Kronikk

Agronom svarer Paul Joakim Sandøy: Halvsanningar om kjøt og klima

  • Siri Helle
Beitande kyr, sauer, geiter og rein er ein mykje større del av ein miljøvenleg diett enn kraftfôrbasert kylling- og svineproduksjon, skriv Siri Helle.

All matproduksjon er dømt til å tape, når ein framstiller norsk jordbruk som ei næring som berre produserer utslepp. Heldigvis for alle svoltne er framstillinga ikkje heilt sann.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I ein kronikk i Aftenposten går Paul Joakim Sandøy i Civita inn for klimaavgift på norsk produksjon av kjøt og ost. Det er openbart at vi må ete mindre kjøt i framtida enn vi gjer i dag, og at det kjøtet bør koste meir. Men årsaka er ikkje metanutslepp frå drøvtyggjarar, slik Sandøy hevdar.

Siri Helle

Beitande kyr, sauer, geiter og rein er derimot ein mykje større del av ein miljøvenleg diett enn kraftfôrbasert kylling— og svineproduksjon.

Civita tek ikkje med alle tala i rekneskapen

Årsaka til at Civita kjem til ein annan konklusjon, er at dei ikkje tek med alle tala i rekneskapen: Jordbruk generelt og drøvtyggjarar spesielt vert omtala som noko som berre produserer utslepp.

Dei har heilt rett i at den største enkeltkjelda til utslepp er at drøvtyggjarar rapar metan: Ei uheldig sideeffekt av den eigenskapen desse dyra har til å klare å fordøye fiber og andre tunge karbohydrat, og skape dei om til mjølk og kjøt.

Desse uheldige sideeffektane må likevel vegast opp mot fordelane. Det er her Civita trør feil. Det er ganske håplaust å snakke om utslepp utan å snakke om «innslepp»: Kva jordbruket bidreg med for å redusere global oppvarming.

Det er ganske håplaust å snakke om utslepp utan å snakke om «innslepp»

Civita tek mellom anna ikkje med utslepp frå dyrking av myr i rekneskapen, sidan det ikkje har med produksjon å gjere.

Når ein reknar slik på det å drive jordbruk – sektorvis, utan å sjå det store biletet – så er det nesten umogleg for jordbruket å vinne. Ein hamnar fort i den konklusjonen at det mest miljøvenlege er å legge ned heile greia.

Ei økonomisk pressa næring

I det minste heilt til ein vert svolten. Og innser at det ikkje går. Vi kan ikkje legge ned jordbruket – noko ei avgift på ei allereie økonomisk pressa næring i praksis fort kan ende med å gjere.

Derimot kan vi late vere å fly til Syden to gongar i året. Vi kan droppe å pusse opp kjøkkenet berre fordi vi er litt lei av det vi har.

Er det då rettvist å samanlikne dei to formene for utslepp ut frå same kriterium, med same tal og same mål?

Å samanlikne fornybart gras og fiber med fossilt kol og olje. Er det rettvist? Årsaka til at klimagassutsleppa frå kyr er haldne utanfor klimarekneskapen er at dei kjem fra CO2-en graset tek ut av atmosfæra for å vekse.

Ein kan ikkje snakke om miljøpåverknad frå jordbruket utan å snakke om fotosyntese.

Vårt største karbonlager

Jorda er vårt største karbonlager. Grøne planter plukkar CO2 ut av lufta og nyttar gassen til å produsere energi. Noko av karbonet vert lagra i jorda: CO2 er karbon og oksygen. Jord er i stor grad karbon. Dette karbonet kan ligge stabilt i jorda i hundrevis av år – om vi brukar jorda rett. Gjer vi det gale, forsvinn ikkje berre jorda ved erosjon – men karbonatoma vert frigjorde og møter oksygenatoma i lufta – og vips, har vi laga ein ekstra dose CO2.

Å samanlikne fornybart gras og fiber med fossilt kol og olje. Er det rettvist?

Titusenkronersspørsmålet vert då sjølvsagt kva som er rett og feil handsaming av jord. Her er det framleis mykje vi ikkje veit – mellom anna veit vi ikkje akkurat kor mykje karbon jorda kan binde.

Vi kjenner òg berre namnet på kring ein prosent av mikroorganismane som fins i matjorda. Men vi byrjar å skjøne at desse organismane og det å ha ei levande matjord er heilt essensielt for ein trygg og miljøvenleg matproduksjon.

På engelsk skil dei mellom soil,som er matjord, og dirt, som er berre daud jord. Det skiljet manglar på norsk, men utfordringa har vi likevel.

Dei siste hundre åra har vi på verdsbasis mista så mykje som halvparten av matjorda vår, i fylgje FAO. Om lag ein fjerdedel av jorda vi har att, er klassifisert som skadd – definert som at minst 70 prosent av det fruktbare matjordlaget er borte.

Jord har det best med gras oppå

Kva har alt dette med kjøtproduksjon og metanutslepp å gjere? Alt, faktisk: Den beste måten å halde både karbon, matjord og mikroliv i gong på, er å late jorda vere dekka av gras. Gras som drøvtyggjarar kan ete og omsetje til raudt kjøt og kvit mjølk som vi kan ete.

Områder som har vore beita om hausten, byrjar fotosyntesa tidlegare om våren fordi sollyset kjem betre til. Den beste måten å frigjere karbon, miste matjord og drepe mikroliv på er å stadig vekk pløye jorda for å plante soya og mais til hurtigveksande kyllingar.

Den beste måten å halde både karbon, matjord og mikroliv i gong på, er å late jorda vere dekka av gras

I kronikken peikar Paul Joakim Sandøy på at kjøt frå kyr og sau får meir tilskot frå staten per kilo kjøt enn det han kallar meir klimavenleg kylling- og svinekjøt. Årsaka til at kyr og sauer får mest tilskot, er at det er dei produksjonane som brukar matjorda vi har i Noreg. For kva er jordbruk? Jau, det er bruk av jord.

Ei kjelde til omega 3

Beiting har ei rekke positive eigenskapar utover dei reint klimamessige. Mellom anna er kjøt frå dyr som har ete gras ei ikkje ubetydeleg kjelde til dei sunne omega 3-feittsyrene som elles er ein av flaskehalsane i korleis vi skal klare å fø ei veksande verd.

Å drive jord er å sjå heilskapar og ikkje velje enkle løysingar. Vi kan ikkje slutte heilt å pløye sjølv om det ville vore best for matjorda. Men vi kan heller ikkje innføre ei avgift som høver inn i eit teoretisk system og tru at det løyser eit praktisk problem.

Å fjerne alle kyr, sauer, geiter og tamrein i Noreg vil i beste fall føre til reduserte utslepp av metangass svarande til fire prosent av klimagassutsleppa våre. Kva det vil føre til i auka utslepp andre stader i økosystemet, er framleis uvisst.

Spør du meg, er det eit ganske dårleg bytte.

Få med deg de viktigste og beste debattene - følg Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også

  1. Stor motstand mot biffavgift

  2. Vil innføre klimaavgift på kjøtt og ost i Norge

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Klima
  3. Landbruk