SiD

Fleire kvinner må behalde etternamnet sitt | Mai Lene Fløysvik Hæåk

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk (21)

Etter bryllaupet til Harry og Meghan har det vore debatt på sosiale medium om bryllaupstradisjonar som kan verke kvinnediskriminerande og gammaldagse. For oss som ikkje kan kalle oss hertug eller hertuginne når me blir gift, er debatten om etternamn den viktigaste, meiner Mai Lene Fløysvik Hæåk. Foto: Jonathan Brady / TT NYHETSBYRÅN

Si ;D-innlegg: Det er på tide at likestillinga òg viser seg i val av etternamn.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Etter bryllaupet til Harry og Meghan har det vore debatt på sosiale medium om bryllaupstradisjonar som frå dagens perspektiv kan verke kvinnediskriminerande og gammaldagse.

I motsetning til mange andre ønskjer eg ein slik debatt velkomen av den grunn at eg trur det er klokt å reflektere over tradisjonane våre og ikkje berre gjere ting utan å tenkje over kva som ligg bak.

For meg er det likevel eit tema eg synest me burde diskutere langt meir enn kva som skjer på sjølve bryllaupsdagen: etternamn. Det er trass i alt ganske viktig for oss som ikkje kan kalle oss hertug eller hertuginne når me blir gift.

Jeg har tenkt på det lenge - og i dag må bare spørre: hva er egentlig denne greia med at damer må skule ansiktet si… https://t.co/1teeiVSsLD

Statistikk frå SSB viser at berre seks prosent av mennene vel å skifte etternamn. Til samanlikning vel ein tredjedel av kvinnene som giftar seg, å byte etternamn, og ein tredjedel vel å behalde etternamnet sitt som mellomnamn og bruke mannen sitt som siste etternamn.

Sjølv har eg eit ganske uvanleg etternamn.

Me er berre ni med det namnet, og alle fire som har mogelegheit til å føre det vidare, er jenter.

På grunn av dette er eg alltid blitt fortalt at viss namnet skal overleve, må eg velje å behalde det og helst få mannen til å ta etternamnet òg eller gi etternamnet til eventuelle barn. Ikkje som mellomnamn, men som siste etternamn.

Mai Lene Fløysvik Hæåk

«Hæ, er du seriøs?»

Eg har fortalt fleire om dette, og det er ikkje sjeldan eg får reaksjonar som:

«Godt eg ikkje skal gifte meg med deg» eller «Hæ, er du seriøs?»

Mange har gitt uttrykk for at det er rart, uvanleg eller rett og slett heilt urimeleg å krevje at eg skal behalde Hæåk som siste etternamn når eg ein gong forhåpentlegvis blir gift.

Andre har sagt: «Ja, det blir jo meir og meir vanleg at damene beheld sitt og berre legg på mannen sitt etternamn til slutt». Men så har dei blitt overraska når eg har sagt at eg ikkje kjem til å leggje på noko namn.

Kjønnsnøytral namnelov i 1980

I slutten av 2016 uttalte Julianne Nygård, betre kjent som Pilotfrue, til VGTV at det er kvinnene som bør føye seg og skifte etternamn når dei giftar seg.

Ho synest det er ei fin og romantisk «greie» som viser tilhøyrsle til mannen.

Vidare sa ho at det er tradisjon og at det trass i alt er mennene som frir (noko som er veldig nytt i norsk samanheng og absolutt ikkje sjølvsagt), og difor er det «riktig» å ta namnet til mannen uansett.

At det er så få menn som vel å skifte etternamn og så få kvinner som vel å behalde sitt eige, stadfestar at det er mange som tenkjer på same måte: Å ta mannen sitt etternamn er riktig.

Ifølgje Line Førre Grønstad, stipendiat ved Universitetet i Bergen, tar mange menn det for gitt at dei skal behalde etternamnet sitt heile livet, medan mange kvinner er opne for endring.

Sjølv mennene som er født etter 1980, då Noreg fekk ei kjønnsnøytral namnelov, ser ut til å forvente at dei skal ha same namn heile livet.

Etter mi meining er det ingen grunnar til ikkje å velje utradisjonelt viss ein vil det.

Skriv ikkje for å kritisere

Eg skriv ikkje dette for å kritisere dei som vel annleis enn meg. Det er heilt greitt å ta mannen sitt etternamn, så lenge ein ikkje tenkjer at det er noko ein må gjere fordi mannen krev det eller fordi det er vanleg.

Men på same måte må det vere heilt greitt at mannen tar kvinna sitt etternamn eller at begge vel å behalde sine.

Alt i alt er det jo ikkje slik lenger at mannen utan vidare er «overordna» i familien.

Då kvinner byrja å ta mannen sitt etternamn i Noreg på slutten av 1800-talet, var ein av grunnane at mannen var sjefen i familien. Dermed var det naturleg å ta etternamnet hans.

I 2018 er likestillinga i familielivet og i samfunnet komen såpass langt at det er på tide å gå bort frå at kvinna må skifte etternamn. Samfunnet må slutte å forvente at alle par gjer det som er «normalt», og menn må gå inn i seg sjølve og forstå at heller ikkje etternamnet deira er uforanderleg.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Si ;D

Si ;D

  1. SID

    Mamma har fått kreft. Men dette er ikke et trist innlegg

  2. SID

    I desember er vi omtenksomme. Så kommer det nye året, og vi blir selvsentrerte igjen

  3. SID

    Jeg har vært klimaaktivist i seks år, men aldri vært så provosert som nå

  4. SID

    I Brasil lærer jeg mer om feminisme enn jeg gjorde på skolebenken

  5. SID

    De nye klesreglene til SATS er ikke krenkende. Å trene i magetopp er ingen menneskerett.

  6. SID

    Slangebitt er en glemt helsekrise det må snakkes mer om