SiD

Skulevalet er udemokratisk

  • Steffen Savland (20)
    Steffen Savland (20)
    Medlem, De Kristnes Ungdom
AUF-leder Astrid Hoem og partileder Jonas Gahr Støre feirer at Arbeiderpartiet ble størst i årets skolevalg. Debattanten mener det er feil at de minste ungdomspartiene ikke fikk delta i debattene.

Kvifor slepp ikkje dei minste partia til?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Før stortingsvalet 2021 blei det halde skuleval i heile Noregs land. Dette for å ta tempen på korleis den neste generasjonen ville ha brukt sin røysterett.

Skulevalet er ei super ordning for å introdusere unge til politikk og demokrati. Likevel har skulevalet eit demokratisk problem som ikkje tar seg godt ut for eit land som ligg på toppen av demokrati-indeksen.

Anbefaler ni parti

Utdanningsdirektoratet (Udir) har, etter samtalar med Elevorganisasjonen, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og ungdomspartia til partia som er representerte på Stortinget, utarbeidd anbefalingar for gjennomføring av skuledebattane. Desse legg grunnlaget for ein udemokratisk kontroll av skuledebattane og valtorga på dei vidaregåande skulane.

Det blir anbefalt maks ni deltakarar i debatten, at parti som stiller i debatten, skal ha fått minst éin prosent oppslutnad ved førre stortingsval, og at dei ni største partia i oppslutning inviterast når det er meir enn ni parti med éin prosent oppslutnad. Det er enkelt og greitt ein annan måte å seie: «Berre inviter dei etablerte partia».

Litt av ein tilfeldigheit at det er akkurat ni parti, kvart med sitt ungdomsparti, representert på Stortinget...

Ikkje noko nytt

Udir sine anbefalingar gir legitimitet til udemokratiske haldningar i fylkeskommunen og på vidaregåande skular.

Samstundes understrekar Udirs anbefalingar at det frie ordet skal vere oppretthalde i skuledebattane. Dette er vanskeleg å tru sidan dei i same dokument anbefalar å stenge ute mindre ungdomsparti.

Difor vil eg ta skulevalresultatet med fleire klyper salt.

At eit ungdomsparti blir behandla betre enn eit anna, er diskriminering. Dette er heller ikkje noko nytt eller unikt, sidan dette er noko ein også ser blant moderpartia. I debattane på NRK og andre store mediehus er det nesten alltid «VIP-partia» som får sleppe inn.

Fleire klyper salt

Udir og organisasjonane har med sine anbefalingar gjort meir vondt enn godt for demokratiet blant born og unge.

Difor vil eg ta skulevalresultatet med fleire klyper salt. Med dei udemokratiske anbefalingane som skular og fylkeskommunar har fått om skuledebatt og valtorg, er ikkje dette skulevalet elevane sitt. Det er dei store ungdomspartia, Elevorganisasjonen, LNU og Udir sitt.

Difor er det ikkje rart at eg seier at skulevalet er rigga og udemokratisk.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les også

  1. Rødgrønt flertall i skolevalget

  2. Frp-sjokk i skolevalget: – Dette er helt vilt!

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!

Les mer om

  1. Politikk
  2. Ungdom
  3. Skole og utdanning