Regjeringa blir utfordra på mangelen på sjukepleiarar og lærarar. I 2035 vil det vere ein manko på 28.000 sjukepleiarar. Noko må gjerast, krev opposisjonen. Korleis skal politikarane klare det?

Universitetet Nord har laga forslag om å legge ned campus. Det er Nesna og Namsos som for tida ligg i skuggen av akademisk rørsle og økonomiske insentiv. Mange har vist sin motstand mot nedlegging. DDE har òg hatt støttekonsert. Eit musikalt signal for å styrke alarmberedskapen for å behalde campus. Men det er langt frå Namsos til Royal Albert Hall.

I Namsos er det sjukepleiarutdanning, og eit sjukehus med behov for arbeidskraft. Steinkjer er også truga, med eit nybygg til ein halv milliard kroner der universitetet skal vere leigetakar. I Nesna er det snart slutt for lærarutdanninga. Når den vert lagt ned, er det ei erfaringshistorie på 100 år som vert radert bort. Samstundes er det stor mangel på sjukepleiarar og lærarar i Nord-Noreg.

Robuste fagmiljø?

Det er funn i forsking som viser at dei som tek utdanning lokalt, gjerne blir verande. Lokalpolitikarar og stortingsrepresentantar lovar at noko vil bli gjort. Andre peikar på at universitetet har gått bort frå fusjonsplattforma, der det sto at alle studiestadar og campus skulle satsast på. Universitetet Nord har svak økonomi, og då er kutt det same som å spare?

Ansvaret ligg hjå styret, som er suverene til å ta den avgjerda dei meiner er til universitetet sitt beste. Statsråd Nybø har rett nok prøvd å instruere dei, men ein kan undre seg over kva som då er poenget med å ha eit styre.

Det blir snakka mest om å skape robuste fagmiljø. Det var ein av grunnane til heile strukturreforma i høgare utdanning. Det robuste er motstandsdyktig og kan ikkje lett brytast ned. I høgare utdanning i Noreg må ein ha 20 prosent førstekompetanse for å tilby bachelorgrader, og 50 prosent førstekompetanse for å tilby mastergrader.

Det er berre eitt anna land i Europa som har eit slikt krav, og det er Portugal.

Forskingsbasert undervisning

Universitetet Nord slit med å oppfylle desse krava, og det er utgifter med å trekke til seg og halde på kompetente fagfolk. Ved OsloMet må dei tilsetje to professorar i månaden dei neste seks åra for å halde følgje. Dei går ut frå at ein auke i tal professorar vil slå positivt ut når det gjeld å oppnå eksternt finansierte prosjekt og høge tal på publisering. Det må det vere lov å håpe på.

Eit spørsmål blir då i neste omgang om dei med høgst utdanning har tid til å bidra med det daglege utviklingsarbeidet i sektoren.

Det er uttalt fokus på forsking og forskingsbasert undervising. Det er rom for ulike tolkingar av kva det er som gjer undervisinga forskingsbasert. Nokre meiner at du må forske på fagfeltet sjølv, andre at det er nok å formidle relevant forsking.

Slik kravet til kompetanse er, må leiinga heller tilsetje ein førsteamanuensis med forskarerfaring enn ein med erfaring frå praksisfeltet. Det er ganske opplagt at du må tenkje slik dersom du står i fare for å falle under kravet til førstekompetanse. Men det blir nesten gløymt at det som utdanningane tener pengar på, er å utdanne studentar med den kompetansen som arbeidslivet treng og vil ha.

På ville vegar

I forskrifta for høgare utdanning står det at norsk utdanning skal vere basert på det fremste innan «forsking, fagleg- og kunstnerisk utviklingsarbeid og erfaringskunnskap». Det betyr at eit fagmiljø òg må ha utviklingskompetanse og folk med erfaring. Men ved nedlegging, omstrukturering og konsolidering er det forsking som gjeld.

Det som tel er å etablere robuste forskingsmiljø, og då kan ikkje kompetansen smørjast tynt utover.

Noreg har alltid vore ein nasjon basert på praktisk kunnskap og innovative arbeidsfolk, frå vikingane med kompetanse i å bygge båtar til oljeingeniørane som har utvikla undervassteknologi i verdsklasse. Er vi no på ville vegar, og i ferd med å definere erfaringskunnskap som mindre verd?

- En god dag er en dag der man har rukket å gå på do {{{silentplay:true}}}

Kan bli uro i samfunnsstrukturen

Bachelorutdanninga i sjukepleie i Noreg står stadig framfor generasjonsskifte. Universitet og høgskular konkurrerer om å få tak i den same kompetansen. I ein slik samanheng vart det for ei tid tilbake sagt at sjukepleie ikkje er ei norsk oppfinning. Sagt med andre ord: Fagfolka kan rekrutterast frå utlandet. Men reiser det nye etiske perspektiv som må inkluderast? Til dømes rekruttering av fagpersonar frå land der det kanskje også er mangel på fagpersonar.

Sjukepleiarutdanningane landet rundt har brukt store ressursar på å heve kompetansen i fagmiljøa sine. Men det er kanskje ingen garanti for at førsteamanuensane og førstelektorane blir verande i høgare utdanning? Spesialisthelsetenesta og kommunar treng òg arbeidskraft. Når kompetansehevinga er fullført, vil det kome aukande krav om publisering. Det kan fort bli press, som vanskeleg let seg foreine med forventninga om ein vanleg arbeidsdag.

Vi har ein profil på at sjukepleietenestene skal yte kvalitet i assistanse, ønska pasientstatus og intervensjonar i sjukepleia. Det kan bli uro i samfunnsstrukturen om dei etablerte sjukepleietenestene vert endra.

Erfaring frå arbeidslivet

Nord-Noreg treng sjukepleiarar og lærarar, og det treng resten av landet òg. I opplæringa av dei profesjonelle fagpersonane vi må ha i framtida, treng universitet og høgskular også fagpersonar med erfaring frå arbeidslivet. Dersom vi held fram med å nedvurdere denne kompetansen, kan vi kome skeivt ut med erfaringar frå arbeidslivet i utdanninga.

Skal vi ta heile landet i bruk, treng vi lokale campus og studiestadar med tett kontakt med lokalt arbeidsliv. Universitetet Nord er prøvesteinen, men det er universitetsstyret som bestemmer. Politikarane har til dels gitt frå seg makta, kanskje det ikkje var så lurt i eit langt land?