SiD

Eit nytt språk er ei god investering | Erik Hauge

  • Erik Hauge (17)
220 millionar menneske snakkar fransk. Er det ei ulempe å kunne kommunisere med desse på morsmålet deira? Erik Hauge (17) spør.

Si ;D-innlegg: Eg vil slå eit slag for framandspråkundervisninga i norsk skule.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Elevar i Noreg som tek studiespesialisering på vidaregåande skule, må velje å fordjupe seg i eit framandspråk allereie i ungdomsskulen. Det mest vanlige å velje er tysk, spansk eller fransk. Mange ungdommar uttrykkjer misnøye med dette. Deira viktigaste argument er at det er nok å kunne engelsk. Sjølv meiner eg at det å lære seg eit nytt språk er ei særs god investering.

Språk opnar dører

Er det nok å kunne engelsk? 500 millionar menneske i verda snakkar spansk, 220 millionar snakkar fransk og 95 millionar snakkar tysk. Mange av desse snakkar også heilt sikkert engelsk, men er det ei ulempe å kunne kommunisere med desse på morsmålet deira? Eg trur ikkje det.

Språk opnar dører på mange måtar. Når vi lærer eit språk, lærer vi ikkje berre grammatikk og uttalereglar. Vi lærer også om kultur, historie, skikkar og tradisjonar i andre land.

Det vil alltid vere ein styrke å kunne fleire språk.

Dette bidrar til at vi kjem i betre kontakt med andre menneske, og det aukar også forståinga vår av andre. Denne kunnskapen om andre land og kulturar lærer vi ikkje i engelsktimane.

Fleire språk vil alltid vere ein styrke

Verda i dag er mindre enn nokon gong. Media har bunde oss tettare saman, og vi er blitt meir mobile. Vi reiser meir. Ikkje berre på ferie, men også for å studere og arbeide i utlandet. Det seier seg sjølv at kunnskap om språk og andre kulturar då er viktig.

«Dersom du snakkar til ein mann på eit språk han forstår, når du hovudet hans. Snakkar du til ham på hans eige språk, når du hjertet.» Det er eit sitat frå Nelson Mandela,og eg trur han er inne på noko.

Ja, vi kan kommunisere med mange på engelsk, men det vil alltid vere ein styrke å kunne fleire språk.

Eg vil difor slå eit slag for auka satsing og styrking av framandspråkundervisninga i norsk skule.


Her kan du lese mer anbefalt stoff om språk:

Oppskrift på å gjøre språket helt flatt | Peter Emil PetersenKronikk: Sæd – bokstavelig talt | Helene UriHun bruker bingo for å lære elever norsk

Har du hørt Si ;D-podkasten?

Er videregående virkelig så ille, eller er dagens unge bare en gjeng med sutrepaver? Lederen i Sosialistisk Ungdom ønsker å innføre opptaksprøver og intervjuer, i stedet for bare karakterer når man søker høyere utdanning. Er det så lurt? De andre i panelet er skeptiske.

Hør episoden med ett klikk her:

Husk at du kan abonnere på podkasten vår i iTunes eller i din podkast-app! Da får du en episode inn på telefonen din hver uke - helt gratis!

Les mer om

  1. Språk
  2. Skole og utdanning
  3. Videregående skole
  4. Spania
  5. Frankrike
  6. Tyskland