Kronikk

Norges politiske forpliktingar til Nato står i strid med å gå inn i forbodstraktaten

  • Målfrid Braut-Hegghammer
    Professor i statsvitenskap, Universitetet i Oslo

16. juli 1945 ble verdens første atombombe testet i New Mexico i USA. Nå går debatten om Norge skal tiltre forbudstraktaten mot atomvåpen. Foto: AP / NTB

Vi kan arbeide for nedrusting og samtidig ta omsyn til sikkerheitspolitiske realitetar i vårt forsvar.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Korleis bør norsk atomvåpenpolitikk vere når verda er farlegare enn på lenge? Ei sentral utfordring er korleis vi best kan bidra til global nedrusting. I ein serie kronikktekster anbefaler seks tidlegare ministrar eit radikalt brot med norsk atomvåpenpolitikk gjennom 50 år. Dei krev at Norge skal gå inn i forbodstraktaten mot atomvåpen, som snart trer i kraft. Vi treng ein ryddig debatt om kva slags konsekvensar det vil medføre.

Norske regjeringar har, på tvers av partipolitiske skiljelinjer, over mange tiår ført ein atomvåpenpolitikk som er både realistisk og idealistisk. Den har hatt rom for realpolitiske vurderingar – korleis eit lite land kan sikre overleving og hevde suverenitet – og konkrete tiltak for å oppnå nedrusting.

Det er gode grunner til å ha med begge deler. Vi kan arbeide for nedrusting og samtidig ta omsyn til sikkerheitspolitiske realitetar i vårt forsvar, slik våre nordiske naboland gjer.

Signere og framleis vere ein del av Nato?

Dei seks tidlegare ministrane skriv at Norge kan gå inn i forbodstraktaten som Nato-medlem. Kva betyr det i praksis?

Norges politiske forpliktingar til Nato står i strid med å gå inn i forbodstraktaten. Natos strategiske konsept slår fast at Nato blir verande ein kjernefysisk allianse så lenge andre land har kjernevåpen.

Ved å signere forbodstraktaten vil Norge ikkje kunne delta fullt i Natos felles forsvar. Det vil bidra til å endre Nato frå ein allianse med felles forsvar til å bli ein allianse med selektivt forsvar. Det skaper større uforutsigbarhet for Nato og for Russland. Det er farleg i ei tid med større spenningar, der rommet for misforståingar aukar og skiljet mellom krig og fred blir stadig meir uklart.

Atomfaren er høgst reell for små land i nord. Sverige og Finland, som ikkje er medlemmer av Nato, har ikkje gått inn i forbodstraktaten på grunn av sine sikkerheitspolitiske bekymringar.

I 2015 skreiv tidlegare russisk ambassadør Mikhail Vanin at Danmarks deltaking i Natos missilforsvar gjer danske krigsskip til mål for russiske atomvåpen. I dag arbeider Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit med scenario der atomvåpen brukast på eller nær norsk territorium.

Les også

Åpent brev til støtte for FN-traktaten som forbyr atomvåpen

Vil forbod føre til global nedrusting?

Vi må kunne forvente eit klart svar på korleis forbodet, når det snart trer i kraft, skal påverke atomvåpenstatar til å avskaffe sine atomvåpen. Det er foreløpig uklart.

Forbodstraktaten etablerer eit folkerettsleg forbod mot atomvåpen for statar som går inn. For statar utanfor traktaten vil ikkje forbodet gjelde. Likevel vil eit stigma kunne auke ubehaget for atomvåpenstatane og dermed kunne bidra til nedrusting på sikt.

Men stigmatisering er lite egna til å bite på atomvåpenstatar flest. Fleire har allereie blitt utsett for sanksjonar, risikert militære angrep og internasjonal kritikk. Land som Russland, Israel, Pakistan og Nord-Korea vurderer atomvåpen som sentrale for egen overleving.

Dei tidlege ministranes kronikk retter seg mot såkalla paraplystatar, det vil seie statar som ikkje har egne atomvåpen, men i ytste konsekvens beskyttast av USA. Fleire av disse avvikla egne atomvåpenprogram for å bli ein del av denne alliansen. Det er med andre ord våre allierte utan egne atomvåpen som i første rekke utsettast for press, framfor atomvåpenstatane. Det er eit press dei fleste atomvåpenstatar lever godt med.

Vegen vidare

Dagens situasjon er ikkje haldbar. Avtalene mot bruk og spreiing av masseøydeleggingsvåpen trues på fleire frontar. For Norge er det spesielt bekymrande at slike multilaterale avtaler står under større press enn på lenge.

Det er ikkje klokt å svekke eksisterande avtaler ytterlegare i ein kritisk fase. Rustningskappløp er kostbare, og Russlands økonomi er elendig. Mykje tyder på at Russland er open for dialog om rustningskontroll, og at ein ny amerikansk administrasjon vil prioritere dette. USA bør overtydast av sine allierte om at det er nødvendig å kome Russland i møte. Her er Norge godt posisjonert, både bilateralt og i Nato, til å spele ei konstruktiv rolle.

Både idealisme og realisme

I Tryggingsrådet vil Norge styrke FN sitt globale arbeid for nedrusting og ikkjespreiing. Utfordringane står i kø: Iran og Saudi-Arabia kan utvikle atomvåpen, medan det syriske regimet har haldt fram med å bruke kjemiske våpen mot sivile.

Avtaler som forbyr utvikling og bruk av masseøydeleggingsvåpen er dessverre sårbare. Sovjetunionen ekspanderte sitt biologiske våpenprogram etter å ha ratifisert forbodet mot biologiske våpen. Dette manglar framleis effektive verifikasjonsregimer etter snart 50 års eksistens. Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, som tok imot fredsprisen i 2013, har ikkje klart å stoppe bruk av kjemiske våpen i Syria.

Forbodstraktaten vil snart bli ein del av dette landskapet. Da må den levere på reell nedrusting, utover å legge politisk press på Nato-land utan egne atomvåpen. Verifikasjon blir ei viktig utfordring. For å oppnå målet om ei verd fri for atomvåpen vil vi framleis trenge både idealisme og realisme.

  1. Les også

    Dagens ledere må raskt endre standpunkt om atomvåpen

  2. Les også

    Ingen nedrustning uten kjernevåpenstatene

  3. Les også

    Forbudet vil engasjere atomvåpenstatene

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Atomvåpen
  2. Nato
  3. Norge
  4. Kronikk

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kort sagt, fredag 16. oktober

  2. KRONIKK

    Vi kan ikke overlate denne risikoen til våre barn og barnebarn. Forby atomvåpen nå.

  3. DEBATT

    Vi kan være lojale Nato-allierte og samtidig ta avstand fra atomvåpen

  4. DEBATT

    Et nytt atomvåpenkappløp er på vei. Det haster med å starte et kappløp om nedrustning.

  5. DEBATT

    Det er oppsiktsvekkende når tidligere ministre vil bryte en bred forsvarsenighet

  6. KRONIKK

    En fredelig løsning i Nagorno-Karabakh er mulig