Kronikk

Tvangslovutvalet vil legalisera psykiatriske overgrep | Kirkevik og Tranøy

  • Arve Kirkevik
    Styreleiar, Informasjonssenteret Hieronimus
  • Joar Tranøy
    Psykolog og kriminolog

Når fleirtalet i tvangslovutvalet no vil ha eigen lovheimel for elektrosjokk utan samtykke, kan det føra til auka omfang av slike overgrep, skriver kronikkforfatterne. NTB scanpix

Når fleirtalet i tvangslovutvalet no vil ha eigen lovheimel for elektrosjokk utan samtykke, kan det føra til auka omfang av slike overgrep.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Tvangslovutvalet la fram si utgreiing 18. juni, NOU 2019: 14. Dette var eit stort vonbrot, sidan fleirtalet i utvalet vil ha eigen lovheimel i den føreslåtte «tvangsbegrensningsloven» for bruk av elektrosjokk (ECT) utan samtykke. Føresetnaden er at pasienten ikkje skal få slik behandling om han gjer motstand. Frå utgreiinga:

Side 36: «Utvalgets flertall anbefaler derfor at det lovfestes en snever adgang til bruk av ECT som et livreddende tiltak. Det skal kunne brukes mot personer som ikke motsetter seg tiltaket, men som mangler beslutningskompetanse. Det er altså ikke tale om bruk av tvang.»

Side 592: «Utvalgets flertall (alle medlemmene unntatt Erichsen og Gitlesen) ser store vansker med et totalt forbud mot bruk av ECT uten eget samtykke.»

Arve Kirkevik er styreleder i Hieronimus, et informasjonssenter for mennesker med angst og depresjon. Han har selv opplevd å få elektrosjokk under tvang.

Joar Tranøy, psykolog og kriminolog. Tranøy har skrevet ti fagbøker og over 100 fagartikler om temaer innenfor psykologien, psykisk helse, barnevern, sosialhistorie og kriminologi. Han er særlig kjent for sitt engasjement omkring praksisen av lobotomi i Norge. Kilde: Wikipedia

Frekt av utvalet

Det vil altså seia at om du er så langt nede at du ikkje klarar å seia nei når du meiner nei, er det lov for psykiatriovergriparar å overkøyra deg. Difor er det frekt av utvalet å påstå at dette ikkje er tvang.

Det vil gjera situasjonen ekstra ille i ettertid at ein som har fått elektrosjokk, på denne måten kunne sloppe det om han hadde motsett seg det. Då kjem skuldkjensla: «Kvifor gjorde eg ikkje noko for å hindra det?»

Utvalet føreslår rett nok reservasjonsrett mot elektrosjokk, men dette er ikkje godt nok, sidan det ikkje vil skje at alle som bur i Noreg, tenkjer over at dei ein gong i framtida kanskje kan verta innlagde på psykiatrisk sjukehus og difor må passa på å reservera seg mot elektrosjokk.

Mange er ikkje klår over at psykiatrien i dag framleis utfører elektrosjokk under tvang, på bakgrunn av naudrettsparagrafen i straffelova.

Når fleirtalet i tvangslovutvalet no heller vil ha eigen lovheimel for elektrosjokk utan samtykke, kan det føra til auka omfang av slike overgrep.

Ingen vasstette juridiske hinder

Det same fleirtalet har ikkje føreslått at det skal verta forbode å gje elektrosjokk under tvang etter strafferettsleg naudrett.

Me kan risikera at den føreslåtte lovheimelen til elektrosjokk utan samtykke kjem i tillegg til dagens praksis med elektrosjokk under (fysisk) tvang.

Sjølv om dette skulle vera utilsikta frå utvalet, kan det likevel skje. Ein rabiat psykiater som har lyst til å bruka fysisk makt mot eit menneske for å gjennomføra elektrosjokkbehandling, møter ingen vasstette juridiske hinder i «tvangsbegrensningsloven».

I psykiatrien får heller ikkje lovbrot konsekvensar, difor går det føre seg i stort omfang.

Dersom tvangslovutvalet ikkje ynskjer at det skal utførast elektrosjokk etter naudrett, burde dei no koma med ein tilleggsmerknad med ein eigen paragraf som eintydig forbyd dette.

  • Bruk av strømbehandling mot depresjon får FN til å kritisere Norge: Norge får kritikk av FNs menneskerettighetskomité for elektrosjokkbehandling uten samtykke

Må vera totalforboden

Frå vår side er det eit absolutt minimumskrav at all behandling utan eksplisitt samtykke skal vera totalforboden. I ein slik paragraf må det òg vera eit utvitydig forbod mot å gje elektrosjokk etter naudrett, for er det eit juridisk halmstrå att å klamra seg til, vil sjokkdoktorane utnytta det.

Skal eit totalforbod verta respektert, er det viktig at det kan handhevast. Det trengst ein paragraf i straffelova som medfører bøter og fengsel – og tap av autorisasjon – for dei som gjennomfører elektrosjokk i strid med forbodet, dvs. viss dei ikkje kan dokumentera eksplisitt samtykke.

Bruken av naudrett og naudverje i psykiatrien er eit kapittel for seg. Med dette vert det som elles er ulovleg, tillate, og det gjer personar som er innlagde på psykiatrisk sjukehus, rettslause.

I skuggen av naudretten har den gruvsame og umenneskelege praksisen med tvungen elektrosjokkbehandling fått halda fram. Også lobotomi vart gjeve under tvang med naudrett som grunngjeving i si tid.

Tvangslovutvalet opnar for at det i framtida kan takast i bruk kamera, sensorar og kunstig intelligens til overvaking av menneske med psykiske helseproblem for å spå komande «psykotiske episoder», på friviljug grunnlag.

Men me veit kor «friviljug» behandlinga i psykiatrien er. Det kan lett verta slik at ein kjenner seg pressa til å godta uakseptable tiltak.

Les også

Trond F. Aarre: Helsedirektoratet feilinformerer om antipsykotiske medikament

Frå utgreiinga side 560: «Alle data sendes til en datamaskin som ‘lærer’ en persons ‘vanlige’ atferd. Avvik blir registrert. Etter hvert vil datamaskinen kjenne igjen avvik og muligens også kunne forutsi eventuelt kommende avvik i atferd: det vil si uro ved demens eller psykotiske episoder hos andre.

I andre tilfeller har man sett på hvordan telefonintervju av personer kan brukes til å fange opp kommende psykoser. Det er utviklet dataprogram som ser på om endring i talemåte elle talemønster kan predikere psykose.»

Side 562: «Utvalget vurderer at vi ikke bør ha en lovgivning som stenger for slike tiltak så lenge personen ikke motsetter seg det. Vi kan her se for oss teknologiske løsninger som gjør det mulig for eksempel for personer med demens å bo hjemme i trygge omgivelser lenger enn de ellers vil kunne, eller at personer med psykiske helseproblemer raskere vil bli fanget opp ved tegn til forverring slik at hjelpetiltak kan iverksettes raskt. På denne måten kan både selvbestemmelsesrett styrkes og bruk av tvang forebygges.»

Totalovervaking

Dette er skremmande utsikter til ei totalovervaka framtid. At dei omtalar «personer med psykiske helseproblemer» i same andedrag som demente, seier sitt om haldningane deira.

På toppen av det heile vert overvakinga grunngjeven i verste nytalestil med at «selvbestemmelsesrett styrkes og bruk av tvang forebygges». Viss det ikkje var for at det stod i ein NOU, ville me ha oppfatta denne utsegna som satire. Har utvalet nytta «1984» som instruksjonsbok?

Både dette og framlegget om eigen paragraf for elektrosjokk utan samtykke syner at psykiatrien har ingenting lært av si lange historie med overgrep. Norske psykiatrar har aldri bede ofra kollektivt om orsaking for sin bruk av lobotomi, insulinkoma- og cardiazolsjokkbehandling.

Det er uverkeleg og trist å måtta konstatera at me ikkje er komne lenger enn at det er gangbar mynt for eit regjeringsoppnemnt utval å føreslå eigen lovheimel for psykiatrisk valdtekt av dei mest sårbare og forsvarslause menneska i vårt samfunn.


Les mer om

  1. Tvangsbehandling
  2. Personvern
  3. Psykiatri
  4. Overgrep

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kort sagt, mandag 29. juli

  2. DEBATT

    Når døden er alternativet, bør elektrosjokkbehandling kunne brukast

  3. DEBATT

    Kort sagt, onsdag 17. juli

  4. KRONIKK

    Selvmordsraten har ikke gått ned i Norge på 20 år. Hvorfor?

  5. KRONIKK

    Doping i norsk idrett: Greit såfremt det er lov?

  6. KRONIKK

    Vi har en fedmeepidemi. De med fedmegener rammes hardest.