Vi burde starta med sidemål enda tidlegare | Dordi Boksasp Lerum

  • Dordi Boksasp Lerum (16)
Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss, skriver debattanten.

Eg skjønnar at det å pugge «ein gut – guten – gutar – gutane» er keisamt, turt og nyttelaust, men løysninga er ikkje å fjerne sidemålskarakteren.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Eg heiter Dordi, og eg skriv nynorsk. Det same gjer 600.000 andre nordmenn. Dersom vi skal ha eit fungerande samfunn, er det heilt nødvendig at alle lærer seg begge skriftspråka vi har i Noreg.

Eg lever på mange måtar opp til fordomane om den «typiske» nynorskbrukar. Oppvaksen i nynorskimperiet Sogn og Fjordane. Har ei dialekt som ligg nærmare nynorsk enn bokmål. Er odelsjente på ein sauegard. Sa eg at mor mi er norsklærar?

Det enkle svaret

Ok, så eg skriv nynorsk og er nøgd med det. Men kva er det som gjer at eg så hardnakka står på for at alle andre også skal lære seg nynorsk? Og kvifor er sidemålskarakteren så viktig? Det enkle svaret er at vi må sikre kunnskap.

Du kan seie at det er mykje med tre standpunktkarakterar og opptil tre eksamenskarakterar i norsk. Men då må ein hugse at karakterane ikkje er eit mål i seg sjølv, – det er læringa og kunnskapen som er målet.

I tillegg er norsk det største faget vi har i skulen, difor er det berre rett og rimeleg at det også det faget som har flest standpunktkarakterar.

Meir enn skule

Det stemmer ikkje at du ikkje kjem til å få bruk for nynorsk. Språk er noko vi brukar på mange andre arenaer enn berre i skulen. Det er difor viktig at alle lærer seg kvarandre sine skriftspråk – eg må lære meg bokmål, slik som du også må lære deg ditt sidemål.

Når alle kan begge skriftspråka, er det enklare for alle å kommunisere med kvarandre, anten der er privat eller i jobbsamanheng.

Skal du til dømes verte advokat, lærar, politi, journalist eller apotekar, kjem du garantert til å få bruk for nynorsk. Visste du for eksempel at om du jobbar i staten, må du skrive til folk på det språket dei skriv til deg på?

Sidemål frå 3. klasse

No startar ein i praksis ikkje med sidemålsundervisning før i 9. klasse. Det er altfor seint. Det er vanskeleg å skulle lære seg eit heilt nytt språk når ein er 14 år, skulelei og får dårleg undervisning.

Eg òg skjønnar at det å pugge «ein gut – guten – gutar – gutane» er keisamt, turt og nyttelaust. Skal ein lære seg eit nytt språk, må ein lese, skrive, utforske og prøve ut språket. Tverrfagleg. Ikkje fylle ut grammatiske tabellar i eit trist klasserom.

Difor meiner eg at ein alt frå 3. klasse skal starte med sidemålsopplæringa. Då er evna til å lære språk er større, og fordomane mot språk har ikkje bygd seg opp.

Eg er kanskje den «typiske» nynorskbrukar, og du er gjerne den «typiske» bokmålsbrukar. I framtida kjem vi begge til å møte på både bokmål og nynorsk.

Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss og for å gjere det enklare i møte med einannan. Nynorsk er mykje meir enn verbbøying, diktanalysar og grammatikk.

Å velje bort sidemålskarakteren er å velje bort kunnskap. Og det vil vi vel ikkje?


Les også

Kunnskapsministeren svarer elev: «Hvorfor har vi så mange karakterer i norsk?»

Les også

Vi kan kutte ned på rettebunkane. Men pass på nynorsken! skriver lærer Magne Aasbrenn


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.