Kronikk

Respekt for huldra er respekt for naturen. Lov å ta vare på villmarka! | Åshild Ulstrup

  • Åshild Ulstrup
    journalist og forfatter
Hulder som budeie med ku, illustrasjon av Hans Gude i Norske folk- og huldreeventyr fra 1879. I dag har huldrefolket gitt frå seg ansvaret for villmarka vår. No er det opp til kvar av oss å hindra at overgrep skjer! skriv Åshild Ulstrup.

Den nye trenden for ungdom er å dra til fjells og møta den stille krafta i naturen, i ei villmark som ennå finns. Det er så flott!

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Første gong Besten og eg skulle til fjells var han over 90 år, men enno så lettføtt at eg måtte småspringa ved sida av han – til han plutseleg bråstoppa og ropte: Pass deg her, for no skal me gå over Tverrberget – og her bur huldrene.

Vel over berget fortalde han om mor si. Korleis ho alltid løfta på dei tre stakkane sine, tok treskorne i hendene – og bad Fader vår når ho gjekk med vesleguten over same berget. For då får ikkje huldrefolket makta over deg! hadde ho sagt. Og morfar som tok både Gudfader, mor si og naturen på alvor, folda hendene sine. Eg rusla etter, og det vart andakt over stega våre.

Seinare har eg sett naturen med dette dobbeltblikket — så sterkt at barneborna mine tittar etter huldra når me vandrar i skogen.

Åshild Ulstrup er forfatter og journalist.

Oldemor fekk landskapet til å bli levande, ikkje berre eit vakkert syn. For som Vårherre sat i Himmelen og følgde med henne – og Styggen låg der nede og lurde på henne – sat der òg nokon inne i haugane og berga som heldt auga med henne.

Ja, for det som er for smått for Vårherre, tar dei i haugane seg av, meinte 90-årige Guro Lykkjen på Beito i Valdres. Og Simen Bjørgen som hadde ei bestemor som var fødd i 1842, vart tidleg innpoda at du må hugsa at respekt for huldra, er respekt for naturen! Han måtte lova å gå varsamt i villmarka.

Dei orda har eg levd etter all min dag, sa Simen.

Les også

Det finns eit liv etter puberteten — og det finaste kan skje når vi er så gamle at vi trur oss ferdige med alt

Huldra var vidkjend for sine gode sider

Lenge før aviser og tidsskrifter rapporterte historier frå vårt daglegliv, vart dei mest fengslande forteljingane henta frå kreftene i den norske villmarka, frå livet under berg og haug.

Då 12-åringen Ola Hømannsberg i Valdres skulle i gjetarskogen, bad mor han å passa seg for vakre jenter i skogen. Du kan aldri vita kva jenta har under stakken sin! sa ho.

Gunnhild Vestad var berre 7- 8 år då ho gjette kyrne i utmarka i Trysil. Så tøft var det for vesle-jenta at det brann i bringa. Ho var livredd for rovdyra. Men det ho og dei andre gjetarjentene var mest redd for, var gutane og karane i skogen. Så hende det utrulege: Ein dag Gunhild gav seg over i gråt stod huldra der, som skoten opp or lyngen, og tørka tårene — som ei kjærleg mor.

I villmarka rår mange slags krefter!

Fransk illustrasjon fra ca. 1830 av «djevelensfristelser», her i form av kvinner med kurumper under skjørtene.

Mens eventyret om det stygge, dumme og vondskapsfulle trollet som ikkje ein gong toler dagsens lys, aldri vart anna enn eit eventyr, levde mange av forfedrane våre i tett samliv med huldrefolket. Ja, i mange av våre huldresegner står det at det gav status til norske gardar å vera gift med ei hulder.

Huldra førde velstanden med seg. Når brudeparet gjekk over dørstokken i kyrkja, fall huldrehalen av. I Seljord kyrkje skal det hengja sju huldrehalar, hadde eg lese. Hadde presteskapet sett dei? spurde eg. Det var prestekona som tok telefonen. Men Åshild Ulstrup, du skjønar vel at om halane skulle hengja der, ville dei ikkje vera synleg for eit kristenmanns auga, svara ho.

Det svaret likte eg. Men prestekona visste nok ikkje at som kone på garden vart huldra vidkjend for sine gode sider. Ho var raus og hjelpsam mot alle, og imponerte med sitt likestilte samliv – etter å ha vist ektemannen styrken sin.

Les også

Kor mykje vil ein fattig kommune bruka på ein sjuk 80-, 90- eller 100-åring som har lyst å leva?

Den norske kvinna er av huldreætt!

I gamle bygdebøker fann eg òg – at den dag i dag lever det etterkomarar som skil seg ut i styrke, mot og utsjånad. Folket på garden i Sauland kjende godt til historia si. Og Svein Molaug, tidlegare direktør i Sjøfartsmuseet, fortalde stolt over eteren at ei av tipp-tipp-oldemødrene hans var ei hulder.

Å høyra dette gjorde meg så oppglødd – at eg i 1993 gav ut boka: Huldra – den farlege lengten. Eg syntest at eg hadde funne henne som må vera modellen til den frie norske kvinna. Ho som ikkje berre har bergteke ungguten, men også fått opna sansane til våre største diktarar og kunstnarar.

Me møter henne i Garborgs Haugtussa, i Ibsens Peer Gynt, i Undseths Kristin Lavransdotter, hos Skredsvik, Kittelsen. Og kva seier forfattaren Jens Bjørneboe: Den norske kvinna er av huldreætt!

Trafikkskilt med hulder, i Storelvdal i Østerdalen.

Ho har inngått pakta med det overnaturlege, det utrulege og fantastiske. Inkje vondt om døtrer av Spania, Toscana, Napoli, Provence og Paris, men de har aldri som den norske kvinne følt den kvite sommarnatts avsind.

Dei fleste av dei eg har møtt i dette mystikkens landskap, er borte nå. Men huldre-lengten lever, ikkje minst hos våre fremste spelemenn: Noko av det finaste i folketonane våre, er henta frå botnen av livet ute i villmarka, sa vår kjende spelemann frå Telemark, Knut Buen. Å høyra bjøller og kalling frå skog og fjell, er å høyra villmarka si eiga røyst! sa han.

I ungdomen hadde han slik dragning mot mystikken i landskapet sitt at det smerta.

Les også

På ein-to-tre kom teknikken som snudde opp-ned på vårt daglege liv i ein rytme som ikkje høyrer alderdomen til

Furua blir borte, men steinen står der

I ferdene mine over fjell og dalar i møte med såkalla vanlege folk, har eg fått titta i den rikdomen som ligg nedlåst i skuffer og kister rundt om i landet vårt, og som gøymer seg bak tause ansikt og skye blikk.

Å, nei – i’ hi’ itj’ nåkkå å fortæl! var det korte svaret eg fekk frå Oddvar Åsvoll, den gong oppsynsmann på fjellvidda over Snåsa. Først då me endeleg steig ut av bilen og hadde lyngen under føtene, vidda rundt oss, trolltjørnet framfor oss og karen hadde fått slengt av seg både lua og trøya, kom orda han ikkje trudde han hadde. Som om det var fjellheimen sjølv som snakka:

Hei, Lurusneisa – har du venta lenge på meg nå? ropar han som til sin beste ven.

Og den gamle furua, korleis har du hatt sidan sist? spør han, og tenkjer på kva ho har opplevd gjennom livet sitt, og sett av ulv, jerv, fugl og folk? Ho kunne ha litt å fortelja om harde stormar og knistrande kalde vinternetter!

Turister gjør seg klar til skitur fra turisthytta Gjendebu i Jotunheimen, påska 1963.

Og ikkje berre furua legg Oddvar handa si på, men òg på kampesteinar som ligg innpå snaufjellet: Då tenkjer eg at når eg ein gong er borte, ligg den steinen like heil i soloppgangen om morgonen, i vinterstormen og kveldssola i tusenvis av år etter at eg ligg i jorda. Furua blir borte, men steinen står der. Saknar steinen han Oddvar? Det gjer han nok ikkje. Men det kjem kanskje ingen andre og legg handa si på han.

Det er også på vidda han finn trøyst, om det er noko som uroar. I vinternatta kald og klår med heile stjernehimmelen over meg finn eg ro, som i den stille vårnatta når ein berre høyrer suset av vårflomma elvar og rypa skrattar så det ljomar over fjella. Då er eg komen heim, seier Oddvar.

Det går ’kje å prat’ om sånt!

Les også

Då eg la livet mitt i hendene på ein handspåleggar

No er det opp til kvar av oss

I dag gror graset over setervollane. Slik heile landet vårt er i ferd med å gro igjen. Huldrefolket har gitt frå seg ansvaret for villmarka vår. No er det opp til kvar av oss å hindra at overgrep skjer!

Difor er det så flott at den nye trenden for ungdom er å dra til fjells. Å gå frå hytte til hytte eller klatra i fjella, møta den stille krafta i naturen, i ei villmark som enno finns. Der me kan springa mellom dansande fossar og elvar, stille fjellvatn, moltemyrar og blåbærskogar, over fjell og vidder med dyr og fuglar, eit landskap så vakkert at det går inn i heile kroppen og gjer oss friskare, friare og gladare!

Slik oldemor kjende sin plass i villmarka si, men i den harde livskampen for å overleva. Korleis hadde ho det åleine i skogen sin? Gjekk ho friare og tryggare på sine stiar med alle desse augo – både over og under og rundt seg – enn eg går i seine nattimar under kamera-augo i storbyens bakgater?

Rondane nasjonalpark. Bak i bildet er Rondvassbu turisthytte, Rondvatnet og fjellene Rondeslottet, Storbotn og Storronden.

Det får eg aldri vita, for Olderbesta er borte, som huldrene. Då bilane kom på vegane og motorsagene i skogane, var ikkje tankegodset til dei gamle noko å leggja vekt på lenger.

Mange av dei gode forteljarane kjende seg mindreverdige i denne brytningstida, minnest Simen Bjørgen. Likevel fekk han som barn sjølv oppleva å liggja med salmeboka under puta si på stølen, fordi foreldra ikkje nådde å få han døypt før dei fór og var redd for at huldra ville byta han med barnet sitt.

Heile livet hadde Simen levebrødet sitt frå huldreskogen, som fiskar, rypejeger og gjetargut, og måtte stadig tenkja på bestemors ord: at respekt for huldra er respekt for naturen. Lov å ta vare på villmarka!

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Natur
  2. Turisme
  3. Fjell
  4. Digitalisering