Den nasjonale rikmannskulturen veks fram. Det avlar tomme bygg og tapte verdiar. | Siri Holmboe Høibo
Me har gløymd at me eigentleg er opptatt av berekraft.
Ved porten til Noregs hovudstad står byggekranane som stolte sjiraffar. Slik har dei stått i store flokkar så lenge eg har budd i byen. Bildet kjenner me igjen over heile landet. Nye kulturhus, kontorbygg og kjøpesenter dukkar stadig opp, som svar på eit behov ingen riktig veit kven kjem frå.
- LES OGSÅ. Om få år står ti historiske praktbygg i Oslo tomme. Ingen vet hva de skal fylles med.
Det verkar som det har fått lov å vokse seg fram ein nasjonal rikmannskultur der det er billigare, enklare og kulare å bygge nytt, mens me har gløymd at me eigentleg er opptatt av berekraft.
Eg mistenker det handlar om både stortings- og kommunepolitikarar som vil sette synlege avtrykk etter seg, under fana om at det er dette som skal til for å sikre både tilflytting og arbeidsplassar. Men er det i kulturhus, kontorbygg og kjøpesentera dei mest innovative kulturelle uttrykka blir til, nye idear og bedrifter blir avla fram, og alternative konsept for handels- og møtestader blir skapt?
Gjenoppstoda av grendehus
Samtidig som nye bygg kjem til ovanfrå, veks det fram ei rørsle nedanfrå som handlar om å ta i bruk det me allereie har. Gjennom DOGAs prosjekt Levande lokale, har me over heile Norge sett at tomme butikklokale blir brukt til å eksperimentere med nye typar innhald til framtidas sentrum.
Me har sett stadspesifikke teater, kontorfellesskap kor næringsdrivande finn kvarandre på nye måtar, og nye konsept for handel der ein til dømes berre leier midlertidig, eller berre nokre hyllecentimeter. Slik har ein fylt tomme lokale, ikkje berre med nytt innhald, men også nye tankar og investeringslyst.
Eit anna interessant fenomen, er gjenoppstoda av grendehusa. På Træna var det i sommar ei gruppe studentar frå både New York, Umeå og Oslo som tenkte ut nye konsept for ein berekraftig modell og utvikling av det gamle ungdomshuset.
Kulturhuset i Oslo er slett ikkje eit nytt og dyrt offentleg bygg, men ein møtestad i ein bygård frå år 1900 som blir brukt av ulike lag og organisasjonar, så vel som enkeltpersonar frå morgon til kveld. Det fungerer som eit urbant grendehus som er kafé, kontorplass, debatt- og konsertarena på ulike tider av døgnet.
Felles for desse døma er at brukarane i stor grad har fått vere med å utvikle dei nye konsepta sjølve. I tillegg er aktørane bak prisgitt lokala dei har fått tak i, som i seg sjølv skaper ei ramme kor kreativiteten kan blomstre. Både utforming og innhald blir variert og nyskapande. Brukarane kjenner seg heime, og det er ein lågare terskel, også økonomisk, for å utfalde seg. Det blir det både innovasjon og meir attraktive stader av.
Mange av oss gående opplever det nå som utrygt å ferdes i Oslo by. Skal syklistene gis fritt spillerom?
Byggeboom og pensjonerte praktbygg
Som med all gjenbruk er det ofte også meir miljøvennleg å gjenbruke bygg. Sjølv om det ofte argumenterast for at nye bygg er meir energieffektive, tar det lang tid før miljørekneskapen går opp. Både å rive gamle bygg, men også å produsere og bygge nytt er miljøfiendtleg. Nybygging skjer ofte på nye grøne areal som kan true biomangfald og matjord, og spreie ut byen slik at avstandane blir større. Det betyr meir transport og forureining.
I Oslo er det byggeboom, og pensjonerte praktbygg som Deichmanske hovudbibliotek, Nasjonalgalleriet, Samtidskunstmuseet og Munch-museet, skal snart hole ut byen. Igjen står ikkje meir enn spekulasjonar om kva som skal fylle dei framover.
Over heile Norge kjempar kommunale kultursjefar for å fylle kulturhusa med innhald dei har råd til, samtidig som grendehusa forfell. Gjennom kommunereforma kjem fleire sentrale og kommunale bygg og rådhus snart til å miste sin funksjon, og dermed stå tomme. Kva gjer me med desse? Er me klar over verdiane som kan gå tapt om me lar dei forfalle?
Når det offentlege skal ta store avgjersler, som å rive eller bygge nytt, blir ofte samfunnsøkonomiske analysar brukt for å rekne ut kva som gir mest verdi. Dette for å hjelpe avgjerdstakarane i å treffe riktige val, basert på fakta og objektive mål. Då er det svært problematisk at me ikkje har tal på nemnde verdiane, med det resultat at dei ikkje blir tatt med.
I saka med det nye Regjeringskvartalet kan ein sjå kor feil det kan slå ut til slutt. Her er det konkludert med at bevaring av Y-blokka ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamt, men utan vidare analyse eller grunngjeving er bevaring av bygningar og kunst rangert som minst viktig.
Nå fyller byrådet tre år. Slik ligger det an med alle løftene de kom med til Oslos befolkning
Tverrpolitisk anleggjande
Dette har både sosiale-, økonomiske og miljømessige implikasjonar for verdiskaping og berekraft, og er derfor eit tverrpolitisk anleggjande. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har eit særskild ansvar for at det offentlege går føre som eit godt eksempel når det gjeld å forvalte eksisterande bygningsmasse.
Det er eit stort innovasjonspotensial i å gjere det enklare og billigare å teste ut nye idear i gamle bygg, gjennom m.a. å lempe på gammaldagse reguleringsbestemmingar og krav.
I dei tilfella der einaste løysing er å bygge nytt, bør det saman med arkitektkonkurransen gå ut ei utlysing om kva det gamle skal brukast til. Det nye må bli bygd med høg arkitektoniske kvalitet og lokalisert i samsvar med nasjonale retningslinjer. Me må lære av våre feil, og bygge meir fleksible bygg som enklare kan tilpassast nye framtidige behov, og som også kan takast ned igjen på ein forsvarleg måte.
Torbjørn Røe Isaksen (H) kan som næringsminister også spele ei viktig rolle for at tomme lokale ikkje blir eit symbol på resignasjon, men eit uttrykk for nye mogelegheiter, næringar og arbeidsplassar. Gamle Union papirfabrikk i hans eige heimfylke er eit godt døme på det.
Kulturminister Trine Skei Grande (V) må innsjå at også kulturbygg også er ein del av kulturarven vår, og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) bør fortsette kampen for eit mindre Regjeringskvartal også utifrå miljømessige omsyn.
I avgjerdsprosessar bør politikarar frå alle felt sørge for at alle verdiar kjem fram, også dei mindre synlege og dei som er vanskelege å telje.
Det er på tide å ta utfordringane på alvor, før både bygningar, historie og engasjement forvitrar. Det er ikkje nye bygg som skaper innovasjon og kultur, det er menneske.
Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter