Kronikk

Kronikk: Formidabel temperaturauke

  • Øyvind Nordli
  • Geir Hestmark
  • Rasmus Benestad

0701temperatur-I_6OaDPJna.jpg

Held utsleppet av klimagassar fram som no, må vi rekne med gjennomsnittleg vintertemperatur over 0° C i store delar av hovudstaden allereie rundt 2050.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det usedvanleg varme året 2014 tronar åleine på toppen av ein ny dataserie frå Oslo som går heilt tilbake til 1838.

Vi kan med sikkerhet slå fast at temperaturauken i byen har vore formidabel gjennom dei siste 177 åra. Lange datarekkjer er ikkje berre interessante for vitskapen, men også viktige for å syne korleis kalde og varme periodar har avløyst kvarandre og prega hovudstaden. Det finst ikkje mange gode datarekkjer som går så langt tilbake i tid.

Målingane frå Oslo viser at kontrasten mellom notid og fortid er den sterkast tenkjelege, for medan det siste året (2014) er det desidert varmaste, var det fyrste året (1838) det kaldaste.

Temperaturen har i gjennomsnitt auka med 1,6 °C.

Frå eldre målingar får vi kunnskap om kor alvorleg klimaspørsmålet er ved jamføring med det noverande klimaet.

Då skiføret forsvann

Det var vinteren 1988/89 at folk tok til å undre seg over mildvêret som ikkje ville gje seg.

Då den neste vinteren vart like mild, tok somme til å meine at noko var gale, og fleire vart etter kvart sikre på at klimaet var i endring – for i dei to tiåra som fylgde, kom fleire liknande vintrar.

Klimaforskarar kom på banen og fortalde om menneskeskapte utslepp av drivhusgassar i atmosfæren. Gassane reduserte varmetapet frå jorda og kunne vera ein del av årsaka til det manglande skiføret.

Så hende det noko uventa for mange. Vintrane 2009/10 og 2010/11 var faktisk kalde, så kanskje hadde aukande drivhuseffekt ikkje så mykje å seia likevel?

Det fine no er at vi kan gå til Oslo-rekkja og finne ut kor kalde desse vintrane var sett i eit langt perspektiv. Det viser seg at dei to vintrane ikkje når høgre opp enn til 25. og 28. plass på lista. Kaldaste vinteren sett under eitt var 1870/71.

Nei, framtida ser ikkje lys ut for skiføret. Trøysta får vera at vêret er variabelt, slik at vi av og til får gode ski-vintrar trass i stigande gjennomsnitts-temperatur.

Ny rekordkulde?

For å finne den mest ekstreme vinterkulden må vi gjera eit langt hopp i tid, og då talar vi ikkje om vintergjennomsnitt, men enkelte observasjonar.

  1. januar 1841 gjekk observatøren på Astronomisk Observatorium ut for å ta kveldsobservasjonen, som alltid presis kl. 22 etter Christiania-tid. Temperaturen hadde sokke til -22,8°C, det var stjerneklårt så alt låg til rettes for ei kald natt.

Svaret fekk han ved fyrste morgonobservasjon kl. 07 då kvikksylvet hadde stilt seg inn på -29,6°C. Dermed var den lågaste temperaturen i heile datarekkja målt.

Eit nærliggjande spørsmål er om slik kulde på nytt kan råke sentrum av Oslo. Kan vi risikere at temperaturen i våre dagar kan koma med mot -30°C?

Sjansen for det er svært liten sidan temperaturen er stigande sett i det lange tidsperspektivet, sjølv om variasjonane er store.

Varmerekordane skriv seg frå den siste delen av datarekkja, medan kulderekordane kjem tidleg i rekkja. Det gjeld både for middeltemperaturar for sesongar og månader, og for enkelt-observasjonar som kulden i januar 1841.

Historisk — med høg kvalitet

Då professor Christopher Hansteen 2. april 1837 starta det som skulle bli ei nesten hundre års ubroten rekkje av systematiske lufttemperatur-målingar ved det nye Astronomisk Observatorium på Solli, plasserte han eitt termometer på vestveggen, eitt på nordveggen og eitt på austveggen.

Dei var av beste tyske kvalitet og vart avlesne fem gonger i døgnet.

Dermed fekk Oslo ei av dei beste, lange datarekkjene av presise temperaturmålingar, gjort med metodisk omtanke og gode instrument.

I 1837 låg Solli langt utanfor byen og var difor ikkje påverka av lokal oppvarming frå hus og endra arealbruk.

Aukande luftureining frå den veksande byen gjorde etter kvart til at astronomane ville lengre bort frå sentrum, så observatoriet vart lagt ned i 1933 og datarekkja broten. Men Meteorologisk institutt fekk eit nybygg på Blindern med ein ny målestasjon som har vore i drift frå 1937.

Vi har systematisk jamført målingane frå Solli og Blindern. Dermed har vi kunna studere temperaturutviklinga i Oslo-området i dei siste 177 åra.

Studien viser at temperaturen i Oslo har auka med 1,6 °C sidan 1838. Den største auken har kome i to periodar; gjennom dei siste 50 åra og tidleg på 1900-talet.

Vi ser ein klår auke i alle årstider, men auken om vinteren og våren er vesentleg større enn om sommaren. Faktisk har månadstemperaturen for dei kaldaste månadene gjennom året auka to gonger raskare enn for dei varmaste månadene.

Ein varmare klode

Studien frå Oslo er berre eitt av mange eksempel på observerte endringar som kan knytast til den globale oppvarminga vi nå er inne i.

Oslo-rekkja viser også fleire like trekk med utviklinga i temperaturen på kloden sett under eitt. Ifylgje Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) er 2014 godt på veg til å bli det varmaste året på jorda sidan målingane starta på 1800-talet.

Det mest spesielle i det året som no ligg bak oss har vore den rekordhøge overflatetemperaturen som er registrert for store havområde.

Dei førre rekordåra var 1998, 2005 og 2010. Med 2014 medrekna har 13 av dei 14 varmaste åra kome etter årtusenskiftet.

Det er med andre ord ikkje nokon stopp i den globale oppvarminga, slik somme hevdar.

Utviklinga vi har sett hittil er høgst sannsynleg berre starten av ei enda større oppvarming gjennom dette hundreåret, både globalt og her heime.

Held vi fram med å sleppe ut klimagassar i same takt som nå, viser klimamodellane at vi allereie ved midten av hundreåret må vente at vintertemperaturen i gjennomsnitt (desember-februar) passerer 0°C i dei sentrale og lågareliggjande delane av Oslo.

Dette er berre ein bagatell i forhold til dei utfordringane ein møter andre stader i verda, men likevel ei sterk melding om at klimaendringane spelar ei rolle også for oss her i hovudstaden.  

Flere meninger? Les hva debattredaktøren anbefaler.

Les også:

Nyhetssak:

Les også

2014 var et av de varmeste årene siden 1900

Bildesak:

Les også

Her er 30 bilder av været i 2014

Nyhetssak:

  1. Les også

    Hva skjer egentlig på Grønland?

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Klimaendringer

Relevante artikler

  1. VITEN

    Klimaet begynner å likne Vestlandet: Nedbøren truer Svalbard.

  2. KRONIKK

    Få såg resultatet kome. Kvifor stemte så mange på Sinn Fein?

  3. KRONIKK

    Kronikk: Det nye Lort-Sverige | Hilde Sandvik

  4. A-MAGASINET

    Bestevennene flyktet fra Sør-Sudan. En av dem ble trippeldrapsmann i Norge.

  5. KRONIKK

    "Ikke ett eneste skirenn ville vært arrangert sør for Hamar så langt denne vinteren om det ikke var for kunstsnøanlegg"

  6. VITEN

    Vinteren 2017–18 er den varmeste noensinne registrert i Arktis