Kronikk

NRK svarer på kritikken mot Folkeopplysningen: Det finnes aktørar som prøver å lure det norske folk. NRK er ikkje ein av dei | Thor Gjermund Eriksen og Jan Egil Ådland

  • Thor Gjermund Eriksen
    Kringkastingssjef
  • Jan Egil Ådland
    Prosjektredaktør

Andreas Wahl er programleder i Folkeopplysningen. Foto: Jan T. Espedal

Eit demokrati kan bli rokka ved dersom ein har vonde intensjonar og gjennomføringskraft.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Dei siste dagane har nyheita om NRK-serien Folkeopplysningen sine forsøk på å påverka skulevalet ved Lillestrøm vidaregåande skule skapt reaksjonar. Det er ein viktig debatt som me i NRK ønskjer velkomen og vil lytta til.

Målet til Folkeopplysningen er å visa korleis ulike aktørar kan prøva å påverka oss som veljarar i det skjulte.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og prosjektredaktør Jan Egil Ådland. Foto: Jan Thomas Espedal / NRK

For å illustrera dette ville redaksjonen sjå om verkemiddel, som alt vert brukte i storpolitisk spel, kunne auka oppslutninga til det partiet som hadde færrast stemmer ved førre skuleval ved Lillestrøm vidaregåande, nemleg Senterpartiet.

Eit dristig eksperiment med ei klar målsetjing: Å gjera både elevar og vaksne medvitne på kjeldekritikk i demokratiske prosessar. Prosjektet vart gjennomført med løyve frå rektor og juristar i fylkeskommunen.

Les også

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen visste ikke at Folkeopplysningen eksperimenterte med falske nyheter

Ikkje betydning for valresultatet

Viktige premiss for eksperimentet var at verkemidla for påverknad skulle avgrensast i så stor grad som mogeleg til berre å treffa elevar ved skulen, i ein avgrensa periode, at elevar og lærarar skulle få sjå og kommentera opptaka og ha mogelegheit til ikkje å delta i programmet. Dessutan skulle elevane få grundig informasjon om prosjektet dagen etter skulevalet slik at røysteføre elevar ville få nok tid til å bestemma seg før kommune- og fylkestingsvalet 9. september.

I Lillestrøm var det mogeleg å førehandsstemma ved kommune- og fylkestingsvalet i perioden 12. august til 6. september. Det har vorte stilt spørsmål ved om Folkeopplysningen kan ha påverka enkelte røysteføre veljarar som førehandsstemte før eksperimentet var avslørt. Eit forståeleg spørsmål som me møter med største audmjukskap.

Prosjektet ble rettet mot elever her på Lillestrøm videregående skole. Foto: Jan-Tore Egge/Wikimedia Commons

I vår vurdering av denne risikoen la me vekt på å avgrensa talet på personar som vart eksponerte, saman med at valdeltakinga blant unge har vore låg dei siste åra og at delen som førehandsstemmer er endå lågare. Dessutan er påverknad ein kompleks prosess, der det naturlegvis er langt fleire faktorar enn dei Folkeopplysningen sto bak som avgjer kvar stemma hamnar.

Omfanget på verkemidla me har brukt tilseier at ein eventuell påverknad uansett ikkje blir av betydning for sjølve valresultatet, men prinsipielt er dette utfordrande fordi kvar stemme er viktig i eit demokratisk val.

Les også

Audun Kristoffer Nistad ble lurt av Folkeopplysningen: «Hvis dette er demokratiopplæring, er det den dårligste skoletimen jeg har hatt»

Feilaktige påstandar om prosjektet

I kritikken som har kome etter at eksperimentet vart kjent, er det blitt presentert ei rekke feilaktige påstandar om prosjektet. Mellom anna at NRK publiserte såkalla «fake news» og på den måten er med på å svekka demokratiet. Dette biletet treng nyansering.

Eksperimentet vart gjennomført over eit halvt år, men det var berre dei siste to vekene fram mot skulevalet at Folkeopplysningen posta ti fabrikkerte artiklar frå fiktive nyheitshus via Facebook-kontoar dei hadde oppretta. Totalt hadde desse artiklane berre 264 klikk. Grunnen til dét, var nettopp at dei var retta mot Facebook-brukarar i alderen 14–19 som hadde oppgjeve Lillestrøm vidaregåande skule som utdanningsstad på profilen sin.

Statsminister Erna Solberg var ikke imponert over NRKs skolevalg-stunt. Foto: Bjørge, Stein

Redaksjonen overvaka kontinuerleg bruken og var klar til å ta vekk nyheitene om dei skulle få for stor spreiing. På eit allmøte på skulen morgonen etter skulevalet gjekk Andreas Wahl frå Folkeopplysningen gjennom alle artiklane for å forklara elevar og lærarar kva som var blitt gjort og at artiklane ikkje var ekte.

For å visa breidda i verktøy som kan vera farlege i feil hender vart det posta meir innhald til den same elevgruppa:

  • Ein falsk valgomat på eit kjøpt domene som skulle styra fleire av brukarane mot Senterpartiet
  • Ei handfull Instagram-kontoar som på ulike måtar promoterte senterpartivennleg innhald
  • Eit Facebook-event om klimastreik
  • To facebooksider som vart brukte til å komma i kontakt med elevane.

Det vart sendt ut T-skjorter med bilete av Trygve Slagsvold Vedum til ei handfull elevar med oppmoding om å legga ut bilete i sosiale medium.

Les også

Aftenposten på lederplass: Alvorlig at NRK har spredt falske nyheter

Dristig og kontroversielt

Skulevaleksperimentet var dristig og kontroversielt. Difor må me tola den kritikken som no har kome. Langt over streken, seier somme. Svært viktig, meiner andre. «Ja, jeg ble lurt, ja vennene mine, lærerne og hele skolen ble lurt, unntatt rektor så klart. Jeg har samtidig lært så ekstremt mye! Ikke tro på alt du leser», skriv ein av elevane i VG.

Og fasit er at elevane neppe har latt seg påverka i skulevalet.

Kanskje er det fordi vårt forsøk på påverknad skjedde i relativt liten skala. Eller kanskje er det fordi elevane gradvis byrja å avsløra oss. Kanskje er det nettopp ungdom som er mest medvitne om farane ved manipulasjon. Me har blitt djupt imponerte både over debatten på skulen, dei reflekterte innlegga frå elevane, både for og i mot, og ikkje minst kor årvakne mange av dei har vore i møte med eksperimentet.

Les også

Medieviter Tellef S. Raabe med støtte til NRK: Stuntet kan lede til økt medietillit og bedre kildekritikk

Poenget vårt var å visa, på ein måte publikum kan relatera til, døme på korleis eit demokrati kan bli rokka ved dersom ein har vonde intensjonar og gjennomføringskraft. Og me trur at når me sender programmet seinare i haust, vil debatten nettopp handla om dei nye utfordringane demokratiet står overfor.

Bergens Tidende skreiv denne veka på leiarplass at «det er utilgjeveleg at NRK igjen og igjen vil lure det norske folk». Om det er noko NRK ikkje prøver på i denne saka, så er det å lure det norske folk. Det er det nok aktørar som prøver på. Det er akkurat det me vil ha fram med dette eksperimentet.

Les mer om

  1. NRK
  2. Falske nyheter
  3. Demokrati
  4. Kommunevalg 2019

Relevante artikler

  1. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi

  2. KRONIKK

    Norge bør være forberedt på store samfunnsendringer i nabolandet

  3. KRONIKK

    Jeg er dypt bekymret. For Venstre, men også for landet vårt.

  4. KRONIKK

    Politisk uoversiktlighet. Distriktsopprør og klimaopprør. Planeten brenner, men velgerne strømmer til demagogene

  5. KRONIKK

    Paradoksal og latterlig kritikk av Støres fond. Han burde høste respekt, ikke mistro.

  6. KRONIKK

    Periferiens brøl ga oss valgresultatet