SiD

Senterungdommen ynskjer å gamble med norske arbeidsplassar | Harald Nyland

  • Harald Nyland (19)
    Harald Nyland (19)
    1. nestleder, Sogn og Fjordane Unge Høyre
Her på kysten er sjømatnæringa viktig når det kjem til livsgrunnlaget vårt, og EØS-samarbeidet gjer det mogeleg å eksporterte fisken vår vidare, skriver Harald Nyland i Unge Høyre.

Marknadstilgangen til EU som EØS-avtalen gjer, er svært viktig for norske arbeidsplassar, særleg i distrikta.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Senterungdommen la ut eit Facebook-bilete 4. februar der det sto: «Vi ønsker at Norge skal forlate EØS og EØS-avtalen slik Storbritannia forlot EU.»

Vent no litt, er det så lurt? Noreg kan tape minst 48 milliardar kroner ved å tre ut av denne avtalen.

EØS-avtalen er hovudfundamentet i Noregs samarbeid med EU. Den sikra fri bevegelse for personar, varer, teneste og kapital. Den gjer norske verksemder fri tilgang til eit marknad av 500 millionar menneske.

Mesteparten av alt som eksporterast frå Noreg, går til EU. Seier vi nei til avtalen, er det som å gamble med norske arbeidsplassar og velferdsstaten.

Harald Nyland (19), 1. fylkesnestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre.

Eksportmogelegheiter

La oss ta eit godt eksempel. Sjømat er Noregs største eksportvare etter olje- og gass, samtidig som den vert stadig viktigare.

Her på kysten er sjømatnæringa viktig når det kjem til livsgrunnlaget vårt, og EØS-samarbeidet gjer det mogeleg å eksporterte fisken vår vidare.

Ingen har det like travelt som ein død fisk på veg til marknaden. På grunn av EØS-avtalen får vi lågare tollsatsar, varene flyt lett over landegrensene, vi slepp veterinærkontrollar og krav til utfordrande attestar.

Dette medfører at vi får fleire arbeidsplassar på kysten, samt at marknaden får nyte fersk fisk frå oss. Med andre ord, distriktet nyt godt av at fisken og andre varer får passere fritt mellom grensene.

Viktig inntekter

I fjor eksporterte den norske sjømatnæringa for over 100 milliardar kroner. Det hadde ikkje vert mogeleg utan føreseielegheit og dei vilkåra som avtalen gjer oss. Det vil ta lang tid å finne ein anna marknad som betaler like godt som EU når det kjem til vår fisk.

Norske myndigheiter har difor vore opptatt av å sikre ein best mogeleg marknadstilgang til EU, og dei har gitt tydlege initiativ til å utvide marknadstilgangen for norsk sjømat. Det er difor skummelt at fleire sår tvil rundt EØS-avtalen.

Ikkje ta vekk vårt livsgrunnlag her på kysten, og heller ikkje kødd med EØS-avtalen. Går Noreg ut av avtalen, vil det vere vanskeleg å drive på med fisk, noko som vil medføre tapte arbeidsplassar og sløkte lys i heimane på kysten.

Det er dårleg distriktspolitikk.

Les også

  1. Kjernekraft kan bidra til å stanse klimakrisen | Johannes Banggren

  2. Har vi behov for for den norske bonden? | Madelein Framvik Arntzen

13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. EØS
  2. EU
  3. Fisk
  4. Distriktspolitikk
  5. Sjømat
  6. Arbeidsplass