Norsk er utdatert!

Elisabeth Hekneby fra Unge Høyre (18) mener ikke at sidemål skal kuttes ut, men ønsker at man selv kan velge om man vil ha faget.

Sidemål bør bli valfritt. Det må vere betre å kunne eit fag bra, framfor å kunne to fag dårleg.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Når læraren seier at vi skal jobbe med sidemål, kjenner eg med ein gong at energinivået søkk. Ikkje nødvendigvis fordi sidemål er uinteressant, men fordi vi må bruke tid på noko mange opplever som bortkasta.

Ein av fem elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive ordentleg. Det vil seie at ein av fem til dømes vil ha problem med å lese nyheiter eller skrive ein jobbsøknad. Det er skremmande tal.

Sidemål bør vere valfritt. Da kan elevane som ønskjer å bruke tid på sidemål gjere det, medan vi som ønskjer å bruke meir tid på hovudmål eller andre fag, kan gjere det. Det må vere betre å kunne eit fag bra, framfor å kunne to fag dårleg.

Kan få seks norskkarakterar

Då Høgre sat i regjering, vart det gjennomført ei fornying av faga i skulen. Denne fornyinga innebar mellom anna færre karakterar i sidemål. I staden for å få ein karakter i faget kvart år, får ein no berre karakter i sidemål i 10. klasse og siste året på vidaregåande.

Dette viser at vi er på rett veg. Problemet er likevel at på vitnemålet ditt i 10. klasse og vg3, skal karakteren stå.

Vi elevar risikerer å gå ut av vidaregåande med heile seks norskkarakterar, viss vi får jackpot med eksamen. Av dei seks kan to vere i sidemål.

Tenk på dei elevane som må vinke farvel til drøymestudiet, fordi dei ikkje er gode nok i sidemål. Dette er sløsing med ressursar og vi går glipp av mange talent.

Sats på berekraft og engelsk

Mange elevar jubla då eksamen vart avlyst i år òg. No har vi elevar betre tid fram til sommaren på å lære det vi skal.

Og vi lever i ei globalisert verd som er truga av krig og klimakrise.

La oss heller bruke tid på berekraft, engelsk og kunnskap vi faktisk får bruk for seinare. Ikkje norsktimar kor vi berre slår opp i ein ordbok.

La oss velje

Eg meiner ikkje at sidemål skal kuttast ut. Eg er ikkje glad i sidemål, men eg kan bruke det. Dette innlegget er skrive på mitt sidemål.

Dersom du elskar sidemål, bør du få ha sidemål. Er du derimot som meg, og sukkar oppgitt kvar gong du må bruke tid på det: Ja, då bør du få velje.

Gi oss i alle fall mogelegheita til å velje sjølv.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!