseum.

Synnøve Engevik er kurator ved Rockheim og PhD-kandidat ved NTNU.

Populærmusikkmusea varierer i størrelse og fokus frå små uavhengige museum, som Vazelina-museet i Hunndalen, til store spesialbygde og bransjefinansierte attraksjonar som Grammy-museet i Los Angeles og i Cleveland, USA. Nokre museum er avhengig av billettinntekter og donasjonar, medan andre får støtte frå stat og lokale styresmakter, nokre er registrerte som ideelle og andre som kommersielle organisasjonar.

Har utfordra vestleg kulturarvpraksis

Populærmusikkmusea har utfordra, fornya og mangfaldiggjort den tradisjonelle vestlege kulturarvpraksisen. Dei har vore med å utvide og endre våre idear om kva kulturarv kan vere, bryte ned det skarpe skilet mellom fagfolk i musea og eksterne ekspertar eller publikum, dei har introdusert nye formidlingstankar og ny formidlingsteknologi, rekruttert nye publikumsgrupper og vore pådrivarar i utviklinga av nye forvaltingsverktøy og -rutinar.

Trass i alle desse positive bidraga, er det sjølvsagt eit forbetringspotensiale innan populærmusikkmusea også. Etter 20 eller 10 år i popmuseumsbransjen, der delar av tida har gått med til å argumentere for at dette er ei arv verdt å ta vare på, er det no dags for litt kritisk sjølvrefleksjon, ei evaluering og kanskje ei oppdatering.

Etablert som eit eige kulturfelt

Den viktigaste oppgåva for eit ferskt popmuseum er sjølvsagt å berge og å syne fram historiske skattar, «meisterverk» eller kanon. Gjennom å plukke ut dei beste artistane, albuma og låtane, slik dei fyrste rockejournalistane også gjorde i slutten av 1960-åra – i publikasjonar som Crawdaddy!, Rolling Stone og Creem, blei popmusikken etablert som eit eige kulturfelt, ved sidan av dei allereie etablerte felta for jazz, folkemusikk og klassisk musikk.

Gjennom kanoniseringa blei populærmusikkfeltet eit felt som burde skrivast om, forskast på og konserverast til våre etterkomarar.

Kvitvasking av musikken

The Beatles, Bob Dylan, The Rolling Stones, The Beach Boys frekventerer så godt som alle lister over «dei beste gjennom tidene». Forskarane Ralf von Appen og André Doehring har studert 38 slike «greatest-albums-of-all-time»-lister.

The Beatles er blant bandene som så godt som alltid er representert på «best of»-lister. Her øver de før de skal opptre for dronningmoren i Prince of Wales Theatre i London i 1963. NTB scanpix

Eit av funna dei gjorde, var at listene stort sett bestod av kvite menn som spelte rock i slutten av 1960-åra. Dette er slåande, då musikken dei spelte og spelar i stor grad baserer seg på musikalske stilar assosisert med ikkje-kvite, og særleg afroamerikanske musikarar. Derfor har forskarar på det same feltet snakka om ein kvit appropriasjon, ei kolonisering eller kvitvasking gjennomført av kvite plateselskap, kritikarar, artistar og publikum.

Dessverre er det slik at kanoniseringa innan populærmusikken i stor grad fortsetter i same spor som dei tidlege rockkritikarane etablerte, skriv Vaughn Schmutz i den nye antologien The Routledge Companion to Popular Music History and Heritage. Innan sjangrar som punk, postpunk og indie gitarrock frå 1980- og 1990-åra er det i hovudsak musikk som kan karakteriserast som kvit og maskulin som er innvia.

Bør «populærmusikk» skiftast ut?

Dette bilete av musikkhistoria er populærmusikkmusea iblant med på å nyansere. Og det meinar eg er viktig. Særleg for eit museum med offentlege tilskot, slik som Rockheim, er det å grave opp nye forteljingar frå arkiva ein sentral del av samfunnsoppdraget.

Det gjorde me til dømes i utstillinga om kjønn og kjønnsidentitetar i populærmusikken – I dreamt I was a real boy i 2013, i utstillinga Network of Friends om DIY-inspirerte musikkulturar året etter, og i Soli Deo Gloria - ei utstilling om kristendom og pop som opna no i vår, samt i ulike kulturhistoriske narrativ i hovudutstillinga vår.

I tillegg må popmusea ta stilling til at musikken er i stadig endring. Kanskje er òg termen poplærmusikk moden for utskifting? Slik den moderne musikken har utvikla seg, verkar det ofte meiningslaust å skilje mellom jazz, folkemusikk, kunstmusikk og populærmusikk i eit kulturarvperspektiv.

Musikk i kryssingspunktet

Utgjevingane på selskapet Hubro, til dømes, er som regel ein fantastisk miks av folketonar, samtidsmusikk, improvisasjon, pop og rock. Smalltown Supersound gir ut musikk i kryssingspunktet kunstmusikk og elektronisk dansemusikk, platene frå Rune Grammofon er ofte jazza rock eller rocka jazz, og den viktigaste rekrutteringsarenaen til norsk pop og rock er jazzutdanninga ved NTNU.

Eit anna døme er OK World, plateselskapet til jazzmusikar Bugge Wesseltoft som kombinerer popmusikk med folkemusikk frå heile verda.

Det mektige rock-etablissementet

Mennesker forflyttar seg. Verda, Noreg og populærkulturen er i endring, den har alltid vore internasjonal, men etter at den blei digital, har den i større grad også blitt global. Som kuratorar av populærmusikk gir dette oss eit hav av potensielle, spennande og viktige forteljingar og ei stor utfordring kring å navigere og prioritere i dette havet.

Derfor arrangerer Rockheim no, i samarbeid med tre andre nordiske museum, den internasjonale konferansen From youth culture to cultural heritage ved museet i Trondheim 11. og 12. juni. På programmet står mellom anna ein av dei fremste forskarane på populærmusikk og ungdomskultur i verda, professor Andy Bennett ved Griffith University, Australia.

Bennett skriv at rocken er planta i det kulturelle minnet til ein sosioøkonomisk og kulturelt mektig aldrande babyboomer-generasjon, omtalt som «the rock establishment».

Dette rock-etablissementet har økonomisk makt og ofte viktige posisjonar innan både media- og kulturindustri samt ulike statlege og offentlege institusjonar.

Rockheim inviterer til historiediskusjon

Bennett skriv også at populærmusikkarva i all hovudsak har blitt diktert av ein anglo-amerikansk, kvit og rockorientert middelklasse. Kanskje kan me også leggje til mannleg.

Dei dominerande narrativa meinar han potensielt kan utslette store delar av den musikalske produksjonen, framføringa og mottakinga frå det populære minnet. Med mål om å unngå nettopp det, inviterer Rockheim no journalistar, bibliotekarar, arkivarar, museumstilsette, samlarar, musikarar, arrangørar og alle andre interesserte til å delta i historieskrivings- og kulturarvsdiskusjonen.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Pop (musikk)
  2. Rock (musikk)
  3. Museum

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Flyskam flytter ansvaret bort fra småfeige politikere som ikke våger å ta systembeslutninger

  2. KRONIKK

    Krigen mot terror forlenges fordi sivile drepes i amerikanske droneangrep

  3. KRONIKK

    Veiprising kan ikke alltid erstatte bompenger

  4. KRONIKK

    Nordmenn er de som bruker mest på digitale nyheter. Men to av tre betaler ingenting.

  5. KRONIKK

    Facebook lever av å trigge deg. Og når ting går for fort, blir vi dummere og mer impulsive

  6. KRONIKK

    Transpersoner ble utpekt som uverdige foreldre og måtte steriliseres. Norge må ta ansvar.