SiD

Vi jenter må bli flinkare til å ta vare på kvarandre | Norunn Hjartåker

  • Norunn Hjartåker (16)

Unge jenter opplever ikkje berre press om å vera perfekt frå media og kjendisar, men det kan òg komma frå nærmiljøet, skriver Norunn Hjartåker (16). Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Kommentarar som «så du dei stygge skoa hennar?», er ikkje dei kjekkaste å få som ung jente.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Pen, finare, alle andre. Alle dei andre utanom meg. Dei utan nokon feil. Ingen kviser eller ekstra feitt på kroppen.

Det er sånn mange jenter tenkjer om seg sjølv. Kvifor gjer dei det? Kor kjem det frå?

Dei fleste av oss har eit førebilete. Ein person som vi ser opp til og som aldri gjer noko feil i auga våre. Vi ser dei overalt, og dei er alltid fine og perfekte. Desse personane har ikkje ein einaste kvise, fordi redigeringsapper gjer det lett å fjerne dei. Dette fører til at unge jenter trur at dette er verkelegheita.

Blir ein verkeleg nøgd?

Når vi ser førebilete vårt på framsida av eit magasin, tenkjer vi ikkje på om huda er feilfri eller kor slank personen er. Det som er greia, er at det festar seg i underbevisstheita. Vi trur det er slik det fungerer.

Det kjem stadig saker i media om kjendisar som misbrukar si makt som førebilete og om at TV-program som Paradise Hotel har dårleg innverknad på ungdommen.

Slike program viser jenter at det er heilt OK å bruka mange pengar på sminke og innsprøytingar. Mange brukar fleire tusen på dette for å bli nøgd.
Men så er spørsmålet: Blir dei nøgd eller er det berre lureri?

Norunn Hjartåker (16) Foto: Privat

Baktaling på skulen

Unge jenter opplever ikkje berre press om å vera perfekt frå media og kjendisar, men det kan òg komma frå nærmiljøet. Unge jenter kan komma i miljø der ein baktalar kvarandre.

Kommentarar som «så du dei stygge skoa hennar?» eller «ho kledde ikkje den fargen», er ikkje dei kjekkaste å få som ung jente. Kvifor er det slik hjå unge jenter? Kvifor føler dei at dei må baktale kvarandre? Er det så vanskeleg å godta at ein er ulike?

Vi må slutte å tenkja at alle er betre enn oss. Vi må slutte å tru at førebilete vårt er perfekte og at kviser berre finst på oss! Slutte å tru at alle på TV og rundt oss er perfekte.

Slutt å tru at jentene rundt deg er betre enn deg! Ingen er perfekte. Alle har feil, og alle gjer feil.

Vi jenter må bli flinkare til å ta vare på kvarandre. Når vi føler at verda er i mot oss, kan vi støtta kvarandre.

Har du lest disse sakene?

Les også

Jeg går bare på ungdomsskolen og har allerede følt på kroppspresset en god stund

Les også

Disse er best på å få ungdom til å føle seg verst | Mina Vinje


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.



Les mer om

  1. Samfunnsdebatt
  2. Kjendis
  3. TV
  4. Kroppspress
  5. Motepress
  6. Mobbing

Relevante artikler

  1. SID

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.

  2. NORGE

    Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

  3. FOTBALL

    Knarvik er aktuell for å ta over for Mjelde

  4. SID

    Etter jeg fikk TikTok, har jeg lurt på om jeg bør ta lip fillers, brasiliansk rumpeløft og Botox

  5. SID

    Jeg er blitt kalt «fyrstikk» og «skjelett». Hvorfor må vi kommentere andres utseende?

  6. A-MAGASINET

    John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.