SiD

Kva med oss i grisgrendte strøk? | Dordi Boksasp Lerum

  • Dordi Boksasp Lerum (17)
    Senterungdommen

Vi treng eit internettløft! Ofte endar det opp med at alle i familien sit i forskjellige rom og riv seg i håret over at vi dett ut og inn av digitale møter, at dokumentarar og filmar ikkje lastar opp og mailar ikkje vert sende, skriver Dordi Boksasp Lerum (17). Berit Roald / NTB scanpix

Her eg bur har vi breiband som går gjennom nesten 50 år gamle telefonleidningar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Etter koronautbrotet har vi nordmenn på rekordrask tid måtte vende oss til å leve livet vårt mest digitalt.

Skulen er digital, foreldre jobbar heimanfrå, og vener og familie kan vi treffe på Zoom og Facetime. Men den nye måten å leve livet vårt på har ein stor veikskap: Mange nordmenn dett utanfor samfunnet grunna dårleg eller ikkje-eksisterande internett.

Kva med oss i grisgrendte strøk? Gje oss eit internettløft!

Ein ny digital kvardag

I min husstand er vi tre søsken og to vaksne. Kvardagen vår er nok ganske lik som mange andre norske familiar i desse dagar, og det aller meste av skule og arbeid skjer over internett.

Ein vanleg dag startar gjerne med at alle står opp til halv åtte og et felles frukost – ganske idyllisk, men når skule- og jobbdagen tek til klokka 8, brakar helvete laus:

To av tre søsken startar dagen med Teams-møte med klassen, medan eldstemann har naturfag og skal sjå dokumentar om radioaktivitet. Mor i huset har morgonmøte på Skype med kollegaene sine, og far, som er dagleg leiar på bærmottaket i kommunen, skriv mailar innimellom lamming og florenturar.

I ei ideell verd hadde alt dette gått knirkefritt, og alle kunne smilande treffast til middag klokka 16. Slik er det diverre ikkje.

.

Dordi Boksasp Lerum (17), Senterungdomen. Anna Sofie Ekeland Valvatne / Privat

Ofte endar det opp med at alle sit i forskjellige rom og riv seg i håret over at vi dett ut og inn av digitale møter, at dokumentarar og filmar ikkje lastar opp og mailar ikkje vert sende.

Vi treng eit internettløft!

Eg trur ikkje eg og familien min er dei einaste som er råka av dårleg internett.
Her eg bur har vi til dømes breiband som går gjennom nesten 50 år gamle telefonleidningar.

Kvifor må vi i distrikta henge etter i utviklinga? Kvifor kan ikkje vi få raskt fibernett slik som folk i byen tek som heilt sjølvsagt?

Eg meiner vi treng eit internettløft!

Det bør byggast ut godt fibernett i heile landet – også i grisgrendte strøk

Les også

Konkurranse: Hva kan gi oss håp for fremtiden?


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.



Les mer om

  1. Internett
  2. Familie
  3. Samfunnsdebatt
  4. Søsken
  5. Digital
  6. Koronaviruset

Relevante artikler

  1. SID

    Det gjer meg trist å tenkje på alle sauane, hjortane og reinane som brutalt blir drepne av ulven

  2. SID

    Ein SMS kan ikkje redde verda, men den kan redde nokon si verd

  3. SID

    Dataspel i skulen kan gi betre elevprestasjonar

  4. SID

    Stortinget vil innføre en lov som tillater masseovervåking av borgere

  5. SID

    Digitale klasserom gir oss den friheten vi fortjener

  6. SID

    Dette er norsk dugnadsånd på sitt beste