Studentar i dei største byane bør sjå mot distrikta før dei klagar

  • Dordi Lerum
    Dordi Lerum
    Sentralstyremedlem i Senterungdomen og student
Klagingen fra studenter kan se ut som et storbyproblem, skriver innsender.

Har du vald å studere i Oslo? Ja, då veit du det er trongt om plassen og dyrt å bu.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Dei siste par vekene har titusenvis av studentar strøyma til universitet og høgskular rundt om i heile Noreg. Og i år, som i fjor og alle år før der, vert debatten reist igjen: Studentane får for lite pengar, og det er ikkje nokon plass å bu. Men er dette eigentleg berettiga klaging?

På mange måtar kan klaginga frå studentane sjå ut som eit storbyproblem. Dersom ein går til utdanningsstadane i andre delar av landet, er situasjonen nemleg ein annan. I til dømes Sogndal, Volda eller Nesna er det framleis gode hyblar ledige til ei månadsleige heilt ned i 2500 kroner.

Meir for pengane på bygda

No får ein vanleg student ei utbetaling av Lånekassen på i gjennomsnitt cirka 11.500 kroner i månaden, inkludert storstipend i august og januar. Dersom ein studerer på bygda, har ein student då heile 9000 kroner ein kan bruke på First price-nudlar, pensumbøker og ein etterlengta pils i ny og ne.

I tillegg får ein fantastisk natur, unik bygdestudentkultur og ei utdanning med høg kvalitet med på kjøpet.

Situasjonen er heilt annleis i Oslo

For ein student i Oslo er biletet heilt annleis. Opp mot 10.000 kroner i månaden for eit lite krypinn med mugg i glaskarmen og gardindører er realiteten for mange.

Eg har, ironisk nok, sjølv vald å studere i Oslo dette semesteret. For å få dette til å gå rundt må eg, som mange andre, jobbe ved sidan av studia. Dette var eg sjølvsagt klar over på førehand, og eg tenkjer det er sunt for ungdomar å arbeide.

For ein framtidig arbeidsgivar kan arbeidserfaring tyde meir enn studiet, og alle har godt av å bidra til fellesskapet.

Må opne auga

Misforstå meg rett: Studentane fortener meir pengar generelt. Og absolutt ein plass å bu. Senterungdomen vil gi studentane om lag 3500 kroner meir i studiestøtte fra Lånekassen i månaden og bygge 3000 nye studentbustader kvart år. Vi er utolmodige for å få Senterpartiet til å innfri.

Samstundes må ein generelt sett stramme inn på pengebruken for å unngå inflasjon og høgare renter som vil gå ut over alle.

Likevel må studentane innsjå at det ikkje er nokon menneskerett å bu i Oslo sentrum. Ein må opne auga opp for utdanning i distrikta før ein klagar over trong økonomi og få plassar å bu.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først.