Norsk kyrkjestrid - ein varig tilstand

RETT LÆRE? Siden Hans Nielsens Hauges tid har konfliktlinjene vist seg i vårt kirkeliv, mellom lekmannsbevegelse og øvrighet, og mellom de mer eller mindre skrifttro. Vårens bispestrid i Oslo var neppe det siste kapittel i en lang saga.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

TURBULENT. Vi har nyleg hatt eit bispeval i Oslo som har skapt ein viss turbulens. Det er ingenting nytt, turbulente bispeval har vi hatt mange av, langt meir turbulente enn dette. Første bispevalet i regjeringa til Christian Michelsen kosta statsråden hans politiske liv.Men i dette bispevalet skaper dei mange aktørane sprekkar og konfliktliner som dannar eit mønster. Og det mønsteret peikar bakover i historia, til eldre tider, men også på vegen fram mot vår tid.

Kyrkjepolitiske musketerar.

Frå det historiske tusmørkret stig det fram tre hovudpersonar, tre kyrkjepolitiske musketerar som må ta på seg mykje av ansvaret for dagens situasjon og Oslovalet, og som nok meir enn gjerne gjer det. Det er Hans Nielsen Hauge, Ole Gabriel Ueland og Jakob Sverdrup. Hans Nielsen Hauge er vel vår mest kjende straffange ved sida av Gjest Baardsen. Ueland er den store bondehovdingen som førte bøndene fram til politisk makt ettersom 1800-talet tok seg fram gjennom tida. Og Jakob Sverdrup er truleg den mest utskjelte politikaren i norsk historie nest etter Quisling. Det er eit underleg trekløver.Eineveldet var ei stram og sentralisert styreform som ikkje vart avskaffa på dagen 17. mai 1814. Kyrkja var ein del av staten, og prestane stelte med henne og hadde forkynningsmonopol. Det var fordi Hans Nielsen Hauge sprengde dette monopolet at han vart bura inne. I 1842 vart Konventikkelplakaten oppheva, med støtte frå mange prestar, men under motstand frå biskopar og teologiprofessorar. Men det var framleis stramt. Fram til 1888 måtte all lekmannsforkynning skje utanfor kyrkjehuset. Det måtte eiga lov til før ein prest kunne inviterast til å tale i kyrkja til ein annan prest. Og departementet slo i 1874 fast at det måtte ein kgl. res. til om ein prest ville halde gudsteneste i kyrkja si på andre dagar enn dei ordinære. Og det var dåps— og konfirmasjonstvang. Å ikkje døype eller konfirmere var straffbart og kunne føre til fengsel. Engelske kvekarar skreiv eit bøneskrift til den norske regjeringa og bad dei om ikkje å forfølgje dei norske kvekarane så grovt som dei gjorde. Å kome ut av statskyrkja var uråd. Kristen måtte ein vere.

Første stein or muren.

Kyrkja var ein stram og streng bygning under sentral styring og med prestane som utøvande aktørar. Hans Nielsen Hauge reiv ut den første steinen or muren. Gudsordet kunne no koma frå anna enn prestemunn.Snart kom den neste store striden, som kom til å vare i 70- 80 år. Lekfolket ville ikkje berre preike. Dei ville styre også. I alle fall ville dei ha ei hand på rattet heime i si eiga kyrkje. Kravet om menighetsråd vart lansert i 1840, og det låg som ei farleg drivmine i det politiske farvatnet fram til vedtaket i 1920. Rådet skulle vere med og tilsette prest, evt. ha klagerett på presten, drive kyrkjetukt og meir til. Ueland dreiv saka i Stortinget, og det gjekk stort sett bra. Men det stranda på konge og regjering. Debatten var til tider svært ilter. For Johan Sverdrup var demokrati i kyrkja og demokrati i samfunnet ei og same sak. Alle meinte ikkje det. J. C. Heuch snakka om "antichristelige Demokraties Forlangende" i denne saka. Han snakka også om "de vilde, opprørske Masser paa Folkedybets Grund", som kunne truge heile byggverket om dei kom til makta. Stortinget kunne ein ikkje lite på. Ankerfestet i denne farefulle situasjonen for kyrkja måtte vere "Bevidstheden om vort Embedes Høihed og Herlighed som en Herrens Tjeneste". Her er det langt til Hauge og Ueland. Og det er god avstand til Martin Luther.

"Mærkverdig skarpsindig."

Under debatten i Stortinget fall det minneverdige replikkar, slik Einar Molland fortel i si framifrå kyrkjehistorie som eg mykje byggjer på. Johan Sverdrup var ikkje religiøst interessert, men han var sterkt engasjert i saka om menighetsråda ut frå demokratiske prinsipp. Eit av hans argument var at "det norske Folk er et mærkverdig skarpsindigt Folk og har Øie for Livets Krav i særlig grad". Her er det langt til Heuch!Sverdrup fekk ikkje støtte frå sin partifelle, grundtvigianaren L. M. Bentsen. Han, på si side, meinte at vårt folk har "kanskje en Del Anlæg for kirkeleg Ufordragelighed. Ofte betegnes netop denne med det smukke Navn: religiøst Alvor. . . Jeg tror neppe den kirkelige Ufordragelighed fører noget godt med sig; men jeg ved, den fører med sig forfærdelig meget ondt og stygt. . .". Og her er det eit godt stykke til Sverdrup!Ein pådrivar i saka var Jakob Sverdrup, prest og ein av dei mange sverdrupane i norsk samfunnsliv og politikk på 1800-talet, son av ein stortingsmann og brorson til statsministeren. Skjellsorda mot han frå kyrkjeleg hald var utruleg grove. Han var ung og uerfaren, vart det sagt, med presteerfaring "fra en Krog i Bergens Stift" (Balestrand), og han ville gje kyrkja til pøbelveldet.

Bittert og hatefullt presteskap.

Tilhengarane av menighetsråd kom ingen veg før jordskjelvet i 1884. Då overtok Johan Sverdrup og Venstre, og det skulle vere rein plankekjøring til målet. Slik vart det ikkje. Ein ting var at presteskapet, som hadde stått massivt bak Selmer-regjeringa, var bitre og hatefulle, spesielt mot Jakob Sverdrup, som hadde støtta riksretten. I åra etter 1884 rådde det eit hat i norsk politikk som det er vanskeleg å forstå. Og det råka mellom andre Jakob Sverdrup. Politisk verre var det at store delar av Venstre snudde i saka. Molland skriv at det var folk frå den ortodokspietistiske vekkinga som dreiv krava om kyrkjereform. No vart den radikale delen av Venstre skeptiske til å sleppe desse mørkemennene inn i kyrkjestyret, om så berre lokalt. Dei sette seg på bakbeina, og saka vart politisk låst fram til vedtaket i 1920. Og fienden til det radikale Venstre vart først og fremst Jakob Sverdrup. Han, sjølve svartebroren, vart skulda for å misleie sin gamle onkel, statsministeren, og han vart tildelt mykje av ansvaret for at Venstre sprakk, og at sigeren frå 1884 glei bort mellom hendene på Venstre. Skjellsorda mot han vart enno verre. Det vart nokså ille.No er alt dette historie. Andre har overtatt etter dei tre, Hauge, Ueland og Sverdrup, som slepte folket inn i kyrkja si. No har vi menighetsråd, bispedømmeråd og kyrkjeråd. Kyrkja er meir demokratisk, som Johan Sverdrup, onkelen, ville ha det. Makta er på fleire hender.Men om nokon skulle ha trudd at freden skulle senke seg, så var det naivt. Eit fungerande demokrati kan ein seie mykje godt om, men fredeleg er det ikkje. "Det gildaste eg veit, er når mor og far slåst," sa ein gut på Jæren, "for då veit eg at dei er friske". Det er ikkje noko dårleg demokratiprogram.

Klassisk konflikt.

Bispevalet i Oslo enda som ei konflikt mellom embete og råd, men rollene var motsette av det vanlege i slike saker. Tilsynelatande såg valet ut til å handle om tilsetting av homofilt samlevande i stillingar som treng vigsling. Kvarme ville ikkje gjere det. Under låg noko mykje tyngre, ei klassisk konflikt i norsk kyrkjehistorie siste par hundreåra: Skriftsynet, korleis ein skal lese Bibelen. Dei fleste konfliktane i kyrkja handla om det: Kvinnelege prestar, helvete og meir til.I denne saka fekk Oslo ein biskop bispedømmerådet ikkje hadde nominert og dermed ikkje ville ha. Så vart han kasta inn i prosessen. Også kyrkjerådet valde ein annan. Men Kvarme fekk så stor støtte at regjeringa til slutt utnemnde han. Kongen sit framleis øvst, og kyrkjeråd og bispedømmeråd vart overkøyrde. Når den nye biskopen så sette seg i stolen, slo det overkøyrde rådet fast at det var dei som tilsette folk i vigsla stillingar, ikkje biskopen, og at dei ville følgje den praksisen dei før hadde lagt seg på. Biskopen, embetet, som var sett til å "ta vare på den apostoliske lære etter Guds ord og vår kirkes bekjennelse", som det heiter i tenesteordninga for biskopar, vart overkøyrt av lekfolket.Det hadde vore moro å vite kva dei tre oldefedrene til Oslo bispedømmeråd hadde meint om dette. Trass alt er ansvaret deira. Truleg hadde dei tatt det med sinnsro. Dei var kloke og herda folk, som visste at kyrkjefreden berre gjeld ved kyrkja på søndagen.