SiD

Eg er ikkje interessert i sex. Er det plass til sånne som meg?

  • Jente (19)
    Jente (19)

Det går an å ha eit forhold basert på kjensla ein får når nokon tek ein i handa, skriv innleggforfattar. Foto: Korawat photo shoot / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Det går faktisk an å like nokon utan berre å ville ha sex med dei. Sånn, no sa eg det.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Gjennom heile puberteten vart eg stilt spørsmålet «kven likar du?», og kvar gong svarte eg «ingen». Ikkje fordi eg var flau over det, men fordi det var sant.

Heilt ærleg forstod eg ikkje spørsmålet. Kva ville det seie «å like nokon»? Korleis kunne eg svare på om eg syntest Harry Styles eller Zach Efron var fin, eg kjenner dei jo ikkje?

Ofte fekk eg høyre at eg kom til å skjøne det ein dag, at eg enno var for ung. Men sjølv undra eg berre på éin ting: Kva i alle dagar er gale med meg?

Eg kan huske at eg leste i RLE-boka at dei fleste finn ut av seksualiteten sin når dei er mellom 12 og 16 år. Då eg blei 16 år gammal, vart eg overtydd om at eg var øydelagd.

Til no hadde eg pugga at six-pack og kraftig kjeveparti var «fine trekk» slik at eg slapp å få stygge blikk når nokon spurte meg kva eg syntest om kjendisen dei viste meg.

Passar ikkje inn

I seksualitetsundervisninga på skulen lærte vi om sex i heterofile og homofile forhold. Vi lærte om å vere trans, om kva som skjer med kroppen vår i puberteten, og at alt eigentleg er greitt. Men kva med ingenting, er det greitt?

Les også

Gutt (18): Jeg ville, men klarte ikke å ha lyst på sex. En YouTube-video fikk meg til å forstå meg selv.

No går alle rundt og skal overtyde meg om at eg berre ikkje har funnet den rette enno, eller at eg berre må prøve å ha sex for å forstå det.

Kven eller kva eg likar, spelar ingen rolle, men noko skal eg like. Ideen om ein seksualitet er noko heile samfunnet vårt spelar på, og i dette samfunnet passar ikkje eg inn.

Kjærleik utan sex

Betyr dette at eg aldri ynskjer å ha ein kjærast, at eg kjem til å ende opp heilt åleine? Absolutt ikkje, men av og til kjennast det sånn ut.

Men det går faktisk an å like nokon utan berre å ville ha sex med dei. Sånn, no sa eg det.

Det går an å ha eit forhold basert på måten nokon ser opp på stjernehimmelen på, kjensla ein får når nokon tek ein i handa, eller det at nokon faktisk bryr seg om korleis du har det.

Kanskje er det eg som har ei hemmelegheit som ingen veit?

Aftenposten kjenner skribentens identitet.


Les også

  1. Gutt (18): Jeg ville, men klarte ikke å ha lyst på sex. En YouTube-video fikk meg til å forstå meg selv.

  2. Jeg føler meg ikke seksuelt tiltrukket av andre. Er det legitimt å føle det slik? spør jente (18). Sexologisk rådgiver svarer

  3. En aseksuels bekjennelser


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


https://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/ap/multimedias/41eaf7a8947fd97c9169b0c246638e73/Anbefalt%20Si%20%3BD%20-%20 mars

Les mer om

  1. Sex
  2. Seksualitet