Den digitale skulen diskriminerer nynorskelevane | Hope og Waage

Kommunane må bruke forbrukarmakta si og krevje at digitale læremiddel dei kjøper inn, ligg føre på nynorsk, skriver Fredrik Hope (25), leder i Norsk Målungdom, og Agathe Waage (20), leder i Elevorganisasjonen.

Si ;D-innlegg: Det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev i skulen, også i framtida.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Framtidas skule er digital, og appar og nettbrett tek over for læreboka. Då kan ikkje kommunane oversjå at elevane har språklege rettar. Det gjer norske kommunar i dag. Dei digitale læremidla vert altfor ofte kjøpt inn berre på bokmål og engelsk. Resultatet er at nynorskelevane får eit dårlegare tilbod enn bokmålselevane. Slik skal det ikkje vere!

Eit klart brot på opplæringslova

Framtidas ferdigheiter er digitale, difor treng skulen å leggje opp undervisninga med gode digitale hjelpemiddel for alle elevane. Digital opplæring er viktig for at elevar frå ung alder kan lære å navigere på nett, og å tenke kritisk om informasjonen dei finn.

Digitale hjelpemiddel opnar opp for moglegheitene for å tilpasse opplæringa for kvar enkelt elev. I staden for å tilpasse slik at elevane får læremidla på språket sitt, diskriminerer skulen nynorskelevane systematisk ved å gje dei digitale læremiddel på bokmål.

Opplæringslova slår fast at det berre kan brukast lærebøker og andre læremiddel i skulen som er tilgjengelege på både nynorsk og bokmål til same tid og pris. Dette kravet gjeld både trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, og som blir brukt regelmessig og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla.

I dag er det mange appar og dataprogram som blir dekka av dette kravet. Likevel finst dei ikkje på nynorsk. Det er eit klart brot på opplæringslova.

Går mest utover barneskuleelevar

Det finst flest digitale hjelpemiddel for barne- og ungdomsskulen. Det vil seie at mangelen på digitale læremiddel på nynorsk går mest utover dei elevane som treng å bruke språket sitt mest – barneskuleelevar som får den fyrste lese- og skriveopplæringa. Det seier seg sjølv at elevar som skal lære å lese nynorsk, treng læremiddel som er på nynorsk. Det går ikkje an å lære dette ved hjelp av læremiddel på bokmål eller engelsk.

Les også

Skal «relative og kumulative frekvenser» knuse sykepleierdrømmen min? | Victoria Johnsen

Det er kommunane som har ansvar for at elevane får læremiddel på språket sitt. Tre av fire barneskulelærarar i nynorskområde seier at dei bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål i undervisninga.

Det syner tydeleg at mange kommunar ikkje er medvitne kva ansvar dei har, og ikkje minst kva makt dei har. Det er kommunane som avgjer kva appar dei kjøper inn til skulane sine. Kommunane må bruke forbrukarmakta si og krevje at digitale læremiddel dei kjøper inn, ligg føre på nynorsk.

Departementet må stille dei til ansvar

Elevorganisasjonen og Norsk Målungdom meiner kommunane må ta ansvar for at nynorskelevane får den same, gode digitale skulekvardagen som bokmålselevane gjer.

Kommunane må gje klar melding til produsentane om at kommunen ikkje vil kjøpe læremiddel som ikkje finst på nynorsk, og setja same krav til språk i innkjøp som kommunen gjer av kontorstøtteprogram og administrativ programvare.

Viss kommunane held fram med å bryte lova, må Kunnskapsdepartementet stille dei til ansvar. Når stat og kommune ikkje tek ansvar for at nynorskelevane skal få dei same digitale hjelpemidlane som bokmålselevane, seiar dei så godt som om at nynorskelevar ikkje har ein plass i framtidas skule.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.