Kronikk

Med duppen i øyro og nettet for augo | Åshild Ulstrup

  • Åshild Ulstrup, journalist og forfatter

Det skremmer kor lettvint vi lar oss forføra og bli slavar av noko me ikkje trur me kan styra, skriv Åshild Ulstrup. Foto: Arne Nøst

Internett fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjonskløft som aldri har vore djupare.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Mens heimane våre aldri har vore vakrare og meir utstyrt, er dei meir eller mindre blitt tømt for innhald. Foreldra er på jobben, barndomen putta bak sine ulike gjerde – og dei gamle til sine jamaldringar eller til seg sjølv. Det gjer at dagens turbokvinner- og menn kan få pusta friare i maratonløpet frå heimen til jobben, frå barnehagen til kjøpesenteret og til ulike treningsstader.

Og det er ikkje berre hos oss. Eg hugsar bussturen med mor til Tyskland. Då ho kom heim, var ho over seg over alle ho hadde fått møta, ikkje minst baronen i vinkjellaren. Men så slo det henne at ho ikkje hadde sett eit einaste barn på turen. Slik er det blitt! Her ser me borna berre i helgene.

Åshild Ulstrup er forfatter og journalist. Foto: Katrine Nordli

Mellom generasjonar

I eit heilt år laga eg ein programserie som heitte Tema-barn i NRK radio, eit 5 minuttars program på alle kvardagar. Kvar av borna eg snakka med, ynskte å få bli verande i sin eigen barndom. Det travle vaksenlivet skremde.

I ein annan programserie, Barndomsbilder frå heile verda, var eitt av spørsmåla mine: «Kva er det viktigaste du har med deg frå barndomen?»

I alle land, medrekna vårt eige, var svaret: Samværet i heimen, kontakten på tvers av generasjonane.

For fleire tiår sidan var media opptekne av nærmiljøet vårt. Det var vel på den tid me såg at familien begynte å rakna – og mange kom med sine idear til samhandling mellom generasjonane. Eg hugsar spesielt engasjementet for grendehus og kollektiv.

Men så kom det som verkeleg skapte eit skilje.

Les også

Kor mykje vil ein fattig kommune bruka på ein sjuk 80-, 90- eller 100-åring som har lyst å leva?

Borte i si eiga verd

Som bestemor såg eg det bråe skifte først hos barneborna mine. Saman med dei som i dag er blitt vaksne, var det helger med eventyrlege skogsturar og ludospel, paradishopping, piknik på stranda og lange samtalar.

Med neste generasjon småborn skjøna eg snart at nå var det berre pannekakene og pizzaen som kunne konkurrera med spelet på PC-en og mobilen. Det hadde skjedd noko! Det digitale leiketøyet var blitt meir spennande enn eventyret på bestemorfanget.

Og barneborna er ikkje åleine. Dei fleste unge eg ser, sit bøygd over sine nettbrett med musikk-duppar i øyro – og nettbrettet framfor augo – borte i si eiga verd. Mange slepp ikkje taket i brettet og har mista blikket til den som er ved sida av seg.

Les også

På ein-to-tre kom teknikken som snudde opp-ned på vårt daglege liv i ein rytme som ikkje høyrer alderdomen til

Ei djup generasjonskløft

Nettet fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjonskløft som aldri har vore djupare. På få år har interessa for det me finn på brettet meir og meir overtatt for det nære og livsviktige fellesskapet. Folk rundt oss er blitt mindre interessante. Me har nok med oss sjølv.

Og gamlemor spør: Korleis skal den oppveksande generasjonen makta å byggja bru frå den fiktive verda dei møter ved eit tastetrykk – og det livet dei vidare skal leva i kraft av sitt eige unike? Kva gjer det med sjølvkjensla, draumen og livsviljen – når det dei får på nettet overgår alt det dei sjølv kan finna på?

Og korleis skal dei få tak i det vanlege kvardagslivet?

Foreldre fortel om sine stressa arbeidsdagar med lite plass for fritid. Yrkeslivet forsyner seg omsynslaust av tida til både borna og småbarnsforeldra!
Det kan vera lett å bli ja-menneske som ikkje vågar å setja grenser i den tilmålte tida generasjonane har i lag. Mange skilte foreldre har delt omsorg – og kven skal vera oppsedaren når barnet blir gjester i heimen?

Les også

Då eg la livet mitt i hendene på ein handspåleggar

Eg vil laga ein revolusjon

Som barn i 40-50-åra hadde eg mange små murar å klatra over, men det var jo slik eg vart kjend med meg sjølv og trygt såg fram mot vaksenlivet.

Men har me beste- og oldeforeldre noko å by på som kan vekkja interessa hos dei som kjem etter oss? Svaret er det same kor eg snur meg – at utviklinga går sin gang – og du må følgja med! Men må eg det – når eg inst inne har lyst å laga ein liten revolusjon?

Born i dag kjenner mindre til dei ulike fasane i livet enn eg gjorde i min barndom. Kunne me få til eit «fag» der born og ungdom vart kjend med generasjonane over? Eg veit kva slike møte har kveikt av livsglede og krefter. Sjølv har eg hatt to vaksne barneborn buande hos meg – og har fått røyna at kvar av oss har noko viktig å fortelja kvarandre som opnar for livsmot og toleranse.

Les også

Jeg er så glad for at ingen drepte mamma da hun fikk meg

Eit sentrum for unge og gamle

Noko av det finaste eg har sett av aktivitet og samspel, var grendehuset utanfor Göteborg, bygd etter blekksprut-mønsteret – med kafé, amatørteater, kinosal, hobbystove, fotolaboratorium, dansesal og ein ekstra kunstnarkafé. Unge fekk prøva seg med å syngja, spela og lesa eigne og andre sine dikt – ja – finna ut av livet sitt.

Her kunne unge som gamle koma til alle tider kvar dag, ha sine billege middagsmåltid og læra av einannan. Og her sat også innvandrarkvinner og lærde bort kunsthandverk frå heimlanda sine.

Ein ypparleg sjanse til å få bruka seg sjølv – og bli kjend med kvarandre.

Tenk om skulen vår kunne bli eit slikt sentrum for både unge og gamle. Ha sin eigen kafé og ein verkstad til ulike hobbyar, der dei unge kunne få fram talent og eigenskapar som det ikkje er plass til i dei teoretiske læretimane. Alle har me noko å visa fram og vera stolt av.

Ledige pensjonistar med ulik yrkesbakgrunn, kunne få by på seg sjølv og skapa ein tryggare skuledag både ute i skulegarden, inne i verkstaden og på kaféen.

Les også

Det finns eit liv etter puberteten — og det finaste kan skje når vi er så gamle at vi trur oss ferdige med alt

Skulen som tvangsanstalt

Det var vondt å høyra at trass i årelange tiltak mot mobbing i skulen, har mobbinga auka, som køen av unge som ventar på psykiateren.

Ja, tenk om skulen kunne bli ein møteplass til lære og inspirasjon – eit sentrum for den frie tanken og livsgleda – og ikkje berre ein tvangsanstalt som tydeleg øydelegg livet til altfor mange.

Ei 15-årig jente fortel at ho er så desperat at ho bed om å få tid til å leva eit liv! Skulen med lekselesinga tar heile dagen frå klokka 8 om morgonen til 19-20-tida om kvelden.
Ei jente på 17 år ser for seg læraren som klipper alle elevane sine tankar til ein firkanta boks. Når læreboka skal følgjast til punkt og prikke, kor blir det då av ungdomen si lyst til å utforska? spør ho.

Ho meiner at den vidaregåande skulen ikkje lærer elevane å stilla spørsmål eller å utfordra det etablerte.

Dertil kjem presset på det ytre, fasaden – der alle skal vera like – og skulepresset som får mange sterke og kreative ungdomar til å kjenna seg som taparar.

Les også

Eg skreiv boka Menn og elskere. 25 menn i alle aldrar fortalde om seg sjølv. Dette er kva eg sit igjen med

Ordfattige einstøingar og slavar?

Me blir stadig minna om at landet vårt skal veksa og koma seg vidare. Men kva med dei indre kreftene i oss sjølv? Skal ikkje også dei få veksa og bløma?
Det skremmer kor lettvint vi lar oss forføra og bli slavar av noko me ikkje trur me kan styra.

I mine verste stunder ser eg for meg ei framtid av ordfattige einstøingar som har mista taket på augneblikket i det levande livet både i seg sjølv – og i andre.
Kvart barn skulle ha nokon som ventar på dei – om ikkje anna enn ein kattepus – som ho sa, ei lita jente som kjende seg så åleine. Slik alle born skulle ha tru på at det finns eit liv som spør etter dei – og som ser og vil deira beste.

Men då må dei ha nokon å sjå opp til – og noko å lengta fram mot.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Digitalisering
  3. Mobbing
  4. Ungdom

Relevante artikler

  1. KRONIKK
    Publisert:

    Mannen

  2. DEBATT
    Publisert:

    Russ, turisme og hatet på kjærlighetens øy

  3. KRONIKK
    Publisert:

    Respekt for huldra er respekt for naturen. Lov å ta vare på villmarka!

  4. NORGE
    Publisert:

    Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

  5. KRONIKK
    Publisert:

    Den nasjonale rikmannskulturen veks fram. Det avlar tomme bygg og tapte verdiar

  6. BOLIG
    Publisert:

    Kjæresteparet Evy og Esben bor hver for seg under samme tak: – Vi må gjøre det som er best for oss og egne barn