SiD

Samanslåinga av Leikanger, Balestrand og Sogndal er eit meiningslaust overgrep | Bjørn S. Sølsnes

  • Bjørn S. Sølsnes (22), kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Leikanger
Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slått sammen til én kommune. Sogningen Per Christian Grov har laget dette humoristiske forslaget til nytt navn og kommunevåpen.

Si ;D-innlegg: Det har gått prestisje i saka om kommunesamanslåing, og Leikanger vart ofra.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

21. februar ble det vedtatt at Sogndal, Leikanger og Balestrand skal slås sammen til én kommune med tvang. Bjørn S. Sølsnæs fra Leikanger er kritisk til vedtaket.

Eg lét meg velja inn i kommunestyret hausten 2015 fordi eg hadde tru på lokaldemokratiet og ei framtid for kommunen min.

I staden for tenesteyting og samfunnsutvikling har mykje tid og krefter gått med til å handsama meiningslause reformer som regjeringa har trædd ned over hovudet på oss.

No er desse heldigvis tilbakelagde, og me kan endeleg fokusera på det me er valde til å gjera. På kvelden 21. februar kom beskjeden om at Leikanger kommune skal leggjast ned − med tvang!

Dersom samanslåinga var del av ei heilskapleg reform, kunne eg til ein viss grad ha akseptert det. Men når dagens småkommunar i all hovudsak får bestå også etter 2020, blir ikkje desse 13 tvangssamanslåingane anna enn eit meiningslaust overgrep mot norske bygder.

Bjørn S. Sølsnæs (22). Bildet er tatt før kommunevalget i 2015.

Det har gått prestisje i saka, og Leikanger vert ofra på prestisjens altar. Regjeringa og Venstre viser ei grov forakt for folket når dei køyrer over lokaldemokratiet på denne måten.

Me er ikkje dumme

I Leikanger hadde me ein grundig prosess i forkant av folkerøystinga der 62 prosent av systrendingane (innbyggjarane i Leikanger) sa nei.

Kommunestyret vedtok difor at Leikanger skulle bestå som sjølvstendig kommune, og stadfesta dette også etter at Fylkesmannen tilrådde tvangssamanslåing.

Leikanger Venstre høyrde ikkje til dette fleirtalet og har heile vegen ivra for samanslåing. No har dei fått hjelp av Venstre sentralt til å køyra over folkeviljen.

Regjeringa og Venstre viser ei grov forakt for folket

Systrendingane kan umogeleg veta sitt eige beste, sidan Venstre og regjeringa ser seg nøydde til å gripa inn. Men systrendingane er ikkje dumme.

Dei ser korleis tidlegare kommunesenter som Borgund og Jostedal har visna bort, og veit at når kvar tenkjer på sitt, vil berre den sterkaste overleva.

Leikanger kommune er kanskje liten, men sikrar systrendingane full råderett over utviklinga av eige lokalsamfunn.

Denne langsiktige sjølvråderetten er me ikkje viljuge til å gambla vekk i magre tider til fordel for kortsiktig økonomisk vinning.

Eg set mi lit til folket

Eg blir provosert av at dei som sit på eit kontor inne i Oslo, trur dei veit betre korleis me skal organisera lokalsamfunnet vårt enn oss som kvar dag og eit heilt liv har vårt virke i Leikanger.

Me har brukt mykje tid og krefter på ein prosess me trudde var reell, men som viser seg å vera eit spel for galleriet.

Eit kjent svensk ordtak seier at «när människor med makt, slutar att lyssna på folk. Då är det dags att byta ut dom».

No set eg mi lit til at det norske folk nyttar valet i haust til å velja inn stortingsrepresentantar med eit meir demokratisk sinnelag − slik at me kan reversera tvangstankane til det sitjande fleirtalet!

Les også

Her kan du lese mer: 13 kommuner tvangssammenslås

Tirsdag kveld kom vedtaket – her er de nye storkommunene i Norge:


Kommunereform og distriktspolitikk engasjerer virkelig om dagen

Les også

  1. Lise-May Sæle (19), Høyre-politiker fra nabokommunen Balestrand, ser annerledes på det: No blir Balestrand besteven med Leikanger og Sogndal, og saman vert dei best!

  2. Emma Berge Ness: Oslo-makta, her er ei helsing frå det fjerne land. Ikkje gjer oss meir fjerne.

  3. Trine Eilertsen: Arbeiderpartiet motarbeider en kommunereform som ikke er perfekt. Men den har ført til flere endringer enn Ap har fått til på 22 år.

  4. Når det er snakk om distriktspolitikk, blir Sverige ofte dratt frem om et skrekkeksempel. Men i de siste 45 årene har avfolkningen i Nord-Norge vært større enn på den andre siden av grensen, skriver Jonas Stein.

  5. Samtidig er det steile fronter når det er snakk om å flytte arbeidsplasser fra Oslo til distriktene. Dette innlegget fra Eid-ordfører Alfred Bjørlo (V) engasjerte mange: Kjære Robert Steen. Velkomen til den verkelege verda. Velkomen til Sogn og Fjordane.

  6. Slik er stemningen i distriktene: – Vi er ikke sinte. Vi er rett og slett forbanna! (for abonnenter)

Les mer om

  1. Leikanger
  2. Balestrand
  3. Sogndal
  4. Kommunereform
  5. Distriktspolitikk