Kronikk

Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt. | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør, Norad

Huanan Seafood Wholesale Market i Wuhan pekes ut som en smittekilde for koronaviruset. Her selges alt fra sjømat til ulvevalper og ville katter. Arend Kuester/Flickr

Verda etter korona.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Svaret kjenner vi no: Alt.

På få månadar har hendingar på denne marknaden skapt vår generasjons største krise. Så avhengige er vi av kvarandre.

Det er ei surrealistisk tid, og vi kjenner ikkje kva månadane framover vil bringe. Men ein dag er dette over. Vi og verda skal gå vidare. Når vi kjem dit, kan mykje ha blitt endra. Kan vi allereie no trekke lærdomar, sjå nokre mønster for kva vi bør trekke ut av koronakrisa?

Eg trur det.

Totalt avhengige av kvarandre

Verda er blitt så lita at ein transaksjon i byen Wuhan pregar liva våre totalt i dag. Ein kinesisk dyremarknad er ikkje for sarte sjeler. På mat- og dyremarknaden vart døde og levande dyr selde om kvarandre. Ulvekvelpar, flaggermus og pangolinar.

Ein tilfeldig kontakt – og viruset har funne vegen frå dyr til menneske.

Det er ikkje første gong ei hending på ein stad påverkar heile verda.

Bård Vegar Solhjell er direktør i Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid. Norad

I 1883 førte eit vulkanutbrot på Krakatau i Indonesia til at klimaet på heile kloden blei kjølt ned i eit par år. Svartedauden byrja på Krim og tok livet av 25 millionar menneske.

Historia er full av globale hendingar. Pandemiar, krigar og naturkatastrofar. Men det er nytt at vi kan samarbeide raskt, tett og effektivt om å stoppe eit virus.

For 400 år sidan ville vi ikkje visst kva dette var og klandra gud for straffa. No kan våre beste ekspertar lage ei vaksine. For 200 år sidan tok det veker før vi høyrde om ei ulukke på andre sida av verda. For 20 år sidan haldt Kina sarsviruset hemmeleg. I dag har over 45 prosent av verdas befolkning smarttelefon og får verda i lomma på nokre sekund.

Les også

Kronikk av Jared Diamond og Nathan Wolfe: Det neste viruset

Ei forlenging av det norske

Like fullt spekulerer mange no i om vi vil sjå ei bølgje av nasjonalisme og mindre samarbeid i etterkant av covid-19. At kvar nasjon vil ha nok med å løyse eigne problem.

Men dei viktigaste løysingane på koronakrisa krev samarbeid både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Faglege råd til helsemyndigheiter i land kjem frå Verdas helseorganisasjon (WHO). Samla registrering av talet på smitta og kva tiltak som vert innført også. Utvikling av ei vaksine skjer i internasjonal regi.

Flaggermus kan ha bidratt til spredningen av det nye koronaviruset. Disse flaggermusene er fotografert i et tre i Carins i Australia. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Den sosiale og økonomiske oppbygginga etterpå kan heller ikkje skje i eitt land åleine. Noreg bidreg økonomisk til dette, mellom anna gjennom Norad. Dette står ikkje i motsetnad til å vare på Noreg, det er ei forlenging av det norske.

I nasjonalstaten Noreg har befolkninga høg tillit til fagmyndigheiter. Det er ein slik tillit vi må bygge internasjonalt. Vi må styrke vår beredskap – og saman må vi styrke global beredskap. I Noreg gjer vi ting felles. No trengst det fleire globale fellesgode.

På lag med naturen

Det er samarbeid som er nøkkelen til å vinne over nye trugslar mot oss. Dei største trugslane i dag er internasjonale og mange av dei er knytt til vårt forhold til naturen. Vi veit at det nye koronaviruset kom frå eit dyr, men vi veit ikkje heilt korleis og kvifor. Det er ikkje første gong.

Ebola og sars kom også frå dyr til menneske. Ei rekke forskarar peikar på nedbygging av natur som ei av årsakene til dette. Tap av leveområde fører til at dyr må tilpasse seg menneskeskapte landskap. Slik blir kontakten mellom menneske og dyr tettare, og virus og bakteriar overførast lettare. Ulovleg handel med ville dyr er eit anna problem med same effekt.

Ein viktig del av forsvaret vårt mot sjukdom vil vere å la naturen fungere.

Å ta betre vare på dei store skogsområda – regnskog og andre – er avgjerande viktig for dette. Det vil også ta betre vare på artsmangfaldet, fordi fleirtalet av utryddingstruga artar lever i skog. Det er samstundes avgjerande viktig for å nå felles globale klimamål i Parisavtalen, fordi tre bind karbon.

Noreg bidreg økonomisk til dette også, mellom anna gjennom direktoratet for utviklingssamarbeid, Norad.

Kvar dag denne unaturleg tidlege våren blir vi minna på klimaendringane, ei anna utfordring vi har til felles med heile kloden. Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) er blant dei som har peika på det tette sambandet mellom klimaendringar og fattigdom.

Å ta vare på naturgrunnlaget vårt må difor vere ein avgjerande del av framtidas utviklingssamarbeid.

Les også

Kronikk av Péter A. Csángó: Det myndighetene har unnlatt å si om risikoen for overføring av koronavirus fra dyr til menneske

Meir enn ei helsekrise

Vi merkar det rundt oss heile tida. Alt ber preg av dette ekstraordinære. Heile samfunnet blir ramma. Økonomien stoppar opp. Tiltaka pregar kvardagslivet vårt. Ikkje berre her i Noreg. Slik vil det vere i enno større grad om covid-19 skulle spreie seg på det afrikanske kontinentet og i fattige land.

Ringverknadane blir dramatiske og heile økonomien trua.

Mykje talar til dømes for at produksjonskapasiteten kan bli kraftig svekt. Auke i offentlege utgifter til helse og anna innsats vil fortrengje investeringar i infrastruktur og langsiktig utviklingsinnsats. Nedstenging av bedrifter, offentlege institusjonar og infrastruktur vil svekke økonomien og skape fattigdom.

Fattige land har ikkje eit oljefond å stå imot med.

Størst utfordring vil dette vere for dei som allereie lever heilt på marginen av kva ein kan klare seg med. I Afrika sør for Sahara lever over 400 millionar menneske i ekstrem fattigdom. For dei vil sjølv ei lita endring i livsvilkåra vere dramatisk. Det gjeld fattige på landsbygda og millionar av slumbebuarar i byar og flyktningleirar.

Denne krisa er massiv, og responsen må vere like massiv.

Les også

Kommentar av Erling Dokk Holm: Vi kan demme opp for mange virussykdommer ved å la naturen være i fred

Dugnaden må strekke seg lenger

No er det naturleg nok mest merksemd kring liv og helse, men etter kvart er det viktig at vi bidrar til å få hjula i gang i fleire økonomiar enn vår eigen. Også her vil norsk bistand vere eit viktig verkemiddel, private investeringar eit anna.

Blant det som gjer mennesket unikt, er vår evne til samhandling. For viruset er livet enkelt, det eksisterer til det ikkje kan spreie seg meir. Vi kan derimot samarbeide om å utvikle ei vaksine og spreie ho systematisk rundt i verda.

Så absurd om vi no skulle velje det motsette.

Verda er full av konfliktar, men det vi har til felles, er langt sterkare. Klimaendringar, ulikskap og pandemiar er globale trugslar vi har felles interesse av å kjempe imot. Å unngå dei er fellesgode.

Kampen mot dei er nedfelt i ein internasjonal plan fram mot 2030 kalla berekraftsmåla. Pengane vi brukar på det, er investeringar.

«Det heiter ikkje eg, no lenger, heretter heiter det vi», siterer vi i desse dugnadstider. Vi-et og dugnaden må strekke seg lenger.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
  3. Dyrevern
  4. Truede dyrearter
  5. Alternativ behandling

Koronaviruset

  1. VERDEN

    Svensk statsråd bekymret for det nordiske samarbeidet

  2. POLITIKK

    Verden står for tur: Slik skjer neste trinn i åpningen av grensene

  3. OSLOBY

    Labre forventninger ved Oslo-attraksjoner tross gjenåpning for europeiske turister

  4. VERDEN

    12 land opplyser at de fremdeles ikke har koronasmitte

  5. VERDEN

    2500 ansatte, men ikke en eneste er smittet av korona. Slik får de det til.

  6. ØKONOMI

    NHO vil ha vekk koronakravet om bordservering