Kvifor stemte så mange på Sinn Fein? | Sissel Rosland

  • Sissel Rosland
Mange peikar på Sinn Fein-leiar Mary Lou McDonalds (i midten) popularitet.

Sjølv om ein del kommentatorar har sett valresultatet i lys av brexit-spørsmålet, Sinn Feins kamp for irsk sameining og til og med ein Trump-inspirert populisme, er dette lite dekkande.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

«Populismen har nådd Irland», «parti med IRA-fortid vann valet» og «politisk jordskjelv» er nokre av karakteristikkane av resultatet av det irske valet 8. februar.

Dei to største partia som har dominert Irland sidan 1930-talet, Fianna Fail og Fine Gael, fall frå trona i eit val der den radikale utfordraren Sinn Fein fekk størst oppslutning.

Fire veker før valet var det lite som skulle indikere at det var eit politisk tronskifte på gang. Sinn Fein hadde gjort eit dårleg lokalval og opplevde også tilbakegang i Nord-Irland.

Få som såg resultatet kome

Fyrst i andre halvdel av januar 2020 byrja målingar å indikere vekst, og då dei tidleg i februar viste oppslutning rundt 25 prosent, gjekk dei to dominerande partia og delar av kommentatorkorpset i dei største avisene i panikkmodus.

Sinn Fein i regjering ville innebere krise for den irske økonomien og demokratiet, var omkvedet. Med eitt var Sinn Fein blitt valkampens midtpunkt. Og sjølv om størstedelen av mediedekninga var kritisk, så er det ting som tydar på at i dette valet, så var all reklame god reklame.

Den irske nasjonale TV-kanalen, RTE, måtte i hui og hast inkludere Sinn Fein-leiaren Mary Lou McDonald i den store partileiardebatten. Den debatten skulle tradisjonen tru inkludere berre leiarane av Fine Gael og Fianna Fail.

Mary Lou McDonald.

Etter debatten var fleire kommentatorar kritiske til McDonalds innsats, og enkelte slo fast at det berre var ein fordel at ho fekk delta, slik at veljarane kunne sjå kor lite eigna ho ville vere som statsminister.

Ei veke seinare blei nettopp McDonalds innsats i denne og andre debattar, løfta fram som ein viktig grunn til valresultatet. Ei veke er lang tid i politikken (som Harold Wilson så treffande skal ha formulert det).

Før dei siste målingane var det altså få som såg resultatet kome, heller ikkje Sinn Fein sjølve. Partiet stilte dermed med for få kandidatar. Men som ei følgje av eit valsystem der ein prioriterer kandidatane etter preferanse, så hamna Sinn Feins stemmeoverskot stort sett hjå andre parti på venstresida.

Den viktigaste forklaringa

Men kvifor bestemte så mange veljarar seg for å stemme på Sinn Fein? Og dreidde det seg om populariteten til lokale representantar eller partiet nasjonalt?

Valdagsmålinga viser at det var partiet nasjonalt som betydde mest, og mange peikar på McDonalds popularitet. Men også Pearse Doherty og Eoin O’Broin, talspersonar for høvesvis finanspolitikk og bustadpolitikk, blir ofte løfta fram av mange.

Pearse Doherty (t.v.) og Mary Lou McDonald.

Det som likevel er den viktigaste forklaringa, er misnøya med helse- og bustadpolitikken til den sitjande Fine Gael-regjeringa.

Irland slit med lange ventelister og overfylte sjukehus, og talet på heimlause, derav mange born, er høgt.

Unge opplever at det både er umogeleg å finne rimelege leigebustader og å få lån til kjøpe hus. I tillegg kjem høge kostnader til barnepass.

Sinn Fein har lenge vore opptatt av sosiale saker, men det er ingen tvil om at partiets fokus på helse- og bustadpolitikk blei skjerpa i partiets «interne oppgjer» etter dei dårlege vala i 2019.

Partiet gjorde sakene til hovudsaker og trefte utvilsamt ei nerve. Undersøkingar viser at Sinn Fein nå er det mest populære partiet i alle aldersgrupper, unnateken over 65 år.

Radikalisert

Så sjølv om ein del kommentatorar har sett valresultatet i lys av brexit-spørsmålet, Sinn Feins kamp for irsk sameining, og til og med ein Trump-inspirert populisme, er dette lite dekkande.

Få av veljarane oppga at brexit-spørsmålet var viktig, og populisme-merkelappen ser i mange høve ut til å vere eit forsøk på de-legitimering og over-generalisering.

Nei, dramaet dreier seg i mykje større grad om at det irske partisystemet nå ser ut til å ha blitt radikalisert og fått ein klarare høgre-venstre-dimensjon.

Skal ein knytte utviklinga i Irland til ein trend, må det i så fall vere tendensen ein ser i ein del land til auka oppslutning om venstreradikal politikk.

Irsk politikk har alltid skilt seg frå det vesteuropeiske mønsteret fordi begge dei to største partia blir rekna til sentrum-høgre. Det irske Labour har stort sett vore tredje størst, men opplevde nedgang etter å ha vore i regjering med Fine Gael, der dei måtte ta ansvar for nedskjeringar etter den økonomiske krisa.

Det er blant anna dette politiske rommet Sinn Fein nå har fylt og utvikla vidare.

Allereie valnatta blei det bruduljar

Likevel, trass i valsuksessen, står Sinn Fein overfor ei rekke utfordringar. Partiets bakgrunn som den politiske fløya til IRA er ein av dei.

Sjølv om fredsprosessen innebar ei avvæpning av IRA, er både historia og tidvis også notida, full av politisk sprengstoff, noko årets valkamp illustrerte. Allereie valnatta blei det bruduljar då ein nyvald Sinn Fein-representant hadde ropa ut «up the Ra!» (dvs. opp med IRA) på ei valvake.

Enkelte kommentatorar hevdar også at Sinn Fein framleis er styrt av tidlegare IRA-leiarar frå Belfast, og at dei to kvinnelege leiarane McDonald og Michelle O’Neill (som leiar partiet i nord), berre er passande frontfigurar og nikkedokker.

McDonald, som mange har spådd kan bli Irlands fyrste kvinnelege statsminister, meiner at desse påstandane er eit utslag av sexisme, og at slike karakteristikkar ikkje ville blitt nytta om menn.

Valet tydar på at veljarane ikkje delar frykta for at IRA framleis styrer Sinn Fein, og særleg for unge veljarar ser denne problematikken ikkje ut til å vere viktig. Men krava om at Sinn Fein skal beklage og fordømme IRAs handlingar, kjem ikkje til å forsvinne.

Forholdet veljarane har til konflikten, er naturleg nok også svært ulikt i nord og sør. Det same gjeld det politiske handlingsrommet i regjering.

I Nord-Irland er det, som fastsett i langfredagsavtala frå 1998, ei obligatorisk maktdelingsregjering der alle dei store partia deltar. Dette gjer det vanskeleg å få gjennomslag for ein radikal politikk.

Koalisjon med Sinn Fein?

Kva slags regjering den irske republikken vil få, er i skrivande stund usikkert.

Fleire alternativ er aktuelle. Fianna Fail har opna døra på gløtt for ein koalisjon med Sinn Fein, men Sinn Fein har partia på venstresida som sine føretrekte koalisjonspartnarar.

Det er heller ikkje utenkjeleg at Fianna Fail dannar regjering med ei støtte-avtale med Fine Gael.

Tida vil vise kva regjering Irland får. Men med dei komande brexit-tingingane på agendaen og Sinn Feins press for radikal politikk og folkerøysting om irsk sameining blir det garantert spanande tider i irsk politikk framover.