Kronikk

Romanen som både førte til ein nobelpris i litteratur og langt på veg ein fredspris | Ole Våge

  • Ole Våge, seniorrådgiver i Språkrådet
Columbias president Juan Manuel Santos fikk Nobels fredspris for sitt arbeid for fred i Columbia. Både han og Farc-ledelsen har referert til Gabriel García Márquez og hans roman Hundre års ensomhet i sine taler om fredsavtalen.

Hundre års ensomhet av Gabriel García Márquez var uvurderleg under fredsforhandlingane i Colombia. I år fyller romanen femti år.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Hundre års ensomhet har gått ut på dato og er berre av arkeologisk interesse. Den litterære kraftsalva kom rett før sommaren frå Santiago Roncagliolo, ein av dei mest skatta forfattarane i Latin-Amerika. Medan heile kontinentet feirar med brask og bram at det i år er femti år sidan romanen kom ut, ønskjer Roncaglioli heller å bidra til debatt enn til rosande pjatt.

Magisk realisme i utakt

Hundre års ensomhet av García Márquez ragar som den mest kjende romanen innanfor magisk realisme, ei litterær retning som blandar realistiske og fantastiske element for å skildre den latinamerikanske røynda.

Problemet er, ifølgje peruanaren Roncagliolo, at magisk realisme er heilt irrelevant for den nye generasjonen av forfattarar på kontinentet. Røynda var brutal, ikkje fenomenal for forfattaren.

– Då eg vaks opp i 80-åra, var ikkje røynda særleg magisk. Som barn la vi oss til å sove til lyden av bomber som fell, vi sovna i mørkret av straumbrot [etter geriljasabotasje], og vi vakna til portforbod om morgonen. Menneske kunne ikkje flyge, og ingen vart fødd med hale, skriv han, med tydeleg brodd til romanklassikaren, i ein artikkel i det colombianske vekebladet Semana.

Reaksjonane måtte sjølvsagt kome. Fleire tok til motmæle og meinte at det å setje best før-dato på ein roman er rett og slett reduksjonistisk. Det var ikkje slik at folk vart fødde med halar i 1967, verken i Colombia eller elles i verda, vart det påpeikt.


Litterært fadermord

Samstundes er ikkje det litterære krutet til Roncagliolo heilt vått.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at den nye generasjonen forfattarar framleis freistar å kome seg unna skuggen til Gabriel García Márquez og dei andre magisk realisme-forfattarane som selde bøker i høge opplag og vart omsett til mange språk, også til norsk.

García Márquez fekk jamvel nobelprisen i litteratur etter denne suksessen. Mange forleggjarar og lesarar utanfor Latin-Amerika forventa at dei nye forfattarane skulle spinne vidare på det attkjennelege, magiske litterære universet. Men Roncagliolo og den nye generasjonen ville heller skrive om byar, asfalt og rock enn tropar, palmar og salsa.

  • Les Aftenpostens omtale av Gabriel García Márquez ved hans død: Litteraturens magiker

Det har derfor nesten gått sport i å gjere litterære fadermord på det latinamerikanske kontinentet, og kanskje har det i ein viss grad vore naudsynt.

Colombianeren Gabriel García Márquez fikk nobelprisen i litteratur etter å ha skrevet romanen Hundre års ensomhet.


Frå Macondo til Hurdal

Avleggs romankunst er Hundre års ensomhet likevel ikkje. Ein kan jo spørje seg om dei litterære debattantane følgjer med på politiske nyhende. Om det er éin (moderne) klassikar som har vorte aktualisert på nytt, så må det vere denne romanen.

Bakgrunnen er fredsavtalen i Colombia. Både geriljagruppa FARC og styresmaktene i landet har nytta tema og bilete frå Hundre års ensomhet for å skape eit felles språk undervegs dei vanskelege fredsforhandlingane.

Hundre års ensomhet har ført til både ein nobelpris i litteratur og langt på veg òg ein nobelpris for fred. Sterkare prov på at ein roman ikkje har gått ut på dato, finst knapt.

Det heile byrja ein haustdag i 2012 i Hurdal, Akershus. Med Noreg som vertskap møttest representantar frå colombianske styresmakter og FARC-geriljaen på Hurdalssjøen hotell. Der opna Iván Márquez, ein av leiarane i FARC, forhandlingane med ei tale som var inspirert av det litterære universet til Gabriel García Márquez:

«Vi har kome hit til den 60. breiddegrada, heilt til Oslo frå fjerne tropiske strok, frå eit Macondo prega av urett, frå landet med tredje mest sosial ulikskap i verda, med ein felles draum om fred.»

Staden for håp og vonbrot

Macondo er den tropiske landsbyen der handlingane i Hundre års ensomhet utspelar seg. Den fiktive staden har vakse frå å vere ein gløymd og løynd avkrok der familien Buendía bur, til å verte eit bilete på frustrerte og havarerte draumar i Colombia, eit slags symbolsk mikrokosmos for ein heil nasjon.

Samstundes vart Macondo ein stad der det umoglege kunne skje, staden for helgenar og djevlar, håp og vonbrot.

I dagens Colombia har det imaginære stadnamnet Macondo gått inn i språket som adjektivet macondiansk, som tyder at noko er 'magisk, knappast mogleg, men fylt med von'. Symbolvalet til geriljaleiaren var neppe tilfeldig, og ein macondiansk dåm hang over Hurdalssjøen oktoberdagane for fem år sidan.

Gule sommarfuglar

Forhandlingane skulle syne seg som noko meir enn berre von. I fjor, etter fire år, kunne dei to partane endeleg møtast for å skrive under fredsavtalen.

I fleire av fredsmarkeringane kom symbolbruken frå Hundre års ensomhet til å spele ei viktig rolle, særleg dei gule sommarfuglane. I romanen følgjer ein sverm av gule sommarfuglar Mauricio Babilonia og plagar han heilt fram til døden. I colombiansk folketru symboliserer slike sommarfuglar uhell og forbanning.

Gule sommerfugler ble brukt som utsmykning da forfatteren Gabriel García Márquez ble gravlagt i 2014.

Den over femti år gamle borgarkrigen hadde ridd colombianarane som ei mare, nett som dei gule sommarfuglane i Hundre års ensomhet.

No skulle endeleg forbanninga sleppe taket på Colombia. I fredstalen gjekk FARC-sjefen rett på sak: «Krigen er slutt. Fortel Mauricio Babilonia at no kan han sleppe fri frå dei gule sommarfuglane.» I sentrum av hovudstaden Bogotá samla tusenvis seg for å følgje fredsseremonien på storskjermar. Her var det ikkje kvite duer, men gule sommarfuglar som vart slopne laus.

Magisk, men også motseiingsfylt

Som mange hugsar, vart den colombianske presidenten Juan Manuel Santos krona med Nobels fredspris. Under takketalen i Oslo i desember nytta han Hundre års ensomhet for å forklare kvifor mange colombianarar var imot fredsavtalen, og kvifor folk sa nei til henne i ei folkeavrøysting i landet:

«Vi colombianarar kjenner oss som innbyggjarane i Macondo, ein stad som ikkje berre er magisk, men også motseiingsfylt.»

Etter folkeavrøystinga vart avtalen justert og endeleg godkjent av begge partane, sjølv om motstanden blant store delar av folket framleis er omfattande.

I 2014, midt under forhandlingane, døydde Gabriel García Márquez. Likevel var krafta i litteraturen hans sterk nok til å sameine dei to krigførande partane i eit felles symbolunivers.

Sant å seie har Hundre års ensomhet ført til både ein nobelpris i litteratur og langt på veg òg ein nobelpris for fred. Sterkare prov på at ein roman ikkje har gått ut på dato, men framleis er høgaktuell, finst knapt.

Ole Våge har ph.d.-grad med spansk språk og latinamerikastudium i fagkretsen fra Universitetet i Bergen.

Interessert i å lese mer om fredsprisen og fredsprosessen i Colombia?

Følg og delta i debattene hos Aftenposten mening er på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Colombia
  2. Litteratur
  3. Nobels Fredspris
  4. Nobelprisen i litteratur