SiD

Gentlemansidealet er utdatert. Dersom du identifiserer deg som mann, er du mann

Nokon er rysta over at gentlemansidealet kan vera på veg til å døy ut. Men det mannsidealet er uansett utdatert, skriv Vetle Mikkelsen.

Si;D-innlegg: Menn blir ikkje definert av å halda døra open, og kvinner er ikkje skjøre porselensfigurar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Fredag 11. desember publiserte Anders Moe (34) frå Oslo eit innlegg på Facebook, kor han oppmodar menn til å ta vare på gentlemanskulturen. Det vert konstatert at menn held på å «visne», å bli noko midt mellom mann og kvinne. Den ekte mannen er i ferd med å døy ut. Men kva er eigentleg ein «ekte mann?»

Ifølgje Moe vert ein ekte mann definert ut ifrå korleis han oppfører seg, særskilt mot kvinner. Han skal halde døra open, trekkje fram stolen for ei kvinne som skal setje seg, gi ho jakka si uoppmoda om det er kaldt ute, og alltid hente ho før eit stemnemøte – eventuelt spandere taxi om han ikkje har bil.

Som han skriv «Har du ikkje bil, hent henne i taxi. Har du ikkje pengar, skaff pengar før du byrjar å be ut jenter. Ingen likar ein gjerrig faen.» Det vert òg oppmoda til å betale alt, alltid.

  • Debatten om kjønnsroller engasjerer. Nedst i saka kan du lese eit par innlegg vi tilrår om temaet.
VetleMikkelsen_doc6nkq1wngj6ur5dzg19g.jpg

Ein ny mannsdefinisjonEg har nok ein litt annan definisjon av kva ein ekte mann er. Eg meiner at dersom du identifiserer deg som mann, er du mann. Enkelt og greitt. Det er ikkje ein særskilt måte å oppføre seg som bestemmer om du er mann, kvinne eller eit anna kjønn. Det burde òg nemnast at det ikkje er alle menn som er særleg interesserte i å ta kvinner ut på stemnemøter.

Det er òg problematisk korleis kvinner vert framstilt i teksten: Som noko skjørt, noko som må takast ekstra godt vare på, noko som ikkje klarer seg på eiga hand. Vi lever i det 21. hundreår. Dei aller fleste kvinner klarar å kome seg til eit stemnemøte på eiga hand. Dei fleste kvinner toler å betale for sitt eige måltid. Dei er ikkje skjøre porselensfigurar som trengjer å bli ekstra godt varetatt, men sjølvstendige individ som kan ta vare på seg sjølv.

Det vert kalla høflegheit

Eg er likevel einig i mykje av det Moe skriv. Han skriv mellom anna om å vere positiv og hjelpsam, å smile til framande, å seie orsak om du dultar borti nokon, og å sleppe folk fram i køen. Eller høflegheit, som det òg vert kalla.

Moe skriv òg at ein ikkje skal utnytte kvinner som er for fulle, men heller prøve å få dei trygt heim. Eg kunne ikkje vore meir einig i det. Eg er derimot ikkje einig med at dette har noko med å vere ein ekte mann å gjere. Det har med å ikkje vere ein dritsekk å gjere.

Så, kort sagt: Viss du vil spandere middag på nokon: Gjer det, men respekter det om dei ikkje vil bli spandert på. Om nokon er sørpe dritings: Prøv gjerne å få vedkomande trygt heim – det kan stå om liv og død. I tillegg må du gjerne opne dører for folk, smile til framande, og seie orsak for at du dultar borti folk. Men gjer det fordi du vil gjere ei god gjerning, ikkje fordi du vil halde oppe eit utdatert mannsideal.

Helsing ein som har visna bort, og tydeleg ikkje er ein ekte mann.


Her har du tre anbefalte innlegg om kjønnsroller:

Elise (19) har tidligere skrevet om gentleman-problemet: J

Les også

eg syns bare det blir for dumt at jenter skal bli behandlet på en viss måte bare fordi vi er jenter.

Årets mest omtalte 17. mai-tale tok et oppgjør med fordommer og kjønnsroller:

Les også

«Jeg heter Jakob. Jeg er feminist. Jeg er ateist. Og jeg er homofil.»

Slutt å ha forskjellige forventninger til gutter og jenter:

Les også

Jeg passer ikke inn i den «riktige» kjønnsrollen

Følg Aftenposten Si;D påFacebook, Twitter og Snapchat (aft.sid)

Ved sida av eit utdatert mannsideal blir kvinna framstilt som noko skjørt, skriv Vetle Mikkelsen. – Vi lever i det 21. hundreår. Dei aller fleste kvinner klarar å kome seg til eit stemnemøte på eiga hand.

Vetle Mikkelsen (19)

Les mer om

  1. Kjønnsroller