SiD

Kvifor brukar ungdom så mykje pengar på fotballsko?

Det er ikkje skoa som gjer ein fotballspelar god, skriver Philip (13). Foto: NTB Scanpix

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

På laurdag kjøpte eg nye fotballsko og det var eg ikkje aleine om. Eg blei sjokka når eg så kor mange typar sko eg kunne velje mellom og, ikkje minst, kor høge prisane var!

Nike og Adidas lanserer nye kolleksjonar kvar tredje månad, med nye fargar og utsjåande. Viss du har kjøpt sko varar det ikkje lenge før dei blir «gamle» og du følar at du må kjøpe nye. Noreg er eit av dei einaste landa i Europa som tar inn toppmodellane for barn, og dessa kan koste opp mot nesten 3000 kronar!

Når føtene framleis voksar er det unødvendig med så dyre sko. Og er dessa skoa eigentleg så mykje betre enn dei til kring 750 kronar?

Fleire bør fokusere på at skoen passar foten og underlaget, ikkje bare at han ser kul ut. Dei fleste toppmodellane kjem bare i grasmodell og sjølv om vi unge bare spelar på kunstgras, kjøpar vi grassko likevel. Eg har sjølv opplevd å ha vore skadd i over eit år på grunn av grassko, og anbefaler ingen å kome i den situasjonen.

Ein annan grunn til at barn har lyst til å bruke slike sko er at dei store idola som Ronaldo, Messi og Agüero brukar skoa. Da kan man gå rundt å seie «desse skoa brukar Ronaldo og er heilt nye». Andre kan da føle seg uvel sidan dei ikkje har slike sko.

Foreldre må ta ein del av skulda. Dei må bli mykje betre til å stå imot presset frå barna og tørre å si at dei ikkje kan få så dyre sko. Eg kjennar nokon som har blitt utsette for erting på grunn av billige sko.

For det er jo ikkje skoa som gjer ein fotballspelar god. Det avgjerds av korleis han oppfører seg på banen og korleis han spiller.

Følg Aftenposten Si;D påFacebook, Twitter og Snapchat (aft.sid).

Les også

Slik trodde de livet skulle bli

Les også

Er Stovner virkelig så ille?

Les også

Benedikte (13): – Jeg tror alle har godt av å ha en venn som er litt annerledes

Philip (13)