SiD

Det er ingen som ser at eg ikkje høyrer, det er eit usynleg handikap | Sunniva Leivdal

  • Sunniva Leivdal (19)
    Nestleder HLFU, Sogn og Fjordane

Å vere høyrselshemma student er hardt arbeid fordi vi brukar meir energi på å oppfatte og delta i undervisninga, skriv Sunniva Leivdal. Foto: Privat

Dette er opplevinga mi av å vere ung med nedsett høyrsel.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg er Sunniva. 19 år, høgskulestudent, aktiv i kultur og idrett, har gode venner og flott familie, fødd med nedsett høyrsel og brukar høyreapparat. Høyrselshemminga er ein liten del av meg, men det påverkar livet mitt i stor grad.

I oppveksten var det uro og støy i dei fleste situasjonar, og det enklaste for å unngå hovudverk, var ikkje å bruke høyreapparatet. På skulen skulle lærarar og elevar bruke mikrofon, snakke ein om gongen, og redusere støy, men det vart ikkje alltid gjennomført.

«Berre gamle folk brukar høyreapparat»

Når eg hadde på høyreapparatet og noko vart negativt, tok eg det av igjen – i ein lang periode. «Det er berre gamle folk som brukar høyreapparat» sa ein gut då eg var ung, og høyreapparatet hamna i skuffa igjen. Eg fekk ein svingstol for å gjere det lettare å lesa på munnen til alle i klasserommet. Ein lærar kom inn og lurte på kvifor eg hadde den stolen, det var vel ikkje med «ræva» eg høyrde?

På vidaregåande skule gjekk eg yrkesfag fordi dei linjene har små klassar, og det var mogeleg for meg å delta i undervisninga. For å ta studiekompetanse gjekk eg på Briskeby vidaregåande skule, tilrettelagt for høyrselshemma elevar. Der var dårleg høyrsel det normale. Alle brukte mikrofonar, og ingen lo av meg.

Sårande kommentarar

Å vere open om høyrselshemminga har hjelpt meg veldig, men det er vanskeleg for andre å hugse at eg blir stille og trekker meg tilbake for at eg treng pause, ikkje fordi eg er sur eller lei meg. Sårande kommentarar kan vere: «du har jo høyreapparat så då høyrer du vel normalt», «du høyrer det du vil høyre!» og «høyrde du kva eg sa?». Korleis kan eg vite svaret på det?

Les også

Jeg gikk fra å være usynlig syk til synlig syk. Uhyggelige opplevelser er blitt min hverdag.

Det er ingen som ser at eg ikkje høyrer, det er eit usynleg handikap. Det er energikrevjande for meg å forsøkje å henge med i samtaler, fordi eg ofte berre høyrer litt av det den andre seier.

Som student har eg rett til skrivetolk på førelesningane. Eg har forelesing tre dagar i veka, men skrivetolk berre ein av dagane fordi det er mangel på skrivetolkar. Utan skrivetolk får eg ikkje med meg samanhengen i førelesninga.

Å vere høyrselshemma student er hardt arbeid fordi vi brukar meir energi på å oppfatte og delta i undervisninga, enn dei med normal høyrsel. Skal vi kome opp og fram må vi kjempe for rettane våre og vi må ha gode hjelparar.

Unge høyrselshemma vil delta, hjelp oss ved å legge til rette for det. Det skal så lite til!


Har du lest disse sakene?

  1. Les også

    Disse Si ;D-innleggene ble mest lest i januar

  2. Les også

    Dette er en mogelegheit til å gi meg og andre rullestolbrukere et bedre liv

  3. Les også

    Barn med funksjonshemning blir diskriminert. Hvor er tiltakene?



Les mer om

  1. Student
  2. Hørselshemming
  3. Samfunnsdebatt
  4. Rettigheter
  5. Undervisning
  6. Skole

Relevante artikler

  1. SID

    Dataspel i skulen kan gi betre elevprestasjonar

  2. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi

  3. KULTUR

    Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned

  4. KRONIKK

    «Den som får flest likes, ansees å ha rett og kan omtale seg som den som forvalter sannheten»

  5. KRONIKK

    Slik gikk den store digitale omstillingen etter koronakrisen

  6. ØKONOMI

    Oljelobby: – Handler om å være ærlig