Kronikk

Slepp ungane fri

  • Knut Aastad Bråten

Det er då det glepp ut or meg: «Kan ikkje du berre bestemme, då?» Mora måpar, skriv Knut Aastad Bråten. Foto: Arne Nøst

Ungane er blitt premissgjevarane i samfunnet: Foreldre og føresette er reduserte til statistar, sekretærar og organisatorar for eigne born. Kvifor er det slik?

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Denne kronikken ble publisert i Aftenposten 8. august 2014.

Du høyrer dei på lang avstand. Mor, far, to–tre ungar. Det skramlar i ei barnevogn, ein leikesykkel. Familiesirkuset er opplasta med tursekkar, bagar, handleposar, bleier.

Knut Aastad Bråten.

Klirr, klirr – og mykje prat: Mor ramsar opp dagens gjeremål, hysjar på jentungen. Far er ivrig etter å forklare kvifor graset er grønt, kor mjølka eigentleg kjem frå, før eit bekymringsfullt: Har alle barna vore på do? Ungane er passeleg interesserte. Dei svarar nebbete med halvopen munn.Som dei styrer, tenkjer eg. Kan dei ikkje berre vere stille, ta det litt meir med ro?

Frå lav status til premissgjevar

Barnet sin status har endra seg stort frå 70-talet og til i dag. Frå å vere eit barn med mindre status og mynde er notidsungane premissgjevarar og sjølvstendige forhandlarar: Ungar skal lyttast til, dei skal takast med på råd. Familiedemokratiseringa tek nye steg kvar dag.

Men er det eigentleg til det beste for ungane? Er det naudsynt å gje ungane så mange val? Skal ungane sjølve bestemme mat, klede, når ein bør kome seg i seng, TV-program eller kva kvelden skal innehalde? Er barneoppdraging eit forhandlingsspørsmål med fireåringen?

Alt for mange val

«Vil du ha vaffel med ost eller utan, eller vil du kanskje ha med syltetøy? Ja? På heile vaffelen? Eller på halve? Berre på halve? Og rømme? Ikkje rømme? OK. Rømme likevel, sa du? Men du sa du ikkje ville ha rømme? Skal mamma bestemme, då? Og mjølk skal du få. Det likar du så godt, så. Ikkje? Ikkje mjølk likevel? Saft, då? Berre vatn, ja.»

Eg står i kø på ein kafé og trippar etter å bestille ein enkel is og ein kaffi. Tida går. Mor og sonen (kanskje fire) blir ikkje ferdige. Det vil seie: Mor blir ikkje ferdig. Ho har så mange spørsmål, og set ungen overfor så mange val. Det er då det glepp ut or meg: «Kan ikkje du berre bestemme, då?» Mora måpar.

Passive og utslitne ungar

«Vandelepe», brukte mor mi å kalle meg når eg ikkje likte det eg fekk servert. 2014-ungane er i ferd med å bli passive, utslitne og kresne underhaldningskonsumentar der ingen ting lenger er bra nok.

Det skjer mykje rundt ein barnefamilie, og dei tek litt plass, naturleg nok. Barneleven bør vi alle tole, tenkjer eg. Og at far – høglydt – gjer sitt for å halde orden i barneflokken. Det skulle vel berre mangle.

Tida med dei minste er knapp – og difor fyller vi henne opp med noko meiningsfullt: Dagplanane er fullbooka av tilrettelagde aktivitetar og underhaldning, litt action og spenning! Det eine gjeremålet erstattar det andre. Kvardagen er som eit lyntog med hurtige av— og påstigingar. Vi fangar bitar av verda rundt oss, sidan kort pause før nye, kjappe opplevingar, nye intense sanseinntrykk. Kast deg på – før det er for seint! Daudtid skapar passive ungar, seier vi. Kjedeleg, seier ungane. Vi nikkar.

Men kvifor må alle timane fyllast med noko? Kvifor må vi styre og legge til rette – heile tida? Er vi dårlege føresette om ungane lyt ordne leiken sjølv?

Meir tid på ungar enn før

Morgonstund har ikkje alltid gull i munn. Frukosten er eit eple i handa. Sidan til kvar sin kant: Dei vaksne på jobb, ungane på skulen. Når arbeidsdagen er over, skyssar vi avkomet vidare på skileik, speling eller speidar – eitt eller anna. To timar seinare er dei i seng. Aftenposten kunne 19. mars 2013 fortelje oss at vi brukar meir tid enn nokon gong tidlegare på ungane våre: Vi skal fylgje og fylgje opp, vi skal hente og bringe, leike og legge til rette.

Tidsbrukundersøkinga frå 2010 syner derimot at vi bruker mindre tid til sosialt samvær enn tidlegare: Til å besøke familie og vener, eller samtale med kvarandre. I staden multitaskar vi og fyller dei sosiale behova – gjennom deltaking i all verdas aktivitetar. Alt på ein gong.

Eit umogleg prosjekt

Notidsmenneska vil mykje, heile tida. Vi skal rekke over ditt og datt. Vi er online 24 timar i døgnet. Eit krevjande og til tider umogleg prosjekt. Og vi let oss styre av trendar i tida: kva som er rett barneoppdraging, kor mykje og mange aktivitetar ungane skal vere med på – trendar også andre føresette og foreldre let seg rive med av – og som ungane til sist krev. Tidsklemma fyller oss med dårleg samvit – og overfylte kalendrar. Finst det andre måtar å gjere det på?

1984: Eg er med bestemor Borghild på stølen. Vi finn ikkje på så mykje, bestemor og eg – det vil seie: Ho gjer svært lite av seg, er berre der, i stølshuset eller ute i tunet medan ho syslar på med sitt. Dagane går med til matlaging, vedfyring og mjølking.

Stilte ho ikkje opp for meg? Vart eg underernært på underhaldning og aktivitet?

Vi spelte gitar, eller teikna ny driftsbygning ved kjøkenbordet, det er sant. Og det var moro. Men underhaldning? Organisert fritid? Henting og skyssing? Vener og besøk?

Gav meg fridom

Ho var stort sett på post, ein slags bauta som eg alltid kunne kome til. Fråværet av eit dagsprogram gav meg i staden noko anna – fridomen til å underhalde meg sjølv, og til å utforske kvardagane på eiga hand: vasse i elva, bygge demningar, sope fjøsgolvet fritt for møkk eller gå på skattejakt. Vi spionerte på naboane og fanga gørrkim i tjernet. Og vi hjelpte til med praktisk arbeid: henta kalvane, gav dei kraftfôr, plukka stein og lokka på kyrne.

Bestemor Borghild var ingen entertainer eller aktivitør. Ho var ei vanleg bestemor. Og ho var god nok.

Gjer som bestemor

Nokre ynskjer å fylle dagane med meiningsfulle aktivitetar frå morgon til kveld. Andre att gjev ungane spelerom til å utforske kvardagen sjølv – utan innlagde postar på programmet. For ein del år sidan var eg lærar i kulturskulen. Ein elev fortalde meg at ho skulle slutte å spele. Hadde ikkje tid til meir, fortalde ho. Skigåing, brettkøyring, svømming, balleik, speidar, turn, streetdance, korps, fotball og musikk gjorde at mor og far ikkje fekk kalenderen til å gå i hop. Gjev vi ungane for mykje?

Du er inga elendig mor eller bestemor, ingen dårleg far eller onkel om vesleguten kjedar seg, eller du gløymde å fylle timeplanen med gokart-køyring, klatring, svømming eller kva det måtte vere. Du er heller ingen dårleg far om du – når du er trøytt, og vil slappe av – ber den vesle urokråka ordne seg sjølv.

Gjer som bestemor. Slepp ungane ut. Slepp ungane fri.

Les også:

  1. Les også

    «Når ble det forbudt å irettesette ulydige barn?»

  2. Les også

    Ingen har vondt av å bli snakket hardt til hvis de ikke oppfører seg skikkelig

  3. Les også

    Sverting av foreldre er utrolig populært

  4. Les også

    Kjære brudepar, ikke få barn!

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Oppdragelse

Flere artikler

  1. KRONIKK
    Publisert:

    Må vi snakke om korleis vi har det, heile tida?

  2. KRONIKK
    Publisert:

    Det skremmer kor lettvint vi lar oss forføra og bli slavar — av noko me ikkje trur me kan styra

  3. KOMMENTAR
    Publisert:

    Eg veit ikkje korleis langtidssjuke har det, men eg håper eg forstår litt meir av det no

  4. KRONIKK
    Publisert:

    Kor er smittefaren i teater for eit einaste menneske? Kan nokon med smittefagleg kompetanse forklare?

  5. A-MAGASINET
    Publisert:

    Når ein kan bu kor ein vil i verda, kjem ein då til å flytte heim?

  6. DEBATT
    Publisert:

    Musea og den vanskelege samtida