Kronikk

- Jeg er så glad for at ingen drepte mamma da hun fikk meg | Åshild Ulstrup

  • Åshild Ulstrup, journalist og forfatter

Om hvordan en gammel grav i Nordmarka ble til en fortelling om «lausunger» og «De Castbergske barnelover».

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Barnebarnet mitt og eg har kome til ein flekk inne i Nordmarka i Oslo der det heng ei tavle på eit furutre med denne innskrifta:

Udi Christian 4-dis Tiid dræpte een Quinde her sit Barn. Hun bleff senere hængt i een Galge; Oc de tuende Hobe her ere deris Graffue.

(I Christian den IVs tid (konge i Danmark-Norge 1588-1648) drepte en kvinne her sitt barn. Hun ble senere hengt i en galge og de to haugene her er deres graver.)

Nedanfor tavla ligg to haugar med avbrotne kvister, ein liten og ein litt større haug. Kvar gong turen går forbi her, legg eg og andre ein frisk kvist på kvar av desse haugane.

– Kva trur du har skjedd? spør eg Celina på 6 år.

– Kanskje hun var fattig og ikke kunne ha barnet.

– Ho var sikkert ikkje gift, sa eg.

– Det er ikke mamma med pappa heller! svara Celina.

Åshild Ulstrup fikk et tankevekkende svar fra sitt barnebarn Celina da hun viste henne graven til den ulykkelige kvinnen som ble hengt fordi hun drepte sitt barn.

I alle dei år eg har vandra på denne skogsstien, er denne plakaten med på å halda levande historia om ei kvinne som ein gong rømde til skogs for å gravleggja sitt nyfødde såkalla uekte barn, slik eg har tenkt det. Og slik det truleg er for alle som går forbi og legg sine friske kvister på gravene – som ei trøystehelsing til den ulykkelege mora – som vart hengt for si ugjerning.

Djevelens unge

Turen fekk meg tilbake til min eigen barndom. I 1940-50-åra var det ikkje kjekt å vera barn utan far. Det var lausungar – og eg kan ikkje hugsa anna enn at namnet vart brukt - utan tanke på kva det måtte ha kosta både mor og barn. Fattigdomen var vond å bera for mange farlause den gongen, men tyngre var det å halda ut livet under stemplet: Lausunge, uekte barn eller djevelens unge.

– Kva tenkjer du om livet ditt? spurde eg ein av desse som hadde arbeidet sitt i skogen for å sleppa unna folkepratet. Nå låg han for døden på sjukeheimen.

– Eg tenkjer ikkje på livet mitt, for det er ikkje mykje å sjå tilbake på. Svara han.

– Kva har det gjort med deg at du kom til verda som uekte barn - som det heitte den gongen?

Det har betydd at eg ikkje lærde noko på skulen, for lærarane var òg imot meg. Det var nok fordi eg ikkje var ektefødd. Så vart eg slem òg da, veit du – og hard. Ja, skikkeleg arg. Eg var ikkje verd noko. Og det var fælt når sant skal seiast - med mykje gråt innimellom.

– Du svelgde tårene?

– Ja det gjorde eg – og uretten. Det gjorde eg, ja. Sa skogsarbeidaren.

Kastegraven i Maridalen, der den hengte moren ble gravlagt og der forbipasserende fortsatt legger kvister.

Du din lausunge

I intervjuet eg hadde med vår kjende skodespelar Jack Fjeldstad, fekk eg også høyra om kva det kosta ein gutunge og ikkje heilt vita, men snart skjøna at han var annleis. Etter sine første vonde barneår hos framande, fekk han eit godt liv hos besteforeldra. Men ein dag sprakk det for han. Han og ein kamerat slost – og Jack var den sterke. Då skreik den andre etter han: – Du din lausunge!

Lausunge? Ordet tok kvelartak på gutungen. Raseriet overtok alt i han: – Veit du, det var like før eg kunne ha drepe! Sa han til meg.

Då faren ein dag kom på besøk og ville gje han pengar, nekta han tvert både å snakka med han og ta imot pengane.

Og kva sa dei vaksne arbeidarane til 12-åringen Lilly då ho fekk jobb på ein gard for å hjelpa den einslege sjuke mor si? Lausungen var sendt av djevelen for å halda liv i ei synderinne.

  • Elise Ottosen-Jensen («Ottar»): Kjempet på barrikadene for den forbudte prevensjonsopplysningen

«De Castbergske barnelover»

Gjennom arbeidet mitt som journalist har eg møtt fleire av desse som ikkje kjenner at dei er verd noko. Det er mange måtar å drepa på – sjølv etter at «De Castbergske barnelover» vart vedtekne av Stortinget i 1915.

Lovene som Johan Castberg fekk stadfesta, innebar at born født utanfor ekteskapet fekk rett til arv og namn etter faren – og at far måtte betala barnebidrag. Dei gav styremaktene ansvar for å krevja farskapet fastslått - og å få inn bidraget frå faren. Og fekk ikkje mora dette bidraget, hadde kommunen plikt til å hjelpa mor og barn økonomisk i månadene rundt fødselen.

Juristen og politikaren Johan Castberg var født i 1862. Han var justisminister, handelsminister og sosialminister og må ha vore ein vegvisar før si tid. For lovene møtte mykje motstand, fortel historikar og professor Inger Elisabeth Haavet.

– Husmor- og sedelighets-foreiningar utløyste demonstrasjonar mot dette som ville føra til moralsk forfall. Kyniske kvinner kunne skaffa seg born med velståande menn for å få tak i pengar. Mange hadde også vanskar med å akseptera ei statleg regulering av noko dei meinte høyrde privatlivet til.

Morstrygd og abortlov

I lag med seg hadde Castberg svigerinna si Katti Anker Møller som var født i 1868. Kvinneforkjemparen som reiste rundt i landet, snakka ikkje berre for dei ugifte mødrene, men tok også til orde for sjølvbestemt abort i ei tid det var strengt forbode. Barnet stod i fokus - og i 1924 oppretta ho det første Mødrehygienekontoret i landet, i Oslo.

– Med unnatak av Oslo som i 1919 var den første som innførde morstrygd, tok det tid å få heile samfunnet med, seier forskaren. Trygda for alle landets ugifte mødre kom først i 1964 – med abortlova i ti-året etter.

Barnelovene var en tidlig start for velferdsstaten

I følgje Haavet var dei Castbergs barnelover eitt av fleire tiltak i starten av 1900-talet som etter kvart gav oss det omfattande nettverket av velferdsordningar – som me kjenner som velferdsstaten.

Så tenkjer eg: Slik generasjonar gjennom åra har lagt sine friske kvister på to små gravhaugar inne i skogen, har dei gjennom åra sikkert fått generasjonar til å tenkja over sine eigne kvinneliv. Slik mange av våre modige og framsynte kvinner og menn i vår nærare fortid har rydja vegen for den frie norske kvinna.

Tilbake i skogen står eit undrande barnebarn.

– Jeg er så glad for at jeg lever nå og ikke før! Sa Celina – og at ingen drepte mamma da hun fikk meg.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Johan Castberg
  2. Abort
  3. Katti Anker Møller
  4. Nordmarka
  5. Fattigdom
  6. Ekteskap
  7. Pappa