Vil minnet etter Diana prege dronninga si gravferd?
Dei dyrkjøpte lærdomane etter Diana sin død er dei siste dagane blitt henta fram.
Dronning Elizabeth er død, og det har vore ei veke med mange seremoniar og omfattande førebuingar av gravferda. I desse dagane er det også 25 år sidan prinsesse Diana døyde og London blei prega av sorgritual som utfordra britiske sørgjetradisjonar.
Sjølv om det er gått lang tid, er minna om det som skjedde, framleis levande. Har dei prega dagane etter dronninga sin død, og vil dei påverke den komande gravferda?
Død, men ikkje gravlagt
Tida som vi no er inne i mellom dødsfall og gravferd, blir ofte omtalt som ei unntakstid og ein «liminal fase». Den er prega av at ein både skal ta farvel med den avdøde og førebu den nye tida som kjem etter dødsfallet.
Dette kan vere ein langvarig prosess, men det som er spesielt med den liminale fasen, er at den avdøde er med oss på ein annan måte enn etter gravferda. Han eller ho er enno fysisk til stades gjennom sin kropp og ved ei kiste. Den døde er både ein del av dei døde og dei levande sitt samfunn.
Mange vil oppleve perioden som ei tid då det enno er mogeleg å nå den døde gjennom eit siste farvel. Det er ei tid då tusenvis står i kø i Edinburgh og London for å kunne gå forbi dronninga si kiste. Det er også ei tid då det framleis kan vere naturleg å tiltale den døde gjennom eit «du», slik mange pårørande gjer i eit farvel i ei gravferd framfor ei kiste.
Unntakstida frå døden til gravferda kan vere forskjellig, alt etter korleis døden kjem, og kven som døyr. Den offentlege kongelege døden vi no er vitne til, er ikkje ein brå og uventa død, men ein uunngåeleg og venta død.
Ritual og seremoniar for tida etter dødsfallet og sjølve gravferda bygger på lange historiske tradisjonar og har vore praktisk planlagt i detalj.
Så langt synest alt å vere under kontroll. Men erfaringar frå prinsesse Diana si gravferd har vist at kongelege sorgseremoniar i moderne samfunn ikkje berre dreier seg om å følgje protokoll.
«Unik gravferd for ein unik person»
Kva var det så som kjenneteikna den offentlege sorga og gravferda etter Diana?
For det første var dette ein tragisk og unngåeleg død som ikkje skulle ha skjedd, og som det følgjeleg ikkje var lagt planar for korleis skulle markerast.
Tida etter dødsfallet blei dermed prega av etterforsking og opprivande diskusjonar om korleis dette kunne skje, og om kven som hadde ansvaret.
Samstundes skulle ein ta farvel og planlegge ei gravferd.
Diana sin status som kongeleg person var også tvitydig. Ho var prinsesse, men etter at ho var skilt, var ho ikkje lenger formell medlem av kongehuset. Derfor kunne ein ikkje utan vidare bruka protokollen for kongeleg statsgravferd.
Samstundes viste dei sterke folkelege sorgreaksjonane at folket forventa ei gravferd som i omfang ikkje skulle stå tilbake for nokon statsgravferd.
Kongelege og folkelege tradisjonar
«Oppskrifta» blei, slik den blei uttrykt frå ein representant frå Buckingham Palace, «ei unik gravferd for ein unik person». Dermed var ein fristilt frå mykje av den kongelege protokollen, og gravferda kunne iscenesetjast på nye måtar.
Grunnlaget var lagt for ei gravferd som kombinerte monarkiet sine tradisjonelle æresritual med nye folkelege element og uttrykksformer.
Dei kongelege tradisjonane kom mellom anna til uttrykk ved at kista (som for dronning Elizabeth) blei plassert på sørgjeplattform slik at folk kunne gå forbi og ta farvel, og ved at den offentlege gravferdsseremonien var i Westminster Abbey.
Det folkelege kom mellom anna til uttrykk ved at mange representantar frå dei organisasjonane Diana hadde støtta, gjekk i gravfølgje i eit antrekk dei sjølv ønskte. Og ved at hennar ven, artisten Elton John, song sin eigen ballade til Diana under seremonien i Westminster.
I tillegg til dei planlagde folkelege innslaga i gravferda, fekk også dei spontane folkelege sorgrituala eit omfang og ei form som kom til å dominere minnet om denne sørgjetida: ein million blomebukettar i London sine parkar og gater, tallause helsingar til Diana som «People’s Princess» og «Queen of Heart», ein halv million som fylgde gravferda framfor storskjerm i Hyde Park, klappinga utanfor Westminster til Lord Spencer sin tale, ei klapping som forplanta seg inn i kyrkja.
Sørgjer saman med sitt folk
Tilbake til dagens situasjon. Det som skjedde etter Diana sin død, er døme på folkelege sorguttrykk som mange no forventar det skal bli plass for i ei kongeleg sørgjetid, sjølv om dei ikkje inngår i den kongelege sørgjeprotokollen.
Det er også sorguttrykk som folk ventar at kongehuset og andre offentlege representantar skal ta omsyn til og vise respekt for.
I den liminale fasen kan reaksjonane bli sterke mot dei som ikkje forstår desse kjenslene, slik ein erfarte i sorga etter Diana.
Mange blei sinte fordi det tok for lang tid før dronninga kom til dei sørgjande i London, og før flagget kom på halv stong på Buckingham.
I sorgseremoniane etter dronning Elizabeth sin død ser vi at desse dyrkjøpte lærdomane er blitt henta fram.
Kong Charles kjem raskt tilbake til London og møter folkemengda for å sørgje saman med sitt folk.
Og i sin første tale til folket ærar han ikkje berre ho som monark og føredøme, men tiltalar og takkar henne som «mamma». Han viser med dette at han har forstått noko av Diana-lærdomen, at ein moderne monark ikkje berre kan vere opphøgd, men også må stå fram som ein av oss og kunne vise kjensler.
Han har også tydelegvis forstått at nettopp denne spesielle emosjonelle tida var det rette høvet til å seie «mamma».
Slik sett har vi allereie sett spor etter Diana i sorguttrykka etter dronning Elizabeth. På måndag vil vi også få sjå om Diana-minnet vil vere med å prege den kongelege gravferda.